fredag 9. oktober 2009

blømande sokkar

Eit nytt sokkepar er ferdig. Denne gongen er det Maren som har bestilt eit par ekstra lange sokkar med blomar langs kanten ;)

Øverst på sokkane hekla eg og ein kvit picotkant.
Blomane er blitt til av restegarn og blir dekorativt når sokkane stikk opp frå sko og støvlar :) "akkurat slik eg ville ha dei!" var kommentaren frå Maren når dei var ferdige.
supert syns eg!

Ynskjer deg som kikkar innom ei knallfin helg :)

onsdag 7. oktober 2009

kjole til ei lita prinsesse..

..er endeleg ferdig! Litt einsformig og kjedeleg å strikke så mykje einsfarga, men slikt passar jo t.d til tv-strikking ;)
Mønsteret er henta frå eit gamalt utklipp frå eit vekeblad, og som vanleg har eg gjort ein del endringar.. Det skulle eigentleg vera kant nederst og rundt armane med "pelsgarn" som var så veldig in for nokre år sidan. Denne kutta eg ut, og hekla heller ein picotkant.
Garnet eg har brukt er SISU.

Detaljar frå kjolen. Ei prinsessekrone er brodert inn (av London Gull) på brystet og ei off-white sløyfe er tredd rundt livet.

Nederst på kjolen, striper av "gull" og hekla picotkant.

Eg har meir på lur som er ferdigstrikka, så eg er nok straks tilbake med eit nytt innlegg :)

søndag 20. september 2009

tunika

Eg har strikka denne tunikaen til Maren i bomullsgarnet mandarin. Mønsteret er henta frå heftet mandarin dame frå sandnes garn.
passformen er utruleg fin og den sit som eit skudd på den store jenta mi :)
fargane har ho teke ut sjølv, og sjølv om ho no er 11 år er rosa og lilla ein farge som ho ikkje heilt klarer å gje slepp på..

Ellers må eg berre vise dei nydelege fargane på blomane på hotensiabusken min nett no. sjølv om dei held på å miste den flotte blåfargen er fargane som kjem fram før dei visnar, utruleg flott..grønn,rosa, lilla...herleg!!

Ein stor bukett har fått komme inn på bordet, og skal pynte opp mellom kaker og diverse for i morgon feirer vi 2-årsdag i huset!!
hipp hipp hurra for veslesnupp :)

torsdag 10. september 2009

knasande gode knekkebrød!

Desse heimelaga knekkebrøda kan anbefalast på det sterkaste! knallgode og mettande til tusen. og dessutan er dei enkle å lage :)
Oppskrifta såg eg på "god morgen, Norge" for ei stund tilbake og har sidan då baka fleire ladningar som forsvinn kjapt.

Eg deler gjerne oppskrifta med deg:


Knekkebrød

4 dl grov rug
4 dl lettkokte havregryn
2 dl solsikkekjernar
1 dl linfrø
1 dl sesamfrø
7 dl kaldt vatn
1/2 - 1 ts salt

Bland alt saman og la røra stå og svelle i 10 minutt
strø røra over steikeplata med bakepapir. det er nok til 2 1/2 plate
bruk ein slikkepott til å dra røra utover platene. (det kan vera lurt å duppe den i vatn slik at røra ikkje klistrar seg til slikkepotten)

steik på 180 grader i 40 minutt, skru deretter ovnen ned til 50 grader og steik i 20 minutt til.
du kan ha fleire brett i ovnen om du har varmluftsovn.

Lykke til!!


Mmmm..kveldsen min i kveld er heimelaga knekkebrød med salat, skinke og agurk :)

tysdag 8. september 2009

liten rosett

Ein liknande rosett/blomst som denne såg på ein eller anna blogg, men hugsar ikkje kva for ein.. tenkte eg ville prøve å hekle ein slik sjølv og nå er det gjort :)
Eg hekla 2 runde lappar som eg sydde saman og fylte med vatt. Deretter sydde eg stramt med ein tynn tråd rundt med jevne mellomrom slik at det ser ut som blad. etterpå festa eg på ein knapp på toppen..

Desse kan lagast i alle slags størrelsar, og kan brukast som pynt på vesker, sjal og liknande eller berre som pynt som på bilder her..

måndag 17. august 2009

er hausten kommen for å bli??

slik føles det iallefall her på Vestlandet for tida.. Regnet bøttar ned i store mengder og gradestokken ligg på rundt 12-13 grader. ikkje mykje som minnar om sommar, nei! (bortsett frå i dag..då har til og med sola kikka fram)

Ikkje det at det gjer meg så mykje for eg er av dei som elskar hausten med regn, storm, og mørke kveldar.. koseleg å tenna mange lys og finne på innaktivitetar. Dessutan er det så forfriskande å ta seg ein tur ut i slikt ver, for ikkje å snakka om kor godt det er å komma inn i varmen etterpå :)

I går hadde eg meg ein god tur i skogen i plaskande regn, og då plukka eg med meg diverse greiner av ulike sortar og laga meg ein liten haustbukett til å ha utanfor inngongsdøra. Det er den du ser på bildet ovanfor.

ellers hadde eg middagsgjester i går og derfor plukka eg og med meg ein liten bukett til å ha på bordet. Røsslyng, blåknapp og blåklokker passar fint saman..

Ha ein herleg mandag, folks!!

onsdag 5. august 2009

H for...

.. f.eks Heim, Hjerte, Håvard, Haldis (eller "Hjallis" som du etterlyste ..he,he) Hobby, Håndarbeid, Himmel!
som alle er viktige for meg :)

Ein del ny og gammal pynt har flytta rundt i stova. Den gamle hylla har fått ein stor H som dekorasjon saman med anna dill som har pynta opp andre stader i huset.
Under hylla har eg hengt opp eit par prinsessekroneknaggar som har fått nokre sinkhjerter og ei lykt på..

ei heimelaga lykt, ei rose og ein liten vase med rosebukett oppi har fått plass på hylla saman med H'en

Ein orkide har takka for seg, og blomane som var ganske slappe og datt av putta eg oppi ei skål med vatn. Blomane vart då fine igjen og pyntar opp på bordet!

då er det fram med strikketøyet, ein surferunde, og litt avslapping før eg tar kvelden :)