fredag 30. mai 2008

Med desse...

...bildene av dei nydelege nyperosene som blømer på den 2 meter høge hekken min nett nå ynskjer eg deg ei herleg helg!!



tysdag 27. mai 2008

Litt av kvart på ein tirsdag..

Endeleg!!! etter å ha prøvd å leggja inn nytt inlegg i fleire dagar utan hell, gjekk det heldigvis i dag :o)
Er det fleire av dåke som har hatt problem med blogspot i det siste?? Eg har kkje komme inn for å kommentere på andre bloggar heller..

Nå har den einaste knoppen på peonen min opna seg..og den er litt av eit syn!! Eg fattar ikkje kvifor det berre har komme ein blom på den dei siste åra. Kanskje det er fordi den er planta for nermare 40 år sidan??

Litt sommarleg pynt har komme inn i stova etter ein liten strandtur..

Ellers har Maren starta badesesongen.. rett nok er det i naboen sitt oppvarma basseng som i går holdt herlege 37 grader :o) Måtte tvinga henne utav etter 2 timar.. fantastisk fine dagar me har her nå!!

torsdag 22. mai 2008

hjertevase

Eg kom over dette søte lubne hjertet på "baronessa" her ein dag. Denne passar perfekt til små blomar frå hagen :o)

For øyeblikket er det små stemorsblomar og ein stilk hengelobelia som pyntar opp hjertet.. Syns det er litt fint når lobeliaen heng utover hjertet, medan stemorsblomane står rett opp ;o)

Då er det tid for å ynskja deg ei herleg vårhelg med masse sol!!!!!!

tysdag 20. mai 2008

Babysett

Eg har srikka eit lite babysett til gut i lyseblått og kvitt sisugarn. Det er strikka i str 0-6 mnd.

Babyborndukka til Maren er modell..

søndag 18. mai 2008

liljekonvall..

..Er ein nydeleg blomst. I skogen ved hytta i Larvik veks desse vilt og dekker store deler av skogbunnen, og er eit vakkert syn :o)
Nyt desse bilda av blomane, og klikk gjene på bilda for å sjå dei i større format!



Ynskjer deg ei strålande flott kommande veke!!

fredag 16. mai 2008

Herlege Mina m.m

Endeleg er ein av Annette sine fantastiske grisar blitt mine :o) Mina kom i posten tidleare denne veka og ho har funne seg godt til rette i stova mi!!
Ho er sydd av brun fløyel og..

..bak på skinka har ho denne flotte rosetten med blonder - akkurat slike eg likar det :o)

Ynskjer deg ein flott 17.mai i morgon med masse is, brus og kos!!!

onsdag 14. mai 2008

strandliv

Vi har hatt tre herlege dagar på hytta i Tjølling utanfor Larvik, sjølv om grunnen til oppholdet var begravelse..
Her er Maren og to søskenbarn i full sving med å samle blåskjell til krabbefiske. Dei vassa ei stund og påstod at det var kokvarmt i sjøen ;o) Men bading får vi vente med til sommarferien!

Nesten klar til å fanga krabbar :o)

Fantastisk utsikt frå hytta!!

Skjell og mjuk sand høyrer til på stranda..her er nokre flotte eksemplar av hjerteskjell og blåskjell..

Nydeleg blåskjell.. liknar eit lite hjerte!

søndag 11. mai 2008

Bløming i hagen min!!

blømer det for fullt her på vestlandet!!! Fantastisk å tutla rundt i hagen med kameraet og sjå på alle knoppar som sprett ut frå dag til dag :o)
Eg har laga eit lite album med bilder frå bløminga her hos meg nett nå!

Klikk på bildet under og du kjem til albumet der du kan sjå flotte blomsterbilder :o)

Bløming


Ha ein fin søndag og fridag i morgon!! Nå blir det stille her frå meg eit par dagar..skal ein tur til Larvik i begravelse..

fredag 9. mai 2008

Appelsinkasse

Hugsar du at eg skreiv om ein gammal appelsinkasse som eg hadde fått tak i??
Nå har den fått 2 strøk med kvitmaling og eg brukar den som ein liten hyllekasse ute på terassen.
Eg har sett ulike ting inn i kvar hylle og den pyntar opp terassen i fineveret :o)

oppå toppen står ei mugge med rhododendron frå hagen, og ein bukett med roser som skal tørkast.

På ei av hyllene står ein mini st.paulia i eit glass av fattigmannssølv, ei krone og to små prismesteinar.

Nederste hylla har ein liten keramikkpus, ein rund stein funne på stranda i fjor sommar og ein smal vase med blomar frå hagen oppi.

Nå er det jaggu fredag fredag igjen og eg vil dermed ynskje deg ei knalllfin vårhelg med masse sol :o)

torsdag 8. mai 2008

award m.m

Sjå kva snille, snille Hulda har skreve om meg i bloggen sin:
Merete i Hobbyhuset, får denne awarden fordi jeg syns hun lager og viser mange små tips som man kan pynte med hjemme. I det seneste innlegget viste hun fram et Norgesglass hun brukte som blomstervase, den har hun pynta med en blonde og en søt klype. Klypen har hun dekorert. Jeg liker veldig godt at du skriver på nynorsk, det er så fint! Jeg syns du får fram de små tingene, som betyr noe i hverdagen, Merete. :)

Blei rett og slett overraska og kjempeglad for denne awarden for den kjem frå ei som har ein utruleg flott blogg og er så vanvittig kreativ!! Mange gode idear å hente hos henne rett som det er :o)

Desse 4 vil eg gje den vidare til:


Den gode fee
n: Fordi ho er utruleg kreativ med strikkepinnar, heklenål og symaskin!! og ho tek mange fine bilder av det ho lagar..dessutan var det ho som lokka meg ut i bloggverden :o)

Bo: Fordi ho er så utruleg kreativ med fotoapparatet og tek fantastiske bilder :o)

Chatrine: Fordi ho er kreativ til tusen når det gjeld det meste!! flink med håndarbeid av alle sortar og flink med oppussing :o)

Mita`s hjørne: Fordi ho er kreativ når det gjeld spesielt sying på symaskina!! lagar mange flotte ting som du kan sjå på bloggen hennar. Dessutan er ho flink med blomar..og har eit lekkert drivhus :o)

Husk å sende den vida
re til 4 personar med begrunnelse på kvifor akkurat den personen fortener den :o)


og så..bordet vart malt i går! I ein antikkvit farge som er mykje varmare enn den andre antikkvite fargen eg har brukt tidlegare. Bordet vart flott med eit par strøk med maling, syns eg ;o)

Ha ein fin torsdag!!

tysdag 6. mai 2008

Norgesglas..

..kan brukast til så mangt! Eg har pynta eit av mine med blonde, knytta som sløyfe, rundt kanten og på blonden har eg festa ein av dei kvitmalte klesklypene med rosepynt som eg viste i eit tidlegare innlegg...
OG VIPS!! så har eg ein søt stor vase, for dette norgesglaset rommar faktisk 3 liter. Vasen står for tida i vinduskarmen på soverommet saman med den herlege godnatt-Tildaen som eg fekk hos Virre tidlegare.

Eit nærbilde av blonden og klesklypa som eg har brukt som pynt :o)

søndag 4. mai 2008

Gamle skattar

I dag har vi vore og rydda ut av huset til mi kjære farmor som dessverre gjekk bort i vinter... Utuleg mange flotte gamle ting dukka opp undervegs, og ein del fekk eg ta med meg heim :o)
Desse to koffertane er knallfine!!! er ikkje heilt sikker på kor gamle dei er, men godt brukte er dei i allefall.nå har eg vaska dei og dei har stått til lufting ute..Eg har ein plan med dei, men det viser eg seinare ein gong ;o)

Dette gamle bordet fann eg langt inni kjellaren. Det har fått ein omgong med grønnsåpe og nå står det utanfor inngongsdøra mi med ein gamal balje med blomar i oppå..og under! baljane og fekk eg med meg ifrå farmor i dag.. Eg har lurt på å male bordet kvitt, men klarer ikkje heilt å bestemme meg..kva syns du?

Ei superfin kaffikanne som kaffien er blitt kokt i står nå på ein stubbe i hagen med ein fleirfarga lobelia oppi..
5 store norgesglas fekk eg og!! eg har planar for dei og, men har i fyrste omgong vaska dei så får du sjå resultatet seinare..
Ein kjempegammal appelsinkasse til kr 4,50 har eg og..den har fått eit strøk med kvitmaling og står nå til tørk. Den og kjem eg tilbake til når eg er ferdig med maling og pynting!

Ha ei fiiin kommande veke!!!

fredag 2. mai 2008

God helg!!

Eit lite glasfat med sølvstett er blitt pynta med små flytande blomar til helga...

..dei ligg og bevegar seg sakte i vatnet og er skjønne å sjå på!
Nå tek eg helg og skal straks sige ned i godstolen med strikketøyet..herlig!

Ønsker deg ei koseleg vårhelg :o)