torsdag 30. juli 2009

sylting..

..har vore ein av aktivitetane i heimen i dag, takka vera gode naboar med mange, store og saftige bringebær!

bæra har fått eit oppkok og eg har hatt oppi fruktose som søtningsstoff.

mange boksar med ferdig bringebæsyltetøy klar for frysaren...Mmmm! desse skal me kosa oss med gjennom hausten og vinteren :)

kveldsen til minstesnuppa såg slik ut i kveld..små skivebitar med brunost og bringebær på toppen. Du kan nå tippe kva som vart ete opp fyrst ;)

fredag 24. juli 2009

sommarsleg innandørs


Når sommaren ikkje vil komma tilbake utandørs, får vi heller laga sommarstemning inne.
Eit bilde frå kjøkkenet mitt i dag, med rosa duk på bordet, små skjønne roser frå hagen og rosemønstrete puter frå KID på stolane gjer susen for å oppretthalde sommarstemninga innandørs.

Ynskjer deg som kikkar innom ei strålande flott helg!

søndag 19. juli 2009

små prosjekt på gong..

..og denne gongen er det søte nøkkelringar eg dekorerer.

denne har eg pynta med rosa fløyesbånd, kjetting, små roser..

denne har fått på seg sølvkuler, ein sko og ei veske..

fleire nøkkelringr er under produksjon og vil nok dukke opp her på bloggen om litt..

denne skjønne skåla fekk eg som bygåve av mi kjære svigermor tidlegare i sommar! den er frå green gate og passar fint inn her hos meg :)

tysdag 14. juli 2009

herleg lavendel!

Lavendelen blømer for fullt nå, og tidlegare i dag plukka eg med meg inn ein stor bukett..

eg plar lage små bukettar av lavendelen som eg heng opp til tørk rundt omkring i huset. fargen held seg godt og lagar god, sommarsleg lukt gjennom vinteren :)

Ein stor bukett lavendel står i vasen av fattigmannssølv og pyntar opp på bordet..mm..luktar
himmelsk godt :D

søndag 12. juli 2009

endeleg tilbake!

Det har jaggu ikkje vore mykje blogging frå meg den siste månaden... vi har vore eit par veker på ferie uten pc, og når vi kom heim igjen har veret vore så utruleg flott at vi har vore ute frå morgon til kveld.
Strikkepinnane har likevel ikkje vore i ro sjølv om sola har skine ;)
Denne skjønne kjolen fann eg blant gratisoppskriftene til DROPS på nettet og fall pladask! eg har strikka den til veslesnuppa, og den vert ho nok fin i til hausten/vinteren!
Eg ser heilt klart at eg burde dampa kjolen før eg tok bilde, men, men...

matchande sokkar må vi sjølvsagt og ha til kjolen. Desse var det ikkje mønster på, men eg strikka dei etter eit gamalt mønster eg har liggjande. eg har pynta dei med hekla blomar i samme farge som kjolen..

skjønne blomar i friske fargar :)

Ha ei flott kommande veka, anten du har ferie eller må på jobb!!

laurdag 13. juni 2009

sinkfat

Dette nydelege sinkfatet fann eg på baronessa her hin dagen!! knallfint med "blondekanten" rundt, syns eg :)

det geniale med slike fat er at ein stadig kan bytte ut pynten alt etter kva årstid det er, høgtider osv.. då bli det som ein heilt ny dekorasjon

På fatet mitt har bl.a dette fått plass i dag; ein "love"stein, to telysholdarar i fattigmannssølv, ein liten vase med kvite skjønne nellikar frå eigen hage

Eit prakteksemplar av ein peon frå hagen har fått komme inn i huset. Den er verkeleg litt av eit syn og sper rundt seg med ei herleg duft!

Ynskjer deg ei knallfin helg!!

tysdag 9. juni 2009

brownies m/fruktose

Eg har laga ei nydeleg brownieskake der eg har brukt fruktose istadenfor vanleg raffinert sukker. Denne kan vera eit godt alternativ dersom ein er diabetikar og vil unne seg eit kakestykke.. eller dersom ein berre vil ha eit litt sunnare alternativ til kaffien.

Eg har pynta mi med eit lett melisdryss og eit jordbær på toppen.


Denne kokesjokoladen brukar eg i kaka mi og den er mykje "sunnare" enn vanleg kokesjokolade fordi den inneheld 70 % kakao. Denne kan eg eta nokre bitar av som snacks utan at blodsukkeret fyk til vers ;)

eg deler gjerne oppskrifta med deg ;)


brownieskake

100 gr freia kokesjokolade 70 %
100 gr fruktose
150 gr smør
2 egg
2 ts freia vaniljesukker
100 gr kveitemjøl
75 gr nøtter (kan sløyfast..)

rør smør og sukker kvitt. tilset egg og vaniljesukker
rør inn mjøl, smelta sjokolade og nøtter.
hell røra i ei rund kakeform, ca 24 cm. hugs bakepapir i botnen av forma.
steik på 170 grader i ca 30 min. (kaka skal vera litt halvrå inni)
avkjøl og nyyyyt :)