måndag 2. februar 2009

frost

Det er bitande kaldt her om dagen..eller rettare sagt kaldt om kvelden , natta og morgonen. For om dagen skin sola og set ein seg i solveggen då er akkurat som ein kjem litt i påskestemning her :)
I føremiddag var eg ute og rusla ein tur og hadde med kameraet. Øverste bildet er av plenen med mange nydelege snøkrystallar på grasstråa..

Det er tydlegvis andre som har vore ute på tur før meg..

grøne blad og knoppane står klare og berre ventar på våren, og har i mellomtida pynta seg med eit lett dryss av frost..

kjedelege grøne buskar blir mykje finare med litt frost på toppen :)

klikk gjerne på bilda for å sjå dei i større format ;)

Eg er straks tilbake med eit nytt innlegg..

Ha ei flott veka

søndag 25. januar 2009

Tørka roser

Endeleg har eg teke meg sjølv i nakken for å legge inn ei nytt innlegg på bloggen min...Har tenkt på det lenge, men dagane er travle og når kvelden kjem så har eg sege ned i godstolen med forskjellig håndarbeid.
For eit par veker sidan fekk eg ein nydeleg rosebukett med flotte rosa roser av mannen i huset. Dei har eg hengt til tørk og mesteparten av dei har beholdt fargen fint, så langt.

Eg likar godt å ha tørka roser til pynt rundt omkring. Desse har fått plass på eit fat saman med ein del sinkpynt.

Ynsker deg ein fin søndag og eg lovar at det ikkje skal gå like lang tid til neste innlegg frå meg ;)

laurdag 22. november 2008

litt nytt

Her fyk dagane avgårde og nå er det jaggu nesten 2 veker sidan sist innlegg.. Det går framleis fint med veslejenta som no har budd saman med oss i snart 4 veker. I dag har ho vore på sin første aketur saman med Maren noko som var stor stas :o)

Ellers har eg nå fått handla litt i dag. Denne søte fuglen frå Lisbeth Dahl har fått plass i fugleburet mitt..

Denne vakre fuglen sit på toppen av buret..

Hjerter får eg aldri nok av og dei har eg til pynt heile året. Dette eksemplaret er kjøpt hos KID. Eg har hengt det opp etter silkeband og laga ei sløyfe av bandet på toppen av hjertet.

Ønsker deg ei fin, fin helg!!

måndag 10. november 2008

Strikka vest

Då var det på tide med ei kjapp oppdatering her frå meg :o) Denne vesten har vore ferdig ei stund, men det har lisom ikkje vore bra nok lys til å ta bilde av den og dessuten har laptopen vore på reparasjon..er liksom meir styr å rigge seg til ved den stasjonære pcen ;o)
Mønsteret til vesten fann eg i Allers og den er strikka i Alfa på pinnar nr 7. Tjukt garn og tjukke pinnar er alltid greitt for då vert ein ferdig i ein fei og kan starte på eit nytt prosjekt :o)
Ellers går det fint i heimen og vesle tullemor har funne seg godt til rette..vi kosar oss dagen lang!

Ynskjer deg ei knakande fin veke!!!

onsdag 5. november 2008

Travle tider..

..men og utruleg spennande tider for meg nett no. Eg og familien har teke imot eit herleg lite fosterbarn og mesteparten av tida går med til kos, mating, leik m.m
Det vil derfor bli stille frå meg her ei stund nå, men håpar på å komme sterkare tilbake ganske snart :o)

søndag 26. oktober 2008

helgesysler

Litt av kvart har vi fått gjort denne helga. I går tok vi på regnklede og gjekk oss ein tur trass kuling og hagl. Eg veit nemleg om ei plass der eg kan finne snøbær...og der gjekk altså turen i går! Eg har fått inspirasjon til å pynte med snøbær blant anna frå Ingrid eller var det Silje ??og hennes blogg.
Eg har eit sinkhjerte som eg surra greiner med snøbær og blad rundt og pynta med ei rose frå hagen.

Nå heng hjertet til pynt på ramma mi i stova

Snøbær er utruleg lekre oppi ein liten vase i fattigmannsølv og..Denne er kjøpt på kremmerhuset

Ellers har vi fått eit nytt familiemedlem i løpet av helga..lille Perle, eit fantastisk skjønt marsvin :o)

Perle og Tigergutt er blitt knallgode venner allerede, som du ser!!

torsdag 23. oktober 2008

hjerte <3

I dag har det vore opning av det flotte storsenteret på Husnes. Hos butikken FRYD fann eg dette søte hjertet


Det er ein ring til oppheng på toppen av hjertet, men eg har ikkje heilt bestemt meg for kor eg vil ha det hengande så inntil vidare får det liggje og pynte opp dette vesle bordet

helgeblomsten denne gongen er rosa roser..

Då gjenstår det å ynskje deg ei herleg helg!!