måndag 30. april 2007

Ei opplevelsesrik helg


Denne helga har vi blant anna vore på open dag på sunnhordaland folkehøgskule på Halsnøy. Elevane der hadde laga til ulike aktivitetar som ungane kunne melda seg på. Maren og Mari fekk ansiktsmaling og var med på dansegruppe, vi såg barneteater, grilla og mykje meir! Ein koseleg dag for store og små!
Her har vi fantastisk ver for tida, så nå er det berre å komma seg ut i hagen igjen ;o)

fredag 27. april 2007

God helg!















I dag har vi hatt ein strålande flott dag her på Valen, med over 20 grader i skyggen og strålande sol :o) Slikt blir me i godt humør av ;o))))
Pga den plutselege varmen blømer det veldig i hagen min nå, reine eksplosjonen ;o) Så med desse bildene frå hagen vil eg ynskja deg ei flott helg!

torsdag 26. april 2007

bind deg ein blomekrans..


Har putla med kunster frå barndommen i dag.. løvetannen har poppa opp mange plassar rundt huset og då klødde eg i fingrane etter å bitta ein krans :o)
Og Maren måtte sjølvsagt prøva den på..glad og nøgd!

onsdag 25. april 2007

Calorimetry



Fekk så lyst å prøve meg på eit lite strikkeprosjekt igjen etter gamalt, men kjenner at det blir med dette eine for ei stund... Har sett på andre bloggar at mange har strikka dette hårbåndet kalla calorimetry. Det er herleg å ha på og passforma er super pga måten det er strikka på. Eg har strikka mitt i ein rest EVILLA plategarn på pinnar 2,5. Gratisoppskrifta har eg funne på http://knitty.com. Sidan det er ei gratisoppskrift freistar eg meg til å oversette den til norsk og leggja den ut her:
Calorimetry
Legg opp 120 masker
1.omg: Strikk alle maskene i ribbestrikk 2r, 2vr
2.omg: strikk ribbestrikk til det gjenstår 2 masker, snu arbeidet
3.omg: løft av ei maske, strikk 3 masker (i ribbestrikk), sett på ein maskemarkør, strikk til det er 2 m igjen på pinnen, snu arbeidet
4.omg: løft av 1 maske, strikk 3 masker, sett på til maskemarkør, strikk til neste markør, snu arbeidet
5. omg: ta av maskemarkøren, løft av ei maske, strikk 3 masker, sett på markøren igjen og strikk fram til neste markør, snu arbeidet. Strikk 5.omg 15 gonger til.
omg 6: Ikkje fjern maskemarkøren. løft av ei maske, strikk til neste markør, snu arbeidet. Nå skal det vera 44 masker mellom maskemarkørane og 38 på kvar utside av markørane :o)
omg 7: Løft av ei maske, strikk fram til maskemarkøren og ta den av. strikk 4 masker og sett markøren på igjen, snu arbeidet. Strikk 7.omg 17 gonger, til det berre er 2 masker igjen utanfor maskemarkørane.
omg 8: Løft av ei maske, strikk bort til maskemarkøren og ta den av, strikk dei to siste maskene. Strikk ein omgong til der du fjernar siste m.markøren. Fell laust av alle maskene.
Fest ein knapp i eine enden og vips så har du eit nytt hårbånd :o)

tysdag 24. april 2007

Det spirer og gror :o)


Som de kanskje huskar skreiv eg eit innlegg i den gamle bloggen min om at me hadde tørka paprikafrø og sådde dei i minidrivhuset vårt, og nå spirer det endeleg i vinduskarmen :o) Maren har kikka forventningsfullt gjennom glasslokket nesten kvar dag etter at vi sådde frøa, så gleda var stor då ho endeleg kunne skimta noko grønt nede i den brune jorda!
Har tatt av lokket nå slik at stiklingane ikkje skal bli så tynne og stenglete..

søndag 22. april 2007

babysokkar



Ein stor fordel med å ha ei skulder som ikkje er heilt god, er at då får eg gjort ferdig ein del av UFO`ane mine.. Monteringsarbeid og lett damping av strikka tøy passar bra som arbeid for meg nett nå ;0) Drog fram desse to små para med babysokkar i går og og nå er dei heilt ferdige.. dei med band i er av eigenkomponert mønster medan dei andre (nederst) er mønster frå DROPS-design.

fredag 20. april 2007

Ting og tang frå Annas rom :o)

I dag kom det pakke i posten til meg frå http://annasrom.no/ og eg er strålande fornøyd med alt eg bestilte!! Sjå berre her kor mange flotte ting :o)
Denne krona har eg lenge hatt lyst på, og nå hadde Anniche endeleg fått den inn i butikken sin!

Nydeleg krukke i fattigmannssølv med hank
Ramme i fattigmannssølv med mønster og blanke steinar

Anniche hadde putta oppi ein liten overraskelse til meg og!! Dette vesle sølvfarga glaset. det har små mønster på seg men det viser ikkje så godt på bildet..oppi glaset ligg det små frø med Durance cotton flower som lukta berre sååå utruleg godt. Desse skal vera fine å ha i støvsugaren så brer den herlege lukta seg i alle rom..
Overraskelsen var pakka så fint inn i ein papirpose med eit svart/kvitt nostalgisk bilde på, men den gløymde eg å ta bilde av... Posen var knytt saman i enden med denne tråden med kors på. Det var så fint og dekorativt syns eg så eg hengte det på eit kubbelys som eg har ståande i stova! Då vil eg til slutt ynskje deg som er innom ei flott helg!!




torsdag 19. april 2007

ulltrøyer..


Eg strikka tidlegare i vår desse to ulltrøyene på bestilling. Men si det ikkje har hasta med å få overlevert dei har dei blitt liggjande umonterte.. I går fann eg dei fram att, sydde dei saman og monterte på knappar.

Den til venstre er strikka i askeladden angora og er fantastisk mjuk og den til høgre er strikka i tynn alpaca frå DROPS design og er nesten like mjuk den og ;o) I morgon blir dei sendt avgårde, og eg håpar mottakaren vert nøgd!

onsdag 18. april 2007

Kven har sagt at strikkesokkar treng vera kjedlege..


Eg kikkar ofte innom bloggen til lensom http://blogg.hobbyboden.com/lensom/ og i eit innlegg for ei stund sidan viste ho bilde av nokre herlege strikkesokkar og la ut ein link til sida der ein kunne finne fleire sokkar..helledussen kor mykje flott... Her er noko å kikke på for deg dersom du er litt lei av dei vanlege raggesokkane ;o) Du kan og kjøpe mønster her! http://cookiea.com/index.php

måndag 16. april 2007

Hekla sjal


Eg har hekla eit trekantsjal i alpakka frå sandnes i ein dus gammalrosa farge. I stadenfor frynser har eg hekla ein kant rundt.. syns liksom frynsene var litt i veien ;o)

Herleg og mjukt sjal å ha rundt skuldrene på kjølege vårkveldar.

søndag 15. april 2007

Ein flott søndag



I dag har me verkelg ein heilt fantastisk dag her på Valen!! 17 grader i skyggen og knall sol frå skyfri himmel.


rett etter frukost tok me oss ein sykkeltur ned til sjøen..fekk nesten litt sommarfølelse :o) Vi plukka med oss ein svær bukett med kvitveis, for det er det mykje av her no!


I ettermiddag hadde vi oss ein tur til ritellet. Det var open dag der i dag og Maren fekk ri både i kjerre og på hest, noko som er kjempestas kvar gong :o)
Nå må eg skunda meg ut i sola igjen ;o) Ha ein flott søndag!


laurdag 14. april 2007

Velkommen til min nye blogg ;o)


Hei og velkommen til min nye blogg.. Framover vil det vera i denne bloggen eg kjem til å vera aktiv!