

Nå har den einaste knoppen på peonen min opna seg..og den er litt av eit syn!! Eg fattar ikkje kvifor det berre har komme ein blom på den dei siste åra. Kanskje det er fordi den er planta for nermare 40 år sidan??
Litt sommarleg pynt har komme inn i stova etter ein liten strandtur..
Ellers har Maren starta badesesongen.. rett nok er det i naboen sitt oppvarma basseng som i går holdt herlege 37 grader :o) Måtte tvinga henne utav etter 2 timar.. fantastisk fine dagar me har her nå!!
Eg kom over dette søte lubne hjertet på "baronessa" her ein dag. Denne passar perfekt til små blomar frå hagen :o)
For øyeblikket er det små stemorsblomar og ein stilk hengelobelia som pyntar opp hjertet.. Syns det er litt fint når lobeliaen heng utover hjertet, medan stemorsblomane står rett opp ;o)
Då er det tid for å ynskja deg ei herleg vårhelg med masse sol!!!!!!
Endeleg er ein av Annette sine fantastiske grisar blitt mine :o) Mina kom i posten tidleare denne veka og ho har funne seg godt til rette i stova mi!!
..bak på skinka har ho denne flotte rosetten med blonder - akkurat slike eg likar det :o)
Ynskjer deg ein flott 17.mai i morgon med masse is, brus og kos!!!
Vi har hatt tre herlege dagar på hytta i Tjølling utanfor Larvik, sjølv om grunnen til oppholdet var begravelse..
Nesten klar til å fanga krabbar :o)
Fantastisk utsikt frå hytta!!
Skjell og mjuk sand høyrer til på stranda..her er nokre flotte eksemplar av hjerteskjell og blåskjell..
![]() |
| Bløming |
Hugsar du at eg skreiv om ein gammal appelsinkasse som eg hadde fått tak i??
oppå toppen står ei mugge med rhododendron frå hagen, og ein bukett med roser som skal tørkast.
På ei av hyllene står ein mini st.paulia i eit glass av fattigmannssølv, ei krone og to små prismesteinar.
Nederste hylla har ein liten keramikkpus, ein rund stein funne på stranda i fjor sommar og ein smal vase med blomar frå hagen oppi.
Sjå kva snille, snille Hulda har skreve om meg i bloggen sin:
og så..bordet vart malt i går! I ein antikkvit farge som er mykje varmare enn den andre antikkvite fargen eg har brukt tidlegare. Bordet vart flott med eit par strøk med maling, syns eg ;o)
..kan brukast til så mangt! Eg har pynta eit av mine med blonde, knytta som sløyfe, rundt kanten og på blonden har eg festa ein av dei kvitmalte klesklypene med rosepynt som eg viste i eit tidlegare innlegg...
Eit nærbilde av blonden og klesklypa som eg har brukt som pynt :o)
I dag har vi vore og rydda ut av huset til mi kjære farmor som dessverre gjekk bort i vinter... Utuleg mange flotte gamle ting dukka opp undervegs, og ein del fekk eg ta med meg heim :o)
Dette gamle bordet fann eg langt inni kjellaren. Det har fått ein omgong med grønnsåpe og nå står det utanfor inngongsdøra mi med ein gamal balje med blomar i oppå..og under! baljane og fekk eg med meg ifrå farmor i dag.. Eg har lurt på å male bordet kvitt, men klarer ikkje heilt å bestemme meg..kva syns du?
Ei superfin kaffikanne som kaffien er blitt kokt i står nå på ein stubbe i hagen med ein fleirfarga lobelia oppi..
5 store norgesglas fekk eg og!! eg har planar for dei og, men har i fyrste omgong vaska dei så får du sjå resultatet seinare..