torsdag 22. oktober 2009

Kari- og Olavotten

Vintertemperaturen kom litt vel tidlig for oss for nokre dagar sidan og dermed var det på tide å hive seg i vottestrikkinga...
Eg fann eit gamalt mønster i permen min, Karivotten, som er så søt med ei jente på. Olavotten med gut på, kan ein strikke til gutane ;)
Eg har strikka dei i brun og rosa SISU, slik at dei passar til barnehagedressen til veslesnupp.

Så yndige, varme og gode til små barnehender..
einaste problemet er at ho som dei var meint til hyler kvar gong eg tek dei fram..
ho hatar ull, til min store fortvilelse :)
ho føretrekk nokre gamle, raude polvottar med rosa grisar på som var kjøpt til Maren ein gong på slutten av 90-talet..ikkje særleg flotte å sjå på og altfor store, men pytt, pytt. ho er iallefall varm på hendene ;) og dessutan er det milde og solrike dagar igjen her nå.

NB! Nytt innlegg i morgon med oppskrift på noko godt til helga!! Line, ein av lesarane av bloggen min, kom med ideen om å ha eit innlegg med mat/snacksoppskrift kvar fredag..det får eg prøva på framover!

torsdag 15. oktober 2009

saftig banankake

Denne banankaka er knallgod på smak og ikkje minst ganske kjapp å lage. Maren har begynt med mat og helse på skulen dette året, noko som har resultert i at ho prøver ut det eine og det andre på matfronten her heime. Kjempekjekt for oss andre når ho putlar på ute på kjøkkenet og kjem med overraskelsar rett som det er :)

I dag deler vi oppskrifta på denne kaka med deg!

banankake:

150 gr margarin
2 dl sukker
2 egg
4 dl kveitemjøl
1 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
1 ts kanel
2 godt modne bananer
100 gr kokesjokolade, hakka i bitar
evt 50 gr valnøtter, grovhakka

rør smør og sukker kvitt. Ha i egg, kveitemjøl, bakepulver, vaniljesukker, kanel.
mos bananene med gaffel og ha i røren. Bland i kokesjokolade og evt nøttene.
Hell røra over i ei smurt 1 l brødform og steik i ca 45 min på 175 grader.

Nb! eg pleier å la ver å mose bananene for mykje, slik at det vert bananbitar i kaka. det syns eg er best, men prøv deg fram kva du syns ;)

Mmmm..rykande fersk banankake er snadder!!

fredag 9. oktober 2009

blømande sokkar

Eit nytt sokkepar er ferdig. Denne gongen er det Maren som har bestilt eit par ekstra lange sokkar med blomar langs kanten ;)

Øverst på sokkane hekla eg og ein kvit picotkant.
Blomane er blitt til av restegarn og blir dekorativt når sokkane stikk opp frå sko og støvlar :) "akkurat slik eg ville ha dei!" var kommentaren frå Maren når dei var ferdige.
supert syns eg!

Ynskjer deg som kikkar innom ei knallfin helg :)

onsdag 7. oktober 2009

kjole til ei lita prinsesse..

..er endeleg ferdig! Litt einsformig og kjedeleg å strikke så mykje einsfarga, men slikt passar jo t.d til tv-strikking ;)
Mønsteret er henta frå eit gamalt utklipp frå eit vekeblad, og som vanleg har eg gjort ein del endringar.. Det skulle eigentleg vera kant nederst og rundt armane med "pelsgarn" som var så veldig in for nokre år sidan. Denne kutta eg ut, og hekla heller ein picotkant.
Garnet eg har brukt er SISU.

Detaljar frå kjolen. Ei prinsessekrone er brodert inn (av London Gull) på brystet og ei off-white sløyfe er tredd rundt livet.

Nederst på kjolen, striper av "gull" og hekla picotkant.

Eg har meir på lur som er ferdigstrikka, så eg er nok straks tilbake med eit nytt innlegg :)

søndag 20. september 2009

tunika

Eg har strikka denne tunikaen til Maren i bomullsgarnet mandarin. Mønsteret er henta frå heftet mandarin dame frå sandnes garn.
passformen er utruleg fin og den sit som eit skudd på den store jenta mi :)
fargane har ho teke ut sjølv, og sjølv om ho no er 11 år er rosa og lilla ein farge som ho ikkje heilt klarer å gje slepp på..

Ellers må eg berre vise dei nydelege fargane på blomane på hotensiabusken min nett no. sjølv om dei held på å miste den flotte blåfargen er fargane som kjem fram før dei visnar, utruleg flott..grønn,rosa, lilla...herleg!!

Ein stor bukett har fått komme inn på bordet, og skal pynte opp mellom kaker og diverse for i morgon feirer vi 2-årsdag i huset!!
hipp hipp hurra for veslesnupp :)

torsdag 10. september 2009

knasande gode knekkebrød!

Desse heimelaga knekkebrøda kan anbefalast på det sterkaste! knallgode og mettande til tusen. og dessutan er dei enkle å lage :)
Oppskrifta såg eg på "god morgen, Norge" for ei stund tilbake og har sidan då baka fleire ladningar som forsvinn kjapt.

Eg deler gjerne oppskrifta med deg:


Knekkebrød

4 dl grov rug
4 dl lettkokte havregryn
2 dl solsikkekjernar
1 dl linfrø
1 dl sesamfrø
7 dl kaldt vatn
1/2 - 1 ts salt

Bland alt saman og la røra stå og svelle i 10 minutt
strø røra over steikeplata med bakepapir. det er nok til 2 1/2 plate
bruk ein slikkepott til å dra røra utover platene. (det kan vera lurt å duppe den i vatn slik at røra ikkje klistrar seg til slikkepotten)

steik på 180 grader i 40 minutt, skru deretter ovnen ned til 50 grader og steik i 20 minutt til.
du kan ha fleire brett i ovnen om du har varmluftsovn.

Lykke til!!


Mmmm..kveldsen min i kveld er heimelaga knekkebrød med salat, skinke og agurk :)

tysdag 8. september 2009

liten rosett

Ein liknande rosett/blomst som denne såg på ein eller anna blogg, men hugsar ikkje kva for ein.. tenkte eg ville prøve å hekle ein slik sjølv og nå er det gjort :)
Eg hekla 2 runde lappar som eg sydde saman og fylte med vatt. Deretter sydde eg stramt med ein tynn tråd rundt med jevne mellomrom slik at det ser ut som blad. etterpå festa eg på ein knapp på toppen..

Desse kan lagast i alle slags størrelsar, og kan brukast som pynt på vesker, sjal og liknande eller berre som pynt som på bilder her..