søndag 25. januar 2009

Tørka roser

Endeleg har eg teke meg sjølv i nakken for å legge inn ei nytt innlegg på bloggen min...Har tenkt på det lenge, men dagane er travle og når kvelden kjem så har eg sege ned i godstolen med forskjellig håndarbeid.
For eit par veker sidan fekk eg ein nydeleg rosebukett med flotte rosa roser av mannen i huset. Dei har eg hengt til tørk og mesteparten av dei har beholdt fargen fint, så langt.

Eg likar godt å ha tørka roser til pynt rundt omkring. Desse har fått plass på eit fat saman med ein del sinkpynt.

Ynsker deg ein fin søndag og eg lovar at det ikkje skal gå like lang tid til neste innlegg frå meg ;)