
Eg fekk tak i dette skjønne opphenget på Halsnøy rett før påske og nå har det fått plass på veggen med diverse pynt på seg.
Eit slikt oppheng kan ein godt lage sjølv dersom ein er litt fingernem.. små trelister, litt hønsenetting og kleklyper i tre er det ein treng.

eit hjerte med små prismer og perler på..ei lenke med klyper og prismer..og ein liten blom er noko av det eg har hengt opp

kleklypene var opphaveleg heilt kvite, men eg har dekoret mine med små prikkar i herlege vårfargar på eine sida. blir eg lei av det kan eg berre snu klypene, og dei er kvite igjen ;)

Eit sinkhjerte har blitt dekorert med blomar frå hagen og har fått plass på opphenget

Slik ser det ut på veggen der opphenget har fått plass!
Det som er så fint er at ein kan bytte ut pynten etter årstider,høgtider osv...då blir det akkurat som ein ny dekorasjon kvar gong ;)