...er stadig på vandring. Eg tviheld på sommaren og sommarpynten ei stund til, så nå står den ved inngongspartiet under tak og har fått ei stor krukke med restar av sommarblomar til pynt. Ei gammal kaffikanne, krukke, fat med skjell frå strandturar tidlegare i sommar og ein spade. Alt saman er gamalt og funne i kjellaren til farmora og farfaren min.
Ynskjer deg ei flott kommande veke!!
ps! Er det andre som har problem med blogspot for tida??? eg har store problem med å komme inn på min eigen og dåke andre sie bloggar.. derfor har det gått tregt med både innlegg og kommentering frå meg i det siste..håpar det betrar seg kjapt!!
søndag 31. august 2008
måndag 25. august 2008
gelelys
Det går mot haust og mørkare tider og då er det alltid kjekt å ha ein del lys som ein kan tenne på om kveldane.. derfor kjøpte eg ein materialpakke frå panduro til å lage gelelys.
Maren laga sine eigne med rosa hesteskopynt oppi, medan eg laga nokre med små gullfarga perler oppi.
På laurdagskvelden måtte vi prøve det vi hadde laga, og sjå kor koseleg lys og mønster det laga på bordet!
Ha ei flott veka!!

fredag 22. august 2008
frå barnerom til jenterom..
Før:
I sommar har vi pussa opp rommet til Maren. Sist det vart gjort var ho 3 år og fekk velge farge på veggen, gardiner osv sjølv.. som dei for fleste småjenter var det rosa og lilla som var yndlingsfargen då og resultatet vart deretter.. Nå bad ho så fint om å få eit lysare rom som ikkje var så barnsleg ;o)
pappaen tok malarkosten fatt og i løpet av nokre dagar var rommet totalt forandra..
Etter:
Her er eint lite glimt av kroken der senga står.. Bamsen må vera med sjølv om ho har passert 10 år :o)
Rommet er mala i ein varm antikk farge og pynt og tekstiler går i kvitt, rosa og raudt.
Over senga heng det flotte maleriet som tante Haldis har laga.. Med dei lyse veggane passar det perfekt inn!
Ei pyntelenke med klyper og små prismer, kjøpt hos Annas rom, har fått plass på veggen.
Små egg med blondetråd, frå Lisbeth Dahl, heng ned frå taket..
Raude hjerter og ein rosa sommarfugl står til pynt i eit glas i vinduskarmen..
Eit søt "oppslagshjerte" frå Annas rom heng over skrivepulten..
Pappaen har snikra og mala ei flott hylle til bøker, permar o.l
Søt knagg frå Lisbeth Dahl til å henga nattkjolen på..
Maren er strålande nøgd med rommet sitt!!!
Nå skal eg ta helg og ha meg ein surferunde rundt hos dåke andre bloggarar :o)
Ynskjer deg ei kjempekjekk helg!!

måndag 18. august 2008
Det er slettes ikkje verst...
fredag 15. august 2008
kyllinggryte a`la Haldis Iren
Fredagskosen hos oss i kveld har vore ei alldeles nydeleg kyllinggryte. Den har fått navnet ovanfor fordi det var søster mi som laga denne til oss tidlegare i sommar :o) Gryta er knallgod og kan absolutt anbefalast!!
Ingredienser: (til 4 personar)
5-6 kyllingfiletar
1/3 l kremfløyte
2 ts karripulver
1/2 glass mango chutney
1 ts rød chilipaste
2 fedd kvitløk
raud paprika
Steik kyllingfiletane lett og legg dei oppi ei smurt ildfast form.
Visp kremen lett (ikkje for mykje for då tørkar den inn i steikeovnen..)
Bland karri, mangochutney, chilipaste, kvitløk og paprika saman med fløyten og hell det over i forma.
Mmmmm...Sett den i ovnen på 180 grader i 1 - 1 1/2 time..og nyt den herlege lukta som brer seg i huset :o)
Det kan vera lurt å leggje litt alufolie oppå forma etter ca ein halv time slik at ikkje toppen vert brent..
Lag ein god salat til som inneheld det du likar best av grønt og gjerne litt cashewnøtter..
Kok ris til, og vips..! så er maten klar :o) Velbekomme!!
God helg til deg som er innom !!!!
måndag 11. august 2008
Babydress
Litt strikking har det blitt i løpet av ferien, blant anna denne babydressen. Den er strikka i str 6 mnd i mørkebrunt SMARTgarn på pinnar nr 4. Mønsteret er frå Sandnes garn, men som alltid gjorde eg ein del forandringar i mønsteret.. eg lot vera å strikka lommer, halsen laga eg min eigen vri på og eg pynta den med små saueknappar.
Dobbel perlestrikk er enkelt, men gir ein fin struktur..
Eg pynta dressen med desse små søte knappane..
Ynskjer deg som kikkar innom ei knallfin veka!!!
Dobbel perlestrikk er enkelt, men gir ein fin struktur..
Eg pynta dressen med desse små søte knappane..
Ynskjer deg som kikkar innom ei knallfin veka!!!
tysdag 5. august 2008
flower power
I løpet av ferien vart det nokre turar til Halsnøy og sæbøvik gaver og leker. Denne blomstrete og praktiske bagen frå house doctor klarte eg ikkje å gå ifrå..
Ganske så 70-tals og mønsteret minner meg veldig om ein sommarkjole eg hadde som liten :o)
Stor og romsleg og den er plastbelagt utanpå slik at den f.eks er fin å ha med på stranda..
Samtidig er den stor nok til å pakke i dersom ein skal på ein liten helgetur.
Eit kupp, spør du meg :o)
Abonner på:
Innlegg (Atom)