måndag 29. september 2008

konkurranse og blomsterpinne

Nydeleg blomsterpinne frå Lisbeth Dahl i metall og ulike perler. Nydeleg som pynt her hos meg.


Stanga er så lang at eg har den liggjande på eit lite bord. Kan klippe av stanga dersom eg vil ha den i ein dekorasjon eller oppi ei blomepotte saman med ein fin blom.

Så over til konkurransen! Dette er mitt innlegg nr 200 på denne bloggen og i samband med det vil eg ha ein liten konkurranse her. Alle som skriv ein kommentar på dette innlegget innan førstkommande onsdag kl 18.00 er med i trekkninga av ei lita gåve frå meg..eg kan røpa at den inneheld noko heimelaga og noko frå yndlingsinteriørbutikken min på Husnes, nemleg baronessa!

søndag 28. september 2008

haustpynt

No var det på tide å ta bort sommarblomar og setje fram litt haustpynt. Naturen er utruleg vakkert nett no med alle dei nydelege fargane..

Ein stor bukett med haustblad i ulike fargar, rognebær og oktoberroser står til pynt i ei gammal kermikkpotte.

Det store brune keramikkfatet, som i sommar var fyllt med skjell, har nå fått kastanjenøtter, nyper og nokre greiner og blad til pynt..

Dette kubbelyset har eg pynta med haustblad, ei nype og litt hamphyssing. Inspirasjonene til dette er henta frå det siste vakre hjem og interiør, viss du syns at du hadde sett noko liknande før ;o)

Nyt resten av søndagen og ha ei flott kommande veka!!

fredag 26. september 2008

stemningsbilder på ein fredag ;o)

Roen har senka seg i heimen. Me har tent mange stearinlys og har akkurat sunke ned i sofan for å kose oss med skal vi danse, senkveld og dei andre typiske fredagsprogramma..

Strikketøyet ligg ikkje langt vekke og nå er det faktisk ein julepresang som er på pinnane.. kan ikkje røpa meir, for mottakaren er innom her rett som det er, veit eg..

Håpar du har komme i god helgestemning etter desse bildene frå heimen min..

Og snille mannen i heimen kom med desse nydelege liljene i dag! kjempekjekt å få ein slik overraskelse på ein fredag :o)

Då vil eg til slutt ynskje deg som er innom ei knallfin hausthelg!!!

onsdag 24. september 2008

fattigmannssølv..

..er utruleg fint og dekorerande, syns eg!! I går var eg innom interiørbutikken Baronessa og der fann eg denne knallskjønne lysestaken.

Den er dekorert med eit lite hjerte i ei perlesnor og med ei blondesløyfe

Lysestaken er frå Lisbeth Dahl, som alltid har mykje fint!!

måndag 22. september 2008

peacerosene...

...i hagen min blømer for fullt nett no.. dei har aldri vore finare faktisk!
her må du klikke på bilda for å sjå dei i større format og dermed meir detaljrike..

nydelege fargespel
Mange knoppar har fått komme inn i ein vase slik at vi kan nyte dei i fulle drag..


Eg har grubla over dette med blogging og ikkje blogging...har jo laga meg ein fotoblogg og, men trur eg held meg til denne gamle og kjem heller til å ha innlegg her om alt frå interiør, handarbeid, turar, natur osv..slik som eg eigentleg hadde før.
Nå virkar plutseleg blogspot heilt perfekt igjen og alt er mykje lettare, dermed har blogglysta komme snikande og dei siste dagane.
Nå skal eg ha meg ein surferunde rundt hos dåke alle :o)

søndag 14. september 2008

Sommarfugl i september

Denne nydelege sommarfuglen knipsa eg bilde av ein haustettermiddag... Den kosar seg på ein av oktoberrosene mine.