onsdag 2. juni 2010

teppet til dokka..

..er ferdig og teke i bruk :) Eg har strikka det etter mønster på babyteppet frå nøstebarn, men mykje mindre slik at det passar til dokka, og er mykje lettare for dei små barnehendene å få med seg.

eg strikka ein liten bølgekant rundt teppet og pynta til slutt med eit lita blondesløyfe som eg sydde små rosettar på. Ganske så yndig og søtt, akkurat slik veslesnuppa likar det :)

Garnet eg har brukt er mini duett frå sandnes garn, som er ei blanding av bomull og merinoull. mjukt og godt for små barnehender som skal leike og dulle med dokkene sine.

Dokka ser ut som ho er nøgd med teppet ho og!

Snuppa i full fres over bakkane med vogna...og pusen sit i bakgrunnen og berre ventar på eit augeblikk der ho kan lure seg oppi vogna og nyyte det mjuke teppet :D

onsdag 26. mai 2010

dress og hue til babydokka

For 2-åringen i heimen er det er veldig stas å leike med dokker for tida :)
Eg kjøpte boka "babystrikk til dukken" av Målfrid Gausel for ei stund tilbake, og det er der eg har funne mønsteret til dressen og hua som dokka har på seg.

Oooosa er, ikkje overraskande, ein av fargane som vesla føretrekkjer på det meste og dermed fekk dokka ny rosa dress og hue.

glattstrikk, perlestrikk og søte små påsydde roser er ein fin kombinasjon, syns eg :)
Rosene var ikkje med på mønsteret, men eg likar å gjere litt ekstra ut av pyntinga..

Det er utruleg mange flotte mønster i boka eg nevnde ovanfor..Noko har eg strikka tidlegare og meir vert det heilt sikkert ;)

No er det eit herleg mjukt teppe til dokka som er på pinnane!

fin onsdagskveld til deg som kikkar innom!!

tysdag 11. mai 2010

eit hespe merinoull frå nøstebarn..

..i ein alldeles nydeleg lillafarge har lenge lege i strikkekorga mi i. Garnet er så herleg at eg har liksom hatt lyst å spara det til noko heilt spesielt. Hadde planar om ein vest til meg sjølv, men det vart ikkje noko av..
Fann ut at eit godt og lunt sjal måtte vera supert å laga av garnet, og i løpet av eit par kveldar vart sjalet på bildet til :)

Sjalet er trekanta, i rillestrikk med ein liten picotkant. I enden av sjalet har eg sydd på ein liten heklapynt.
Her på vestlandet er det så kaldt om dagane at sjalet er teke i bruk med det samme.
Fargen på det nederste bildet er den som er mest rett..

Fin tirsdagskveld til deg!

onsdag 5. mai 2010

sukkersøt vest

Strikkepinnane surrar og går støtt her, og den siste veka er det denne vesten som har blitt til. Ingen mønster denne gongen heller. Veldig grett, for då er det ingen som har lik ;) og så er det spennande å teikna plagget for så å sjå om ein klarer å få det til slik ein ser det for seg på førehand. Denne er strikka i str M og skal vera til meg sjølv og Maren.
kanskje litt vel sukkersøt i fargane, men det likar me!

Små detaljar frå vesten. Picotkant, påsydd lomme, striper og påsydd hjerte..

Denne passar nok like fint til skjørt som til ei vanleg dongeribukse..

Ynskjer deg som kikkar innom ein superfin vårdag!!

torsdag 29. april 2010

Grove pannekaker

Pannekaker er ein sikker vinnar på middagsbordet i heimen. Eg lagar røra av mest grovt mjøl, havregryn og skumma melk, og dermed er det eit sunnare alternativ enn dei "vanlege" pannekakene som er laga av kveitemjøl.

I tillegg brukar eg "go og mager bacon" frå Gilde som inneheld minimalt med fett. Baconet steiker eg i rapsolje.


Oppskrifta på grove pannekaker får du her:

1 dl kveitemjøl
1,5 dl grovbakst
1 dl havregryn (lettkokte)
5 dl lettmelk
4 egg
1/2 ts salt
2 ss smelta smør

Bland saman og la røra svelle i 15 minutt.



Grove pannekaker, med bacon, blåbærsyltetøy og potet :)

tysdag 27. april 2010

galleritøfler..

Ein heil drøss med lommetøfler i ulike fargar og storleikar er strikka dei siste vekene, og skal straks avgårde til Stavanger der dei kan kjøpast i galleriet til søster mi

skal det vera ein kvit tøffel med blå og rosa blom?

..eller kanskje ein raud med svart og raud blom?

Eg har og prøvd meg på å minske ned mønsteret, så denne søte rosa tøffelen passar til ei nyfødd prinsesse..

fin tirsdagskveld til deg som kikkar innom :)

søndag 25. april 2010

eit sunnare alternativ...


Hamburger er eit populært middagsvalg, spesielt til fredagskos, både hos store og små her i heimen. Når ein lagar både karbonadekakene og karbonadebrøda sjølv blir det eit mykje sunnare alternativ enn "kjøpehamburgeren".
Eg deler gjerne mi oppskrift med deg:


Karbonadekaker
2 pk karbonadedeig (ca 800 gram)
2 egg
2 ts salt
1/2 finhakka løk
1 fedd kvitløk
4 ss potetmjøl
ca 2 dl vatn
pepper
aromatkrydder

bland karbonadedeig, egg,salt, løk,kvitløk,potetmjøl og spe med vatn til deigen er passe smidig. Lag passe store boller av deigen og trykk dei flate ved å hakke kniven forsiktig fram og tilbake (sjå bildet over). strø så over ønska mengde pepper og aromat på kakene og steik på sterk varme.

Karbonadebrød

Her har eg gjort det enkelt.Eg kjøpte ein pakke med ferdig mjølblanding (firkornsbrød) som eg laga brøda av. Grove, mettande og knallgode!


Ferdig hamburger med salat, tomat og agurk..MMmmmm knallgodt :)

fredag 23. april 2010

Sommarkjole

Ein skjønn liten sommarkjole i mandarin petit har vore på pinnane den siste tida.
Ein nær slektning m. fam. skal i desse dagar adoptere ei herleg lita jente på eitt par år, og kjolen er ei velkomstgåve frå oss.
Eg har ikkje mønster på kjolen. Den har blitt til undervegs når eg strikka.

Strukturen i skjørtet er 9 rette masker og 1 vrang maske.
Eit hekla hjerte er sydd på nede på skjørtet og til slutt hekla eg ein picotkant rundt kanten.

Eit hjerte er sydd på på brystet, og ei tvinna snor går gjennom holrada mellom skjørtet og livet på kjolen.
Det er dei små detaljane som gjer kjolen spesiell og søt, syns eg :)

Nå håpar vi på varme herlege sommardagar slik at kjolen kan bli mykje brukt!

Ynskjer deg som kikkar innom her
ei strålande flott helg!!!!!

onsdag 21. april 2010

home sweet home

Dette skjønne hjertet fekk eg i gåve frå mi kjære søster for ei stund tilbake. Eg har hengt det opp i vindfanget..

..der det heng saman med dei 3 små sinkhjertene mine :)

Viss eg ikkje hugsar heilt feil er alle hjerta kjøpt hjå sæbøvik gaver og leker som er ein super butikk!

Ynskjer deg ein knallfin onsdagskveld :)

måndag 19. april 2010

Magre scones

Det blei ein lang bloggpause dette, men det har jammen vore godt og ;)
Eg gjekk rett og slett litt lei heile blogginga, men satsar på å vera tilbake med ny giv framover!

I dag har vi baka litt igjen. Denne gongen vart det magre scones, som er ypperleg som nistemat til barnehage og skule, dersom ein skal ut på tur eller attåt supper.
Eg deler oppskrifta med deg her:

Magre scones:

4 dl sammalt kveite, fin
4 dl kveitemjøl
1 ts salt
3 ts bakepulver
1 beger cottage cheese
2 dl skumma mjølk


Slik gjer du:

bland det tørre.
Tilsett cottage cheese (smeltar ved steiking og gjer sconsen saftig) og melk.
Rør deigen jevn og fin og del i 4 like store deler.
Lag flate runde kaker, ca 15 cm i diameter og legg på steikeplata.
Skjer eit gryss i kvar kake før du steiker dei.

Steik på 250 grader i ca 10 minutt

Nysteikte scones klare til å nytast..mmmmm!

tysdag 5. januar 2010

babyteppe..

til ein liten baby som er venta om nokre veker, har vore på pinnane i jula. Det er strikka etter oppskrift frå askeladden, men eg har strikka det i babyull. mjukt varmt og godt :)
Rundt kanten har eg hekla ein søt picotkant.

I eine hjørnet har eg sydd på ein hekla blom, saman med eit *baby*sløyfebånd :)

Nå er teppet vaska, dampa og ligg samanbretta og klart til den vesle..
Håpar gåva fell i smak!

måndag 7. desember 2009

krokhassel..

..er ganske dekorativt i seg sjølv, syns eg :)
Eg plar ha nokre greiner i ein vase eller ei krukke som me pyntar med diverse pynt til dei ulike høgtidene, og også årstidene.
Greinene held seg like fine når dei er tørka, og kan godt pakkast vekk med julepynten om ein berre ynskjer å ha dei framme i korte periodar..

No i adventstida har greinene fått på seg nokre små kvite julekuler som pynt, og når eg kikkar meg rundt så går mykje av adventspynten her i kvitt og sølv, med små innslag av lilla.. MEN når jula kjem dukkar også nissane og det raude fram her hos meg. Det høyrer liksom jula til, uansett trendar i interiøret...

ser du ekstra godt etter er kulene flate under...dei kan nemleg også brukast som bordkort :)
Kjøpt på europris for kun nokre få kroner.

Fin mandag til deg som kikkar innom :))

fredag 4. desember 2009

Vinterpynt

Ein liten vinterdekorasjon vart til her ein dag når eg putla litt på med hobbysakene mine.
Vanlegvis plar eg pynte eit hjerte eller ein krans til å ha på døra rundt juletider, men i år fann eg ut at eg ville lage ein dekorasjon som ikkje er spesielt julete, men meir vinterpynt slik at den kan hengje oppe litt lenger ;)
Eg kjøpte ei metallstjerne og diverse pynt hos sæbøvik gåver og leiker som eg pynta med nokre tuhjagreiner og nokre greiner av ein krokhassel. Ein del pynt fann eg og hos buketten då den hadde nyopning..

små kuler av metalltråd..

eit stoffhjerte, små kongler og eit lite metallhjerte..

Ein liten sølvfugl med nydeleg kvit stjert har fått plass på stjerna..

Nydeleg pynt frå Lisbeth Dahl..

Stjerna kan pyntast etter årstidene om ein har lyst.. kanskje kjem det eit nytt innlegg med den til våren??

Ynskjer deg som kikkar innom ei herleg helg!!

onsdag 2. desember 2009

Adventsdekorasjonen..

..i år ser slik ut hos oss :)i haust var store og små i familien ute og plukka inn kastanjenøtter, hasselnøtter, små kongler og nokre greiner frå ein krokhassel eller trollhassel om du vil. Desse har lege til tørk i eit par månader og på søndag vart dei teke i bruk når vi skulle lage til adventssdekorasjonen med 4 lys. Litt "fersk" mose vart pluka inn til å ha i bunnen på sinkfatet.


Maren var så flink, og stod for mesteparten av danderinga :) ein liten sølvfugl og sinkhjerter med tal på har og fått plass på fatet. Ein del små sølvkuler er og dryssa over mose og pynt, men dette er ikkje så godt å sjå på bildene..
I år valgte vi å ha kvite kubbelys sjølv om det er advent..ein lilla duk under får vera symbolet på sjølve adventstida :)

Ynskjer deg som er innom ei fin og roleg adventstid!

tysdag 1. desember 2009

kalender og adventsstemning

Kalenderpakkane er på plass, og forventningane var store i dag tidleg når 1. pakke skulle opnast :)
Maren har hatt denne kalenderen sidan ho var 2 år. Farmora hennar har brodert den og dermed er det ekstra stas å hengje den opp kvar desember.

Maren er ei kreativ og fingernem jente og i går kom ho heim med denne flotte kalenderelgen til veslesøstera. Den har ho snekra, saga og mala på i sløydtimane i fleire veker. og det var stas å sjå forventningane i ansiktet hennar når ho kom heim frå skulen i går...

Klart me syns ho er flink!! sjå berre på denne sjarmerande karen som heng i stova vår nå :)


Ellers er heimen så smått blitt pynta til advent..stjerna er på plass. Ei papirstjerne med holmønster (som ikkje er så lett å sjå på dette bildet), som eg har kjøpt på baronessa på Husnes.

adventsstaken min kjem i neste innlegg :)

fredag 27. november 2009

klin kokos!

Er navnet på dagens oppskrift, og er ein av kakene eg hugsar frå min eigen barndom :) Særleg mormor og tante Kjersti var nokre reserar på denne kaka.. Den er ein sikker favoritt blant store og små her i heimen.
Kaka krev ingen steiking, med derimot lang vispetid.
Her får du oppskrifta hos meg i dag:

Klin kokos

2 dl vatn
1/2 kg sukker
8 plater gelantin
1/2 dl kokande vatn
250 gr kokosmasse (legg til side ca 2 ss av kokosen til å ha på toppen av kaka)
100 gr lys kokesjokolade
40 gr delfiafett

bløyt gelantinen i kaldt vatn.
visp 2 dl vatn og sukker i ca 10 min
legg den bløytte gelantinen oppi kokande vatn (1/2 dl) og visp kraftig til alt er oppløyst.
tøm det så oppi sukkeret og vatnet og visp i ytterliggare 1 time..
ha så oppi kokosmassen og bland saman.
Hell røra oppi ei kakeform (ca 24 cm) og sett den i kjøleskapet. når massen har stivna heller du smelta sjokolade på toppen og drysser litt kokos på toppen. set kaka inn i kjøleskapet igjen til sjokoladen har stivna.
kaka er så klar til servering :)


Nammm...eit stykke knallgod kokoskake!!!

ynskjer deg ei herleg 1.adventshelg :) gler meg til å finne fram pynt nå og lage adventsstemning i heimen!!

tysdag 24. november 2009

ReDoir

Mi kjære søster har kjoleutstilling i galleriet sitt denne månaden og då eg var i Stavanger forrige helg, fall eg fullstendig for denne kjolen :)

og jaggu vart den med meg heim..
Kjolen er sydd av Hege Karlsen. Alt ho syr er redesign :) Kjolane må berre opplevast!

Detaljar frå kjolen..frottehjerte, utsnitt av eit kart og tyll.. ReDoir..

detaljar frå livet på kjolen..

Stikk innom galleri HIJ om du er i Stavanger! Eit utruleg koseleg galleri (heilt objektivt sett, sjølvsagt ;) ) med flotte maleri og denne månaden også kjolar. Søster mi har også ein del kjolar i utstillinga, som ho har mala på. Du finn garantert kjolar du ikkje har sett maken til før og har du ein slik på, på julebordet er du garantert åleine om å ha akkurat den kjolen ;)

Ellers har eg hatt store problem med å legge inn nye innlegg i over ei veke nå...argh..!
Håpar problemet er over for denne gong og innlegga kan komma litt tettare ;)

Ynskjer deg ein knakande flott tysdag!!