torsdag 31. mai 2007

Kosekanin ;o)

Eg har strikka ei lita kosekanin til baby i mjuk mandarin petit. Mønsteret fann eg på denne bloggen http://beateshåndarbeid.blogspot.com/

tysdag 29. mai 2007

Saartjes booties

I løpet av eit par ettermiddagstimar på terassen vart desse søte babytøflene til. Dei er strikka i lanett på pinnar 2,5 og er str nyfødd.

Eg såg dei først på bloggen til silja devine - http://silja-devine.com/ og syns dei var fantastisk søte. Mønsteret er laga av http://saartjeknits.nl/ kikk gjerne innom desse to bloggane for å sjå tøflane i andre fargar!

måndag 28. mai 2007

Ei opplevelsesrik langhelg..

Nå er vi nett komne heim frå ei utruleg koseleg langhelg i Larvik og Helgeroa! Sjølve slektstreffet var i Larvik medan vi overnatta hos slekt i Helgeroa. Fantastisk fine plassar begge to. Eg legg ut eit bilde av Maren og to av søskenbarna hennar på trappa til "bua" dei sov i. Her er dei ferdig pynta og klare til fest :o) Nå må eg springa vidare til klesvask m.m

fredag 25. mai 2007

God helg!

Det er stadig "nye" ting som dukkar opp når ein ryddar i garasjen..då vi overtok huset etter bestemor til sambuaren min fekk vi med alt utstyr som stod i garasjen. Det var bl.a mange forskjellige typar hageredskaper osv.. inni ein krok fann eg denne gamle bulkete sinkbøtta. Har planar om å plante nokre søte stemorsblomstrar i den, men for øyeblikket står det ein rhondodendronbusk i den som ventar på å bli planta ut..
Nå er det pinse og langhelg og vi står på farten for å reise på slekstreff i Larvik.
Eg ynskjer deg ei strålande flott pinsehelg!!

onsdag 23. mai 2007

Nye heklahuer

Eg har hekla kvar si sommarhue til 2 små herlege gutar som vi er fadrar på. Dei er hekla i lyseblått bomullsgarn og til pynt har eg strøke på eit lite lam..enkle og søte
Så klart måtte gutane si storesøster på 3 år få seg ei hue og :o) Denne er i kvitt bomullsgarn og til pynt har eg hekla ein blom som har fått ei perle på og to grønne blad.

søndag 20. mai 2007

Litt gamalt og litt nytt..


I helga har vi vore på besøk i barndomsheimen min og då fekk eg denne koppen og tefatet med meg heim igjen. Eg fekk det av oldemor og oldefar då eg var liten, og det har alltid stått på ei hylle på rommet mitt. Den er så utruleg fin og eg syns derfor det passa betre å ha den med heim og pynta på kommoden i stova med den.. Under tefatet står det figjo, men ikkje noko årstal så eg veit ikkje kor gamal den eigentleg er..

Eg var også innom gåvebutikken på heimplassen min og der fann eg denne krukka/glaset i fattigmannssølv. Den kan brukast til vase (men då med ekstra glass oppi til å ha vatnet i ;o) eller ein kan ha stearinlys oppi. Nett no er den vase med epleblomst oppi.. Syns den passa godt saman med det vesle glaset eg fekk av Anniche, som eg har telys oppi.
Ha ei flott kommande veke, folkens!!




fredag 18. mai 2007

hekla sjal

Eg har hekla to trekantsjal som er sendt avgårde til to gode bloggvenner..Nå veit eg at dei har komt fram til mottakarane så då kan eg leggja ut bilde her hos meg og! Dei er hekla i ullgarn og er herlege å ha rundt hals og skuldrer..

onsdag 16. mai 2007

Hurra for 17.mai!!!



I morgon er den store dagen her igjen!!

Kven hugsar vel ikkje då vi var små og var med på
..å stå grytidlig opp fordi du vart vekt av salutten kl 07.00, og ikkje klarte å sova igjen pga alle sommarfuglane som flaksa i magen
..kor utruleg fin du syns du var når du hadde fått på den nystrokne bunadsskjorta og resten av bunaden
..å gå i tog og det var om og gjera å ropa og syngja høgast for å vera den "beste" klassen og skulen
..gnagsår fordi vi hadde fått nye lakksko, som sjølvsagt ikkje skulle brukast før 17.mai..
..sekkeløp i stive og kløande striesekker og det vart knall og fall der bunad, finsko, egg, og sekk låg i eit einaste virrvarr rundt deg.
..eggeløp som seinare vart potetløp på skulen vår...blei det kanskje litt vel mykje knuste egg..
..springa 60 meteren som vi hadde øvd på i dagasvis både på skulen og på fritida
..møta naboar,slekt, vener, kjente og ukjente til ein stor fest på skuleplassen
..og ikkje minst - eta så mange is om vi berre klarte!! Det var stort å vita at denne dagen var det ikkje nei i foreldra sin munn om du spurde etter ny is når du nett hadde svelgt siste biten på den forrige :oD
..kjenna kor utruleg sliten du var om kvelden etter alle inntrykk, aktivitetar og iseting. og kor fantastisk befriande følelse det var når du kunne ta bunaden av!
Ein del av det er nå forresten like spennande i dag sjølv om eg er blitt vaksen ;o)
Ynskjer deg som er innom ei fantastisk flott 17.maifeiring!! Kos deg og nyt dagen :o)


tysdag 15. mai 2007

baby born har fått nye kler

I boka "babystrikk til dukken" av Målfrid Gausdal er det utruleg mange flotte mønster til dokkekler. Eg har strikka ein del frå den tidlegare, og i helga fann me fram boka igjen og Maren var ikkje sein med å bestille nytt til BB-dokka si ;o)

Her er den nye smikka til dokka, som er strikka i ein rest kvit og litt rosa bomullstråd. Hekla ein pikotkant rundt til slutt.

Dokka har også fått seg ny hue med hals og nye vottar..og det treng den visst i dag for her haglar det..


måndag 14. mai 2007

Englebilde..

Har laga eit decopagebilde med englemotiv denne gongen. mala fyrst skyer med kvit akrylmaling og når den var tørka hengte eg på engleserviett med decopagelim. Dette passar godt på soverommet..

laurdag 12. mai 2007

Fleire bilder..

I dag har eg laga fleire bilder til å ha på gjesterommet.

Dette mala eg først i ein lys rosa farge og etter etter det var tørka limte eg på diktet "åtte roser" av Andre Bjerke. Til slutt var det serviettrosene som blei festa på med decopagelim..

Dette mala eg først rosa og etter at malinga var tørka strauk eg over med eit fint sandpapir for å få eit litt slitt preg over det. Etterpå festa eg på serviettrosa med decopagelim.Dette bildet er det Maren som har laga. Vi kjøpte serviettar med prikkar i ulike fargar på, som ho har klipt ut og limt på. Blei eit artig bilde dette som ho kan ha på rommet sitt :o) dette viser jo at decopage er ganske enkelt å få til både for barn og vaksne.


fredag 11. mai 2007

Decopage på lerret..

Eg kjøpte meg nokre billege lerret og litt akrylmaling på europris i dag for å leika meg litt med serviettdecopage, maling m.m.
Det nyoppussa gjesterommet har ingen bilder på veggene og det var derfor eg fekk ideen om å laga noko sjølv. Rommet er heilt kvitt, med eit litt romantisk preg med ein del rosa ting og tang. Veit ikkje om eg vart heilt nøgd med dette bildet..men eg har allereie fleire på gong med acrylmaling og decopage, så då veit de kva eg kjem til å putla på med i helga..
Ynskjer deg som er innom ei herleg helg!!

torsdag 10. mai 2007

Fleire bilder frå hagen min..

I mangel på noko nytt handarbeid å visa..får de heller litt fleire bilder frå hagen min, der det stadig er nye planter og buskar som blømer. Eg kosar meg når eg kan gå rundt med kameraet og ta bilder og teste dei ulike funksjonane på det og desse bildene blei ganske bra, syns eg..men eg har enno mykje å lære.
Klikk på bilda så blir dei større :o)




Asalea


Minirhododendron


Amerikanske blåbær


Rødkornell


Ripsbærbusk


Epleblom


Tusenfryd

tysdag 8. mai 2007

Havskum..

Eg har strikka eit teppe i mønsteret havskum for ei tid tilbake, men har gløymt å leggje ut bilde av det.. Det er strikka i rosa askeladden ull-garn på pinnar nr 3.
Med det fine mønsteret er det like fint å ha det til vognteppe som babyteppe (som ein tullar babyen inn i..

søndag 6. mai 2007

Vi fann..

kvitveis på turen vår i dag og, vi :o) Syns dei passa utruleg godt oppi krukka av fattigmannssølv som eg kjøpte av Anniche (annas rom).

fredag 4. mai 2007

Helg igjen!


Så var jammen endå ei veke forbi.. Med dette bildet av rododendronbuskane mine som står i full blom ynskjer eg deg ei flott helg ;o)

torsdag 3. mai 2007

Velduftande utfordring :o)


Eg har blitt utfordra av Hilde http://muskat.blog-city.com om å visa fram favorittparfymane mine. Eg er mest glad i lette parfymar med litt fruktig duft ;o) Tunge parfymar gjer meg ofte uvel og rett og slett kvalm, så det største marerittet var ein gong då eg skulle reisa med bussen til stavanger, og det satt 12 middelaldrane damer frå bergen på samme buss med 12 forskjellige tunge parfymelukter. Bussjuk?? JAA..! Det blei eg..


Den aller beste parfymen eg veit om er Dolce og Gabbana - light blue. Den er lett og fint med duft av bl.a sitron, eple, jasmin. Denne blir eg aldri lei av!!


Eg likar og godt Laura Biagotti - Laura. Den er lett med duft av bl.a vannmelon, fersken, fresia, vannlilje, fiol og iris.


Eg brukar og Jennifer Lopez - Glow, som er lett med duft av bl.a appelsinblomst,grapefrukt, rose, amber, jasmine, musk og vanilje

Eg likar og Salvador dali - laguna, som har ei duft av bl.a mandarin, fersken, sitron, vanilje, musk..


Eg sender denne utfordringa vidare til Den gode feen, annetteT og Bo

onsdag 2. mai 2007

Decopage

Vi har nett pussa opp gjesterommet og nå gjenstår berre litt pynting og dekorering.. I dag pynta eg to syltetøyglas med serviettdecopage, det eine er meint som vase det andre til å ha lys i. Det rosa i framgrunnen av bildet er gardinene som eg skal hengja opp i rommet, så det blir VELDIG rosa og romantisk på dette rommet ;o)