onsdag 24. september 2008

fattigmannssølv..

..er utruleg fint og dekorerande, syns eg!! I går var eg innom interiørbutikken Baronessa og der fann eg denne knallskjønne lysestaken.

Den er dekorert med eit lite hjerte i ei perlesnor og med ei blondesløyfe

Lysestaken er frå Lisbeth Dahl, som alltid har mykje fint!!

måndag 22. september 2008

peacerosene...

...i hagen min blømer for fullt nett no.. dei har aldri vore finare faktisk!
her må du klikke på bilda for å sjå dei i større format og dermed meir detaljrike..

nydelege fargespel
Mange knoppar har fått komme inn i ein vase slik at vi kan nyte dei i fulle drag..


Eg har grubla over dette med blogging og ikkje blogging...har jo laga meg ein fotoblogg og, men trur eg held meg til denne gamle og kjem heller til å ha innlegg her om alt frå interiør, handarbeid, turar, natur osv..slik som eg eigentleg hadde før.
Nå virkar plutseleg blogspot heilt perfekt igjen og alt er mykje lettare, dermed har blogglysta komme snikande og dei siste dagane.
Nå skal eg ha meg ein surferunde rundt hos dåke alle :o)

søndag 14. september 2008

Sommarfugl i september

Denne nydelege sommarfuglen knipsa eg bilde av ein haustettermiddag... Den kosar seg på ein av oktoberrosene mine.

søndag 31. august 2008

Den gamle appelsinkassen min...

...er stadig på vandring. Eg tviheld på sommaren og sommarpynten ei stund til, så nå står den ved inngongspartiet under tak og har fått ei stor krukke med restar av sommarblomar til pynt. Ei gammal kaffikanne, krukke, fat med skjell frå strandturar tidlegare i sommar og ein spade. Alt saman er gamalt og funne i kjellaren til farmora og farfaren min.


Ynskjer deg ei flott kommande veke!!

ps!
Er det andre som har problem med blogspot for tida??? eg har store problem med å komme inn på min eigen og dåke andre sie bloggar.. derfor har det gått tregt med både innlegg og kommentering frå meg i det siste..håpar det betrar seg kjapt!!

måndag 25. august 2008

gelelys

Det går mot haust og mørkare tider og då er det alltid kjekt å ha ein del lys som ein kan tenne på om kveldane.. derfor kjøpte eg ein materialpakke frå panduro til å lage gelelys.
Maren laga sine eigne med rosa hesteskopynt oppi, medan eg laga nokre med små gullfarga perler oppi.

På laurdagskvelden måtte vi prøve det vi hadde laga, og sjå kor koseleg lys og mønster det laga på bordet!

Ha ei flott veka!!

fredag 22. august 2008

frå barnerom til jenterom..

Før:
I sommar har vi pussa opp rommet til Maren. Sist det vart gjort var ho 3 år og fekk velge farge på veggen, gardiner osv sjølv.. som dei for fleste småjenter var det rosa og lilla som var yndlingsfargen då og resultatet vart deretter.. Nå bad ho så fint om å få eit lysare rom som ikkje var så barnsleg ;o)
pappaen tok malarkosten fatt og i løpet av nokre dagar var rommet totalt forandra..

Etter:
Her er eint lite glimt av kroken der senga står.. Bamsen må vera med sjølv om ho har passert 10 år :o)
Rommet er mala i ein varm antikk farge og pynt og tekstiler går i kvitt, rosa og raudt.

Over senga heng det flotte maleriet som tante Haldis har laga.. Med dei lyse veggane passar det perfekt inn!

Ei pyntelenke med klyper og små prismer, kjøpt hos Annas rom, har fått plass på veggen.

Små egg med blondetråd, frå Lisbeth Dahl, heng ned frå taket..

Raude hjerter og ein rosa sommarfugl står til pynt i eit glas i vinduskarmen..

Eit søt "oppslagshjerte" frå Annas rom heng over skrivepulten..

Pappaen har snikra og mala ei flott hylle til bøker, permar o.l

Søt knagg frå Lisbeth Dahl til å henga nattkjolen på..

Maren er strålande nøgd med rommet sitt!!!

Nå skal eg ta helg og ha meg ein surferunde rundt hos dåke andre bloggarar :o)
Ynskjer deg ei kjempekjekk helg!!

måndag 18. august 2008

Det er slettes ikkje verst...

..å vera pus når ein kan ligge i godstolen og slappe av dagen lang :o)




ahhh.. nett så vidt ein gidd å gløtte på augene.." er du ikkje snart ferdig med det der, slik at eg kan sova vidare??"

ynskjer deg som er innom ei herleg og avslappande veka..?!