onsdag 30. januar 2008

Eva Solo og primula

Vi er ein gjeng med fruktomanar i huset her, så vi har alltid frukta ståande framme.
Til jul fekk eg denne flotte "fruktbøtta" som passar supert inn på kjøkkenet mitt, syns den har så flott fasong og artig med hanken på :o)

Ellers har eg handla inn litt vårblomar for å komme i rette stemningen..ehh men i dag snør det faktisk her!
Ja,ja eg kjem nå iallefall i vårstemning innandørs..

søndag 27. januar 2008

Nytt sjal og vårtegn

Eg har hekla meg eit herleg sjal i alpakka frå Sandnes. Eg festa på nokre roser på kanten så då blei det så søtt så..
I ettermiddag tok eg meg ein tur i hagen og der var det jammen fleire vårteikn å sjå, bl.a desse flotte snøklokkene som strekkjer seg opp mot lyset...ahhh måtte våren komme SNART :o)
ynskjer deg ei fin veke!

fredag 25. januar 2008

Charms-arbånd

I dag drog eg fram perleriene mine etter gamalt og laga eit armbånd med ulike charms. Det er bl.a små roser i stoff, metallhjerer, små kinensiske perler, glassperler m.m
kjekt å laga og så blir dei så utruleg søte :o)
Då gjenstår det å ynskja deg God helg!!!

torsdag 24. januar 2008

bakedag :o)

Eg har pådratt meg ein irriterande senebetennelse i sete/hofte og då er det ikkje lenge eg klarar å sitje i ro og strikke om gongen... Derfor vart det baking i ettermiddag! Det er altfor sjeldan eg gjer det, men i dag vart det over 40 pizzahorn og då er det ein god del som vert lagt i frysen og. Veldig greitt dersom ein får uventa besøk eller berre vil kosa seg med noko godt ;o)

..nammmmi! fekk du lyst på pizzahorn nå???

måndag 21. januar 2008

Sjal

Eg har designa og strikka eit sjal der eg ville ha den eine blomen eg hekla som pynt. Eg har laga ein slags blondekant nederst på sjalet i samme fargen som blomen.
Eg kan anten ha sjalet på meg som på bildet over eller...

..dersom eg er ekstra kald kan eg ta sjalet fleire gonger rundt halsen og feste det med nåla.
Dekorativt og fint til ein heilt enkel genser f.eks :o)

torsdag 17. januar 2008

Desse fine orkideblomane..

...hang for eit par dagar sidan på greina si, men nå ligg dei i ein haug på golvet...
Eg har ikkje tal på kor mange slike eg har klart å teke livet av...
Denne gongen gjekk det altså gale igjen...
Eg syns orkideane er så utruleg vakre så det er nok grunnen til at eg prøver igjen og igjen..
Kvar gong får eg gode råd av svigermor, bestemor, tante osv om korleis eg skal stelle med dei...men nei..mine varer i toppen 2 månader og så dett dei rett av, og ein pistrete stengel står igjen - som slettes ikkje er noko vakkert syn!
Ganske fortvilande, så eg tek imot gode råd om korleis eg skal stelle orkideane mine frametter, med takk, dersom du har nokre på lur :o)
Nyttar samtidig sjansen til å ynskje deg god helg..vekene rasar verkeleg avgårde her no..

måndag 14. januar 2008

Oppskrift på hekla blom

Eg har hekla 2 nye blomar og har fått spørsmål om oppskrift på desse, og det skal eg vel klare å ordne ;o)
Eg kom på ideen då eg hekla skrueskjerf for et par år sidan, for utgongspunktet er likt.
Eg skal prøve å skrive ned korleis eg har laga dei slik at dåke som har lyst kan prøve det
samme :o)
Eg har brukt SISU eller alpakka og heklenål nr 3 når eg har laga mine. Det går sjølvsagt an å bruke anna garn med heklenål som passar til.

1.omgong: lag 35-40 luftmasker
(då blir blomen ca 8-9 cm i diameter)
2.omgong: Hekle 2 stavar i kvar luftmaske
3.omgong: snu og hekle 2 stavar i kvar stav
4.omgong: snu og hekle små bølger..*3 luftmasker i 1.stav, hopp over 2.stav og så 1 fastmaske i 3. stav. *fortset *-* omgongen ut!

Vikle remsa du har hekla til ein blom og sy fast. Pynt med perler eller anna du syns passar! På baksida kan du t.d sy anten ei nål eller ein hårstrikk.

Lykke til :O)