
Kalde og fine dagar har me hatt i det siste og då er det alltid kjekt å finna på ulike vinteraktivitetar saman med ungane... På fredag hengte vi opp ballongar med vatn ute og laurdagsettermiddag tok vi dei ned og resultatet vart som bildene viser.
Ovanfor ser du ei lykt vi laga. denne ballongen hang berre så lenge at det vart eit iskall ytterst og hol inni. Eit telys inni gjorde skikkeleg koseleg på trappa vår på laurdagskvelden <3

Fleire isskulpturar sett saman i gruppe vart flott og dekorativt.

Lysa lyser gjennom skulpturane og skapar flott stemning.

I nokre av ballongane putta vi
raud konditorfarge som gjorde skulpturen ekstra stilig, syns iallefall ungane her ;)
berre så synd at plussgradene kom tilbake på søndagen og smelta heile kunstverket vårt..
Det går sjølvsagt an å jukse litt og putte ballongane med vatn i frysaren og dersom du vil prøve dette!
Ha ein flott mandag!!