Nydeleg blomsterpinne frå Lisbeth Dahl i metall og ulike perler. Nydeleg som pynt her hos meg.
Stanga er så lang at eg har den liggjande på eit lite bord. Kan klippe av stanga dersom eg vil ha den i ein dekorasjon eller oppi ei blomepotte saman med ein fin blom.Så over til konkurransen! Dette er mitt innlegg nr 200 på denne bloggen og i samband med det vil eg ha ein liten konkurranse her. Alle som skriv ein kommentar på dette innlegget innan førstkommande onsdag kl 18.00 er med i trekkninga av ei lita gåve frå meg..eg kan røpa at den inneheld noko heimelaga og noko frå yndlingsinteriørbutikken min på Husnes, nemleg baronessa!















