Det blei ein lang bloggpause dette, men det har jammen vore godt og ;)
Eg gjekk rett og slett litt lei heile blogginga, men satsar på å vera tilbake med ny giv framover!
I dag har vi baka litt igjen. Denne gongen vart det
magre scones, som er ypperleg som nistemat til barnehage og skule, dersom ein skal ut på tur eller attåt supper.
Eg deler oppskrifta med deg her:
Magre scones:
4 dl sammalt kveite, fin
4 dl kveitemjøl
1 ts salt
3 ts bakepulver
1 beger cottage cheese
2 dl skumma mjølk

Slik gjer du:
bland det tørre.
Tilsett cottage cheese (smeltar ved steiking og gjer sconsen saftig) og melk.
Rør deigen jevn og fin og del i 4 like store deler.
Lag flate runde kaker, ca 15 cm i diameter og legg på steikeplata.
Skjer eit gryss i kvar kake før du steiker dei.
Steik på 250 grader i ca 10 minutt

Nysteikte scones klare til å nytast..mmmmm!