tysdag 7. oktober 2008

lavendelhjerte

Eg har sydd eit forholdsvis stort hjerte fylt med vatt og tørka lavendel. Til hank har eg sydd på ein nydeleg blonde. Dette er tenkt til pynt i nok ei hylle som eg har pussa opp i det siste. Den kjem i eit seinare innlegg ;o)

Og så eit usedvanleg dårleg bilde av ein vest strikka i alpakka med mønster frå DROPS. Det er svigermor mi som har strikka sjølve vesten medan eg har hekla picotkant rundt halsen og "blonden" på brystet. Utruleg lett og behageleg å ha på, så kanskje det blir ein slik til meg sjølv og..

søndag 5. oktober 2008

nyoppussa hylle..

..har for ei lita stund sidan blitt hengt opp på soverommet. Eg tok dessverre ingen før og undervegsbilder, men hylla var trekvit. Den er gammal og har hengt i garasjen i årevis. Eg drog den fram, vaska den, gav den eit par strøk med kvitmaling.
Til slutt pynta eg kantane med litt blonde.

Litt diverse pynt har fått plass på hylla, blant anna ein liten telysholdar, ein vase i fattigmannssølv med tørka lavendelblomar oppi, og eit nydeleg hjerte som Katarina har sydd!

Nå er straks helga over og eg ynskjer deg ei flott kommande veke :o)

torsdag 2. oktober 2008

bordpynt

Det er alltid kjekt å pynte med blomar på bordet, og sidan det byrjar å skrante litt på dei langstilka sommarblomane no, har eg laga til litt bordpynt til stovebordet med det som er igjen av dei søte små rosa rosene mine, ei peacerose og telys i flytebeholdarar.

Dekorativt og litt stemningsfyllt med lyset saman med flytande roseknoppar.

her er eit lite glimt av kor eg tilbringer kveldstimane for tida. i godstolen med eit lunt pledd og strikkekorga ved sida av. Her vert det produsert julepresangar i stor stil nett nå :o)

I morgon er det fredag igjen og eg nyttar samtidig sjangsen til å ynskje deg ei strålande flott helg!

onsdag 1. oktober 2008

..og vinnaren er....

Lappane med alle navna på vart bretta og putta oppi ei skål.. Maren stod for trekkinga og den heldige vinnaren er:

H@rmoni!! og då treng ikkje pakken ta turen lenger enn til Husnes til Hilde ;o) gratulerer så mykje!!

Tusen takk til alle som la inn kjekke kommentarar!

måndag 29. september 2008

konkurranse og blomsterpinne

Nydeleg blomsterpinne frå Lisbeth Dahl i metall og ulike perler. Nydeleg som pynt her hos meg.


Stanga er så lang at eg har den liggjande på eit lite bord. Kan klippe av stanga dersom eg vil ha den i ein dekorasjon eller oppi ei blomepotte saman med ein fin blom.

Så over til konkurransen! Dette er mitt innlegg nr 200 på denne bloggen og i samband med det vil eg ha ein liten konkurranse her. Alle som skriv ein kommentar på dette innlegget innan førstkommande onsdag kl 18.00 er med i trekkninga av ei lita gåve frå meg..eg kan røpa at den inneheld noko heimelaga og noko frå yndlingsinteriørbutikken min på Husnes, nemleg baronessa!

søndag 28. september 2008

haustpynt

No var det på tide å ta bort sommarblomar og setje fram litt haustpynt. Naturen er utruleg vakkert nett no med alle dei nydelege fargane..

Ein stor bukett med haustblad i ulike fargar, rognebær og oktoberroser står til pynt i ei gammal kermikkpotte.

Det store brune keramikkfatet, som i sommar var fyllt med skjell, har nå fått kastanjenøtter, nyper og nokre greiner og blad til pynt..

Dette kubbelyset har eg pynta med haustblad, ei nype og litt hamphyssing. Inspirasjonene til dette er henta frå det siste vakre hjem og interiør, viss du syns at du hadde sett noko liknande før ;o)

Nyt resten av søndagen og ha ei flott kommande veka!!

fredag 26. september 2008

stemningsbilder på ein fredag ;o)

Roen har senka seg i heimen. Me har tent mange stearinlys og har akkurat sunke ned i sofan for å kose oss med skal vi danse, senkveld og dei andre typiske fredagsprogramma..

Strikketøyet ligg ikkje langt vekke og nå er det faktisk ein julepresang som er på pinnane.. kan ikkje røpa meir, for mottakaren er innom her rett som det er, veit eg..

Håpar du har komme i god helgestemning etter desse bildene frå heimen min..

Og snille mannen i heimen kom med desse nydelege liljene i dag! kjempekjekt å få ein slik overraskelse på ein fredag :o)

Då vil eg til slutt ynskje deg som er innom ei knallfin hausthelg!!!