onsdag 18. februar 2009

Onsdagens farge er..

..Grønn!
Mmm..Heimebakt muffins med grønn geletopp på :)
I går bakte og pynta Maren og ei veninne muffins som dei skulle ha med seg som overraskelse til klassen i dag. Håpar dei fell i smak!

Syns eg må ta med eit fargerikt bilde og av den lekre og saftige muffinsen..med grønn geletopp :)

fin grønn onsdag til deg som kikkar innom!!

tysdag 17. februar 2009

tirsdagens farge er..

...BLÅ.
Fargeveka går vidare og fargen blå var ikkje lett å finne her hos meg. den er ikkje blant favorittfargane, kan ein vel sei.

Eg vel å vise dette søte blå soppkortet som vi fekk i posten av fadderbarnet vårt, Jose, som bur i Honduras. Er det ikkje fint, vel?
Vil du sjå fleire som er med på fargeveka kan du gå inn på bloggen til koselig-koselig som har lagt
ut link til alle som er med ;)

fin blå tysdag til deg som er innom!!

måndag 16. februar 2009

iskunst

Kalde og fine dagar har me hatt i det siste og då er det alltid kjekt å finna på ulike vinteraktivitetar saman med ungane... På fredag hengte vi opp ballongar med vatn ute og laurdagsettermiddag tok vi dei ned og resultatet vart som bildene viser.
Ovanfor ser du ei lykt vi laga. denne ballongen hang berre så lenge at det vart eit iskall ytterst og hol inni. Eit telys inni gjorde skikkeleg koseleg på trappa vår på laurdagskvelden <3

Fleire isskulpturar sett saman i gruppe vart flott og dekorativt.

Lysa lyser gjennom skulpturane og skapar flott stemning.

I nokre av ballongane putta vi raud konditorfarge som gjorde skulpturen ekstra stilig, syns iallefall ungane her ;)
berre så synd at plussgradene kom tilbake på søndagen og smelta heile kunstverket vårt..
Det går sjølvsagt an å jukse litt og putte ballongane med vatn i frysaren og dersom du vil prøve dette!

Ha ein flott mandag!!

fredag 13. februar 2009

fredagsblom frå meg..

..til deg i dag vert denne skjønne greina frå ein av rhododendronbuskane i hagen min. Eg har over 20 av sorten forskjellige stader i hagen og dermed gjer det ikkje noko om eg knekker er av nokre greiner i løpet av vinteren og tek inn. Det viser ikkje igjen om våren likevel når buskane står i full blom!

Eit par veker etter at greina er teken inn blømer den like fint om om det var våren som var kommen :)
Fargen på denne sorten er eigentleg lys og sart rosa, men sidan den no står i vinduskarmen og solar seg i vintersola lyg fargen på bildet litt..

Greina står i ei lita glasflaske i vinduskarmen på kjøkkenet..

Ynskjer deg som er innom ei strålande fin vinterhelg :)

tysdag 10. februar 2009

Lynghjerte

Dette utruleg flotte hjertet av røsslyng fekk eg til bursdagen min i desember. Det er kjøpt på krims og krans.
Lyngen er tørka, men like fin i fargane og varer dermed leenge som pynt ;)

Ingen tvil om at det er dekorativt med lyng, lilla tråd og lilla sløyfe saman :)

måndag 9. februar 2009

ballerinasko

Søte små ballerinasko i str 22 til veslesnuppa.. rett nok er dei ikkje like gode og praktiske som dei er fine å sjå på, for foten glir stadig utav. Men fine er dei ;)

onsdag 4. februar 2009

To små hjerter i ei snor

Kom over desse søte hjertene på Baronessa her ein dag og måtte bare ha dei med meg heim..
dei er utruleg fine å pynte med ulike stader i heimen, så eg trur eg må ut og ha nokre fleire slike.

Ein kan ha dei liggjande på eit sølvfat saman med ein skjønn tag med englar på..

eller henga dei rundt ei flaske med lys i..


Her har eg hengt dei over ei ramme, med bilder av meg og søster mi ein gong på 80-tallet.