
kan t.d vera heimelaga horn med ost og skinkefyll :)
Kven har vel ikkje opna nisteboksen og ...ufff..får bare lyst å pakke den saman igjen. Eg blir iallefall utruleg lei av dei skivene mine når eg har niste med på jobb kvar dag.
Så i dag har eg baka ein heil haug av desse og fyllt opp frysaren, til glede for både store og små nistespisarar i heimen ;)

Eit herleg barndomsminne er nysteikte horn med bringebærsyltetøy som fyll...namm..
blei ein del av denne sorten i frysaren og.
Desse passar best som dessert eller som noko godt attåt kaffien pga det søte fyllet.