fredag 27. november 2009

klin kokos!

Er navnet på dagens oppskrift, og er ein av kakene eg hugsar frå min eigen barndom :) Særleg mormor og tante Kjersti var nokre reserar på denne kaka.. Den er ein sikker favoritt blant store og små her i heimen.
Kaka krev ingen steiking, med derimot lang vispetid.
Her får du oppskrifta hos meg i dag:

Klin kokos

2 dl vatn
1/2 kg sukker
8 plater gelantin
1/2 dl kokande vatn
250 gr kokosmasse (legg til side ca 2 ss av kokosen til å ha på toppen av kaka)
100 gr lys kokesjokolade
40 gr delfiafett

bløyt gelantinen i kaldt vatn.
visp 2 dl vatn og sukker i ca 10 min
legg den bløytte gelantinen oppi kokande vatn (1/2 dl) og visp kraftig til alt er oppløyst.
tøm det så oppi sukkeret og vatnet og visp i ytterliggare 1 time..
ha så oppi kokosmassen og bland saman.
Hell røra oppi ei kakeform (ca 24 cm) og sett den i kjøleskapet. når massen har stivna heller du smelta sjokolade på toppen og drysser litt kokos på toppen. set kaka inn i kjøleskapet igjen til sjokoladen har stivna.
kaka er så klar til servering :)


Nammm...eit stykke knallgod kokoskake!!!

ynskjer deg ei herleg 1.adventshelg :) gler meg til å finne fram pynt nå og lage adventsstemning i heimen!!

5 kommentarer:

Hulda sa...

Den kaka så både spesiell, og veldig god ut. :) Håper du får ei fin adventshelg, Merete.

Bakketun sa...

Drømme, drømme. Den kaka så god ut!

Den gode feen sa...

Nammenamm, denne er dødsgod. Og så passar det aldeles perfekt at du la ut oppskrifta nå. Eg fann nemleg mi oppriven og samankrølla på stovegolvet forrige veke... Alma som har rydda i oppskriftene mine med andre ord, he he.

Eg gledar meg også masse til å ta fraam julepynten. Hadde planar om åfå det gjort i dag, men får sjå kor langt eg kjem :) Ha ein super dag og ei kjempegod helg!!

Lemi sa...

nam! å har man i tillegg kjeksbunn, så har man en diiiger kokosbolle!!

;)

Barbros lille atelier sa...

Sånn kake er farlig god!! Nam, nam:-) Takk for oppskriften!

God helg!

Klem Barbro