Eg er nett innom ein kjapp tur på lånt datamaskin for å sei at maskinen min har kræsja...argh..!!! Så irriterande og frustrerande :o(
Det kan derfor ta litt tid før eg er tilbake her med nye innlegg..
måndag 29. oktober 2007
torsdag 25. oktober 2007
vottar
Mønsteret heiter Monicas votter og er henta frå ei bok som eg ikkje hugsar navnet på nett no..
Ellers held eg på med ein del "hemmelighetar" som ikkje kan visast på bloggen før etter jul ;o)
God helg til deg!!
måndag 22. oktober 2007
Kjolen er ferdig :o)
fredag 19. oktober 2007
Eg har fått pakke!!
Ynskjer samtidig deg som er innom ei superduper helg!!
tysdag 16. oktober 2007
Nostalgi
Her er eit par motiv, eg har knipsa bilder av, med litt nostalgisk preg over seg..
søndag 14. oktober 2007
Haustfargar..
laurdag 13. oktober 2007
Nytt prosjekt på pinnane
Eg strikkar nok jakka som høyrer til kjolen etterpå, for den er så søt passar så godt til kjolen.
Nå skal helga nytast! Ynskjer deg som er innom ei superfin helg ;o)
søndag 7. oktober 2007
Lommetøfler
Av handarbeid eg har halde på med dei siste kveldane er det desse lommetøflene eg har strikka og dekorert. Syns dei blei søte med ein hekla blomst og ein knapp oppå den igjen.
Då må dåke alle ha ei flott kommande veke :o)
torsdag 4. oktober 2007
Så var det snart helg igjen :o)
Den nydelege buketten på bildet ovanfor kom sambuaren min heim med forrige laurdag etter å ha spela 250 fotballkampar for det lokale A-laget her og den gav han vidare til meg :o) Syns det var så fint med lyng, pyntekål, store nellikar, roser og grønt ilag! Etter 1 veke står den framleis like vakker i stova vår :o)
Då vil eg ynskje deg ei fin helg!!
måndag 1. oktober 2007
sofakroken vår..
Eg har lenge ønska meg ein kvit sofa, men venta med det pga barn og kattar i huset. Nå har eg overteke søster mi sin sofa for å sjå korleis det fungerer meg kvit sofa her hos oss ;o) Den er 4 år gamal og kjøpt hos http://bolia.com.
Bildet på veggen har søster mi malt og det er eg så utruleg fornøyd med :o) Gå gjerne inn på sidene hennar http://hij.no for å sjå fleire av dei flotte bildene ho malar!
Abonner på:
Innlegg (Atom)