tysdag 29. april 2008

hylle og maleri

Ei ny hylle er kommen i hus.. Kvit med slitt preg i kantane, akkurat slik eg likar det :o)
oppå har eg berre sett litt tilfeldige ting i dag for å vise hylla. Det som er så kjekt med slike hyller er jo at ein kan bytte ut pynten etter kvart som ein vert lei og, hylla vert på ein måte som ny med ny pynt på ;o)

hylla frå ein anna vinkel..

Ellers har eg fått dette nydelege bildet av den snille pappen min :o) det er søster mi som
har mala det.. kanskje du hugsar eit tidlegare innlegg der eg skreiv og viste bilde av eit maleri som stod øverst på ønskelista mi?? No har ho mala eit til meg i samme stil og eg er sååå kjempeglad for det!!!
Det må nesten sjåast for å få med alle detaljar..ru, glatt overflate osv..

Fin tirsdagskveld til deg som kikkar innom :o)

søndag 27. april 2008

Vårsysler på ein søndag

I dag har vi vore ute i maaange timar og kosa oss. Vi ar rusla på tur langs sjøen, hoppa på trampoline, jobba litt i hagen osv..Her har snuppo har fått hjelp av mammo til å lage seg ein krans av løvetann. Søt ikkje sant??

Seljefløyter i fleng laga vi og...ikkje like lett å få lyd i alle, men klarte nå å få til noko som likna lyd til slutt ;o)
Nydelege kvitveisar som strekkjer seg mot vårsola..


Nok ein nydeleg vårdag her på vestlandet!!!

fredag 25. april 2008

Rhododendron


Eg tok inn nokre greiner med rhododendron for nokre dagar sidan og nå byrjar knoppane å opna seg.. Denne sorten er lys rosa når den står i knopp, men når den blømer ser blomane nesten kvite ut.
fleire knoppar..

blømande rhododendron..vakker ikkje sant?

vil samtidig ynskje deg som er innom ei flott helg :o)

onsdag 23. april 2008

ein smak av sommar ;o)

mmm..store raude jordbær frå Portugal... langt ifrå så søte og velsmakande som dei norske, men kva gjer vel det når ein lengtar etter sommar, sol og store mengder jordbær :o)

Har gått forbi desse jordbæra i butikken i 2 dagar, men i dag klarte eg altså ikkje motstå lenger..
ei korg var akkurat nok til ein liten smaksprøve for oss tre i familien.
Nå blir det ikkje fleire jordbær med heim før dei norske er modne...nammm..gler meg!

søndag 20. april 2008

morelltreblomsten..

..er utruleg nydeleg :o) Var ute på tur i dag og då plukka eg med meg nokre greiner inn som nå står i vasen på kjøkkenbordet mitt.

Tok eit bilde av greina med blomar på i sollyset før eg gjekk inn..trykk på bildet så ser du kor vakker den er :o)

Ellers har eg så smått begynt å plante litt ut i potter og krukker. I forrige veke var det frost om nettene, men nå satsar eg på at det er over..er så varmt og fint om dagane nå! I dag åt vi faktisk middagen ute på terassen - herlig nå når våren er her :o)

Ellers er det snart klart for ei ny arbeidsveke..ynskjer deg som er innom ei fin, fin vårveke!!

fredag 18. april 2008

glasflasker

Eg fann desse søte glasflaskene hos ein lokal blomsterbutikk til berre 25 kr stykk!! Har tenkt å bruke dei som vasar.
Eg såg nokre liknande i dåp hos den gode feen og ho hadde pynta dei med ulike perler i nydelege rosafargar.

Eg har pynta den eine med perlene du ser på bildet..

..over den andre har eg tredd eit charmsarmbånd eg har laga.
ellers har eg lurt på om eg skal prøve å lage nokre ringar liknande serviettringane i forrige innlegg. Kanskje det hadde vore fint å tre over??

Her nyt vi nydelege dagar for tida med herleg sol frå skyfri himmel!!! Ganske varmt er det og :o) så nå er våren her for fullt!

Ynskjer deg som er innom ei knallfin helg!!!!!!

tysdag 15. april 2008

serviettringar

Eg har laga meg eit par serviettringar av wire og ulike størrelsar og typar perler.

Har lenge tenkt å lage serviettringar som passar til kongleserviset mitt (per spook).
Det er kvitt med innslag av brunt og grønt, så derfor har eg brukt perler i desse fargane. Blir nok til at eg lagar fleire av den som viser på bildet over.

Eg måtte prøve å lage ein rosa og, for den fargen blir eg visst aldri for vaksen til å lika ;o) Og serviettringen blei søt den, men kanskje litt for søt til å dekka bordet med..?.. vi får sjå..kanskje blir det fleire av den og..

laurdag 12. april 2008

Kvitveis (- anemone nemorosa)

I dag har vi hatt oss ein liten rusletur i skogen der vi veit at det alltid er mykje kvitveis om våren. Vi vart ikje skuffa i dag heller, og fekk med oss heim ein stor bukett :o)

Store deler av skogflata er dekka med nydelege kvitveis..
MEN..Dersom du plukkar kviveis må du huske på at blomstersafta er svært giftig og kan gje utslett og opne sår. Bruk derfor hanskar eller vask hendene godt med ein gong du er ferdig å plukka.
Vatnet som blomane står i vert og VELDIG giftig, så pass på at ungar og kjæledyr ikkje tar seg ein slurk av vatnet!!

Nå står blomane i ei søt mugge og pyntar opp kjøkkenbordet :o)

God helg frå meg til deg som er innom!!

onsdag 9. april 2008

litt av kvart på ein onsdag :o)

Det går ganske trått på håndarbeidsfronten..her får du ein liten snikkikk..Eg held på med eit digert prosjekt som eg føler eg aldri vert ferdig med! Mykje einsfarga strikking gjer det litt kjedeleg så det er nok derfor det føles så digert ;o)
For ein gongs skuld strikkar eg noko til meg sjølv..forhåpentlegvis har eg snart ei ny jakke!!

Det er så herleg å kunne plukke blomar frå eigen hage med inn nå om våren! Her er ein liten bukett med engkarse, russeblåstjerne og ein tofarga, rosa og blå, blom som eg ikkje huskar navnet på..er det ei slags potetplante, mon tru?? Ida veit det nok sikkert og kjem med navnet neste gong ho er innom ;o) Ho er ein reser på alt som har med hage og blomar å gjere..
Ellers likar eg truleg godt den vesle vasen i fattigmannssølv. Den kjøpte eg på kremmerhuset i Stavanger for kun 29 kr!


Ha ein fiiin vårdag, mine venner!!!

måndag 7. april 2008

Gave frå min hemmelege venn!

Eg fekk gåva frå min hemmelege venn før helga, men har ikkje surra meg til å lage eit innlegg om det før nå ...
Slik var gavene pakka inn, i søt småblomstrete papirtapet :o)

Inni papiret fann eg desse fine tinga; eit nøste herleg alpakka, flotte serviettar, blomsterfrø og..

..dette flotte kvite lyset og lysholdaren som den står på!!

Tusen takk for den flotte gåva, min hemmelege venn :o)

søndag 6. april 2008

vår!

I dag er det strålande fint og forholdsvis varmt ver her hos oss, så i ettermiddag har eg hatt meg ein liten rusletur rundt i hagen for å kikka etter om nokon av blomane mine er begynt å bløma..

Ruteliljene blømer for fullt nå! flott mønster på desse blomane :o)

Påskeliljene blømer framleis fint..

Desse små blå, som eg ikkje veit namnet på...nokon som veit?

Det er herleg å vera pus og rulla seg i graset når sola varmar..

...sjølv om enkelte likevel føretrekkjer godstolen ;o)

Ynskjer deg som er innom ei fin kommande veke!

laurdag 5. april 2008

Hipp hurra!!!

I dag fyller verdens beste jente 10 år.. Dagen starta kl 07.15..eg våkna av at snuppo stod ved sida av meg og fniste :o) venta på at eg skulle fyka opp og synga gratulerer med dagen..og det gjorde eg sjølvsagt...Etterpå var det pakkeopning i senga! Nå er kakene pynta og me ventar på besøk..
Snuppa klar med det ferdigpynta bordet!
Nå blir det fest resten av dagen her :o)

torsdag 3. april 2008

Skal det vera ein kaffikopp?

Meir frå Sia her hos meg i dag.. Fallt fullstendig for desse søte kaffiservisa!
Nydeleg kvitt, og sjekk den skjønne kanten på tefatet..

Søtt rosa for oss som aldri blir lei av den fargen ;o)

Den desiderte favoritten min er dette sølvfarga settet. Nydeleg fasong på sjølve koppen og sjekk det søte mønsteret øverst på koppen og tefatet.. ønsker meg sånn!!!!!!!!!

onsdag 2. april 2008

blomar

Kunstige blomar er ikkje noko eg har vore særleg glad i, for kven hugsar vel ikkje grelle silkeblomar frå 80-tallet...alle var lysrosa, lysblå osv og blomane likna ikkje på nokon av dei ein finn ute i naturen??
Dette har betra seg med åra og Sia har faktisk ein del som det går an å ha ei grein av her og der.. og kan faktisk vere greie for dei som ikkje har grøne fingrar ;o) Sjå og døm sjølv...
Desse har eg iallefall i mitt hus..