
Tidlegare i vår kjøpte eg eit sinkhjerte hos Annas rom som eg har hatt planar for, men ikkje gjort noko med..før nå :o)
Fann ut at eg kunne pynta det med blomar frå hagen og litt sløyfebånd.. Denne pynten vil ikkje vera særleg haldbar i og med at blomane ikkje får vatn, men kan vera fint å pynta med på bordet, terassen osv dersom du skal ha besøk ein kveld :o)

Eg brukte små greiner av fagerbusk og små kvistar av dei nellikliknande blomane frå forrige innlegg..(som eg ikkje veit navnet på??) og surra desse fast med eit lyseblått silkebånd med små kvite prikkar på.

Hjertet har fått hengje litt rundtomkring i huset i dag, f.eks her på sløyferemsa på gjesterommet..
Den vesle rosa kjolen er ein eg og søster mi brukte då vi var små. Istadenfor å gøyme den inni eit skap, får den altså hengje her til pynt!

..også her på viduspynten min i stova har hjertet fått hengja, og det er nok der det vil bli hengjande framover :o)
Fin torsdag og knakande flott helg til deg!!!!