søndag 30. desember 2007

Godt nyttår!!


Me nyt herlege romjulsdagar med god mat, snop og speling av ulike spel som låg under juletreet denne jula :o)
På bildet er det Tigergutt som kosar seg under juletreet, oppå nissesekken..i dag har han fått tak i ein liten gnom og som han leikar og kosar seg med :o)
Tida er inne for å ynskja dåke alle, som har besøkt bloggen min gjennom det siste året,
Godt Nyttår! Takk for alle kommentarar og elles manger gode idear frå dåke! Eg hentar mykje inspirasjon gjennom å lesa og kikka i bloggane hos dåke :o)

laurdag 22. desember 2007

God jul!

Nå er det endeleg juleferie..og vi kan senke skuldrene og bare nyte herlege fridagar saman med slekt og gode venner :o)
I dag har vi gjort unna husavasken og pynta treet så nå kan vi bare kose oss og vente på den store dagen!
Med eit lite nærbilde av ein søt glassengel og eit lys på treet vårt ynskjer eg alle mine bloggvenner og elles andre som er innom her ei herleg julefeiring med masse kos! Ei spesiell Takk til alle dåke som er flittige og skriv kommentarar på innlegga mine :o)

God Jul!!

onsdag 19. desember 2007

Gåve frå min hemmelege venn

Denne flotte gåva låg i postkassen min i dag! Nydeleg innpakka i gråpapir med eit belte av kvitt papir med sølvglitrande mønster på :o)

Dette var inni det fine papiret; flotte juleserviettar, ein pose med lavendel, 3 til-frå lappar og ein knallstilig engel som vennen min har laga sjølv!

Slik ser engelen ut! Laga av ein gamal lampeskjerm, blonder, streng perler og prismer..imponerande kor kreative folk er :o) Engelen skulle absolutt vore sett i verklegheita, for på bildet her ser du ikkje alle detaljane..
Tusen takk min hemmelege venn!!!

måndag 17. desember 2007

Kakemenn

Det er aldri jul her i huset før vi har baka kakemenn, så i dag tok vi kjevle og former fatt og sette i gong! Her ser du Maren i djup konsentrasjon med å trykka ut damer, menn, hjerter, grisar og stjerner :o)

Tynne kakedamer og menn før steiking..

Til slutt hadde vi eit fjell av tjukke og gode kakemenn..mmm...det luktar jul i huset etter steiking!

laurdag 15. desember 2007

baskerlue

Eg har strikka ei baskerlue i rosa alpakka frå sandnes garn. Den er såå mjuk og god og bra passform er det på den og!

Ynskjer deg som er innom ei flott 3.adventshelg :o)

måndag 10. desember 2007

litt nytt..

Eg har vore å handla litt på "baronessa" for eit gavekort som eg fekk her hin dagen. Butikken har fått inn såå utruleg mykje fint nå før jul og denne gongen kjøpte eg det "gamle og slitte" skiltet som du ser i bakgrunnen, osteklokka til venstre i bildet og juletreet i fattigmannssølv til høgre.
Osteklokka skal eg ha ein liten juleblom i, men i dag har eg berre pynta den med ei krone inni og litt blonde på toppen..

torsdag 6. desember 2007

Smockies

Har strikka meg eit par fingerhanskar kalla smockies. Desse og er det BenteB som har laga oppskrift til. Mine er strikka i brun silja på pinnar 2,5 og pynta med rosa perler oppsida. Kjempeherlege og dekorative når ein skal ut ein kald vinterdag..noko som det forøvrig ikkje er her..10 grader og øsande regn

Eg nyttar samtidig sjansen til å ynskja deg god helg!

tysdag 4. desember 2007

Sukkertøysokkar ;o)

Eg har strikka meg eit par sokkar i SISU glitter, som minner mest om sukkertøy pga fargane eg har brukt :o)
Øverst har eg hekla ei bord med bølger som pyntar ekstra opp.

Eit nærbilde av borda og kanskje du ser glitteret i garnet og, dersom du kikkar godt etter..Det viser mykje betre i virkeligheten

søndag 2. desember 2007

1. søndag i advent

ohh..nå rasar tida avgårde mot jul her!! Allerede 1. søndag i advent i dag og vi har kosa oss i helga med å plukke fram ein del pynt som blant anna adventsdekorasjonen på bildet ovanfor. Jammen er det ei koseleg tid nå framover :o)

Eg tek med eit bilde av adventskalenderen til Maren, som farmora hennar sydde til henne då ho var 2 år. Den er kjempeflott og så forseggjort at den heng framme til pynt heile jula, også etter at alle pakkane på den er opna.
I desembermånaden er det iallefall ikkje vanskeleg å få snuppa opp av senga om morgonen.. ho sprett opp kvar dag i spenning over kva som er inni pakken :o)
Ha ei flott første veke i desember alle saman!!

fredag 30. november 2007

Smock hat

Såg denne hua på bloggen til BenteB og syns den var så utruleg flott, så derfor bestemte eg meg for å prøve å strikke ei slik til Maren. BenteB har faktisk laga mønsteret sjølv og det ligg tilgjengeleg på bloggen hennar!
Eg har strikka denne i dobbel SISU så den er veldig varm og mjuk :o)

Ei glad og nøgd jente med ny hue!

Ynskjer deg ei herleg adventshelg!

onsdag 28. november 2007

pyntekroner

Eg har kjøpt meg to nye kroner til å pynte i heimen med og desse er verkeleg detaljrike og flotte og i tillegg var ikkje prisen så verst heller ;o) kjøpt på ein lokal interiørbutikk!

søndag 25. november 2007

Søndag..

..og Maren har vore ute på open dag på ritellet i bygda. Alltid stor stas å få ri og klappa på desse flotte og søte skapningane :o) Dessverre vart alle bilda av Maren på hesteryggen uklare, så dette bildet får gjera susen denne gongen!

fredag 23. november 2007

God helg!

Med dette stemningsbildet ifrå heimen ynskjer eg deg som er innom ei flott helg!

onsdag 21. november 2007

Ein herleg engel :o)

Nå i denne søte førjulstid vert det produsert julepynt rundt om i barnehagar, skular osv..
I går kom Maren heim frå hobbyklubben med denne herlege engelen som vi skal pynta med når jula nermar seg litt meir.. Eg syns den har eit fantastisk søtt ansiktsuttrykk (som ho har teikna på sjølv) og eg kjenner at vert glad av å sjå på den! Det er ekstra stas med julepynten som ungane lagar og det er like spennande for dei å vera med kvart år og rota fram tidlegare produsert pynt!

måndag 19. november 2007

Ein liten kikk..

på noko av det eg held på med for tida ;o) Eg hadde aldri trudd at eg skulle strikke diverse ting med hodeskallar på, men det er nettopp det eg gjer nå.. Dette blir rasande stilig til ein liten pirat og eg gler meg til eg kan vise det skikkeleg fram etter jul!
Ha ei flott og kreativ veke, folkens :o)

fredag 16. november 2007

Sokkar og helg :o)


Har strikka eit par herlege sokkar i fleirfarga SMARTgarn. Syns fargane som er sett saman på spesielt dette garnet er nydelege..får nesten lyst på litt TRESS is når ein ser på sokkane ;o) Og rosa og brunt er jo framleis ein av favoritt fargekombinasjonane mine.
Nye sokkar er på pinnane nett no i ein anna fargevariant av det samme garnet..
Då vil eg ynskja deg som er innom ei flott helg!

tysdag 13. november 2007

JIHAA!!! I`m back :o)

ENDELEG var maskina på plass i heimen igjen, og den fungerer jammen som den skal og ;o) Eg må berre få sei tusen takk for alle kommentarane som dåke har sendt meg medan eg var uten pc! Kjempekjekt å lesa dei når eg logga meg på igjen i kveld!
Her har ikkje strikkepinnar eller heklenål lege stille i det siste, men som sagt tidlegare er det mange julepresangar som er under produksjon nett nå og dei kan eg jo ikkje vise før etter jul! Dåke får likevel ein liten kikk her.. denne hua er strikka i mørkeblå sisu og pynta med kvitt sløyfebånd. Blir søt på eit lite jentehovud denne her!

måndag 29. oktober 2007

KRÆSJ..

Eg er nett innom ein kjapp tur på lånt datamaskin for å sei at maskinen min har kræsja...argh..!!! Så irriterande og frustrerande :o(
Det kan derfor ta litt tid før eg er tilbake her med nye innlegg..

torsdag 25. oktober 2007

vottar

Nå har det vore kaldt nokre dagar her og Maren bad mammo så fint om å lage eit par vottar.. Desse vart til i løpet av 3-4 kveldar og snuppo vart kjempenøgd når ho fekk dei i kveld ;o) Fargane plukka ho ut sjølv og då vart det sjølvsagt rosa! (er restar etter kjolen i forrige innlegg..alltid kjekt å bli kvitt restane!)
Mønsteret heiter Monicas votter og er henta frå ei bok som eg ikkje hugsar navnet på nett no..
Ellers held eg på med ein del "hemmelighetar" som ikkje kan visast på bloggen før etter jul ;o)
God helg til deg!!

måndag 22. oktober 2007

Kjolen er ferdig :o)

Kjolen i str 2 år er ferdig! Den er strikka i SISU og vart meir eller mindre til etter kvart som eg strikka.. Borda nederst fann eg mønster på i eit gamalt norsk ukeblad, og fellingane til arm og hals fann eg i heftet eg kjøpte som eg viste i eit par innlegg lenger nede. Pynta den så med eit rosa tvinna bånd, ein blom og rosa hekla kant rundt arm og hals. Søt kjole til ei lita prinsesse dette her..
Nærbilde av pynteblomen..

fredag 19. oktober 2007

Eg har fått pakke!!

Pakken frå min hemmelege interiør-venn kom for eit par dagar sidan, men eg har ikkje hatt tid til å leggje inn bilde av den før nå.. Oppi eska låg denne fine pakken med sølvfarga papir og hyssing rundt :o)
Og inni pakken låg det ei søt kvit brikke med kvit blomstersaum på, eit hjerte til å hengja opp og ein søt telyshaldar. Alt passa perfekt inn her hos meg, så tusen takk for fin pakke, min hemmelege venn! ..eg har ikkje peiling på kven du er ;o)
Ynskjer samtidig deg som er innom ei superduper helg!!

tysdag 16. oktober 2007

Nostalgi

Her er eit par motiv, eg har knipsa bilder av, med litt nostalgisk preg over seg..
Gamle, velbrukte melkespann på rekkje og rad inntil låveveggen..

Ein gamal kraftstasjon..

søndag 14. oktober 2007

Haustfargar..

..er fantastisk flotte og eg klarte å fange ein del av dei med kameraet mitt i dag når eg var ute og gjekk tur. Øverst ser du eit kastanjeblad :o)


Under svære bøketrer ligg det eit teppe av brunoransje haustblad som er flotte kontrastar til grå trestammer.. blodlønnen i hagen har mista nesten alle dei flotte raude blada sine, og nå ligg dei som eit raudt teppe under treet..
Hausten er rett og slett flott syns eg ;o)


laurdag 13. oktober 2007

Nytt prosjekt på pinnane

I dag er det surt, vått og kaldt ute og et nyt dagen inne med nytt strikketøy :o) Eg har starta på ein liten kjole i cerise sisu. Eg har teke utgongspunkt i kjolen på bildet som er henta frå heftet SISU barn nr 0601 frå sandnes garn, men gjort ein del forandringar og plukka litt frå andre oppskrifter eg har hatt liggande. Kjolen i heftet er fin nok den, men eg likte ikkje heilt at pynteborda nederst skulle strikkast først i ei lang remse som skulle syast saman og så skulle ein plukke opp masker etterpå og strikka resten av kjolen derifrå...
Eg strikkar nok jakka som høyrer til kjolen etterpå, for den er så søt passar så godt til kjolen.
Nå skal helga nytast! Ynskjer deg som er innom ei superfin helg ;o)

søndag 7. oktober 2007

Lommetøfler

Då er eg tilbake etter ei opplevelsesrik helg med slektsstevne. Artig å treffe alle desse folka som eg ikkje har sett sidan eg var ei lita jente..mange av dei kjente eg faktisk igjen sjølv om det er over 20 år sidan sist eg såg dei..artig var det!! Og tusen takk for alle dei koselege kommentarane de har skrive medan eg har vore borte :o) kjekt å lese no når eg kom heim!
Av handarbeid eg har halde på med dei siste kveldane er det desse lommetøflene eg har strikka og dekorert. Syns dei blei søte med ein hekla blomst og ein knapp oppå den igjen.


Her ser dåke tøflene i ulike fargar..
Då må dåke alle ha ei flott kommande veke :o)

torsdag 4. oktober 2007

Så var det snart helg igjen :o)

Litt tidleg ute med å ynskje god helg denne gongen..eg står framfor ei travel helg med tur til heimplassen min på slektsstevne. Det blir utruleg spennande å treffa mange gode venner igjen, nokre som eg ikkje har sett sidan barndommen og ein god del som eg aldri har truffe før..
Den nydelege buketten på bildet ovanfor kom sambuaren min heim med forrige laurdag etter å ha spela 250 fotballkampar for det lokale A-laget her og den gav han vidare til meg :o) Syns det var så fint med lyng, pyntekål, store nellikar, roser og grønt ilag! Etter 1 veke står den framleis like vakker i stova vår :o)
Då vil eg ynskje deg ei fin helg!!

måndag 1. oktober 2007

sofakroken vår..

Vi har endeleg bytta ut den gamle sofan vår som er over 20 år gammal, så det var på tide kan du sei..
Eg har lenge ønska meg ein kvit sofa, men venta med det pga barn og kattar i huset. Nå har eg overteke søster mi sin sofa for å sjå korleis det fungerer meg kvit sofa her hos oss ;o) Den er 4 år gamal og kjøpt hos http://bolia.com.
Bildet på veggen har søster mi malt og det er eg så utruleg fornøyd med :o) Gå gjerne inn på sidene hennar http://hij.no for å sjå fleire av dei flotte bildene ho malar!

søndag 30. september 2007

og vinnaren er...

22 navn var med i trekkinga og desse vart skrivne opp og klypt ifrå kvarandre..
..og rota saman oppi ei skål før eg fekk hjelp av min kjære til sjølve trekkjinga..

Lappen som vart trekt stod det Elin1976 på!!! Gratulerer Elin du er den heldige vinnaren og vil få ein pakke i posten frå meg ein av dei nermaste dagane. Det var vel ei koseleg overrasking på ein søndagskveld :o)






fredag 28. september 2007

10.000 :oD

Besøkstallet på bloggen min nermar seg 10.000 sidan eg la inn web-counteren i sommar, og i samband med det vil eg senda ei overrasking i posten til ein av dåke som legg igjen ein kommentar på dette innlegget før førstkommande søndag kl 18.00. Då vil eg trekkja ein vinnar som blir offentleggjort søndag kveld.. Hiv deg med, for vi er vel alle einige i at det er spennande med pakke i posten ;o)
Ønsker deg med det samme ei herleg helg!!

onsdag 26. september 2007

Ullundertrøye

Eg har strikka ei ulltrøye igjen, denne gong i ca størrelse 2 år. Eg har teke utgongspunkt i askeladden si oppskrift, men har forstørra mønsteret sidan den oppskrifta berre går til 18 mnd. Denne gong har eg brukt SISU glitter, men det viser ikkje så godt på bildet.. Rhododendrongreina som ligg oppå plukka eg i hagen i ettermiddag. Blomstrane blir visst litt forvirra av det varme haustveret og blømer på nytt igjen nå. Dei skal jo eigentleg ikkje bløme før i april...

måndag 24. september 2007

gammalt..og nytt ;o)

Oppi skogen her står mange gamle skur og alle har sin sjarm! Eg måtte bare ta bilde av dei værbitte plankane, rustne hengslene og den forholdsvis nye hengelåsen.. Når eg tuslar rundt slik åleine på tur så grublar eg nå alltid over eittkvart.. og denne gongen var det desse tankane som svirra..
Kvifor er hengelåsen så mykje nyare og blankare enn resten av skuret??
Har nokon brote seg inn og øydelagt den gamle hengelåsen??
Var den forrige hengelåsen av så dårlig kvalitet at den rusta bort lenge før hengslene??
Har eigaren mista nøkkelen slik at han måtte kjøpa ny hengelås?? (det er forresten noko som lett kunne ha skjedd meg :o) rotekopp som eg er..)
Er hengelåsen av så god kvalitet at den faktisk er like gamalt som resten, men har holdt seg like fin??
Kva trur du?????

søndag 23. september 2007

Ut på tur..

Turen i dag gjekk ned til sjøen. Herleg å tutla langs stranda og plukka skjell og vassa med støvlar på ;o)
Hausten er kommen, det viser tydeleg igjen på desse gamle kastanjetrea

Vatnet frå fjellet kjem fossande ned i sjøen, og etter alt regnet me har hatt er det mykje vatn som kjem ned..

Heilt nede ved sjøen ligg dette flotte huset. Det heiter Ekely og er ein eigen avdeling som høyrer til Valen psykiatriske sjukehus. Har mange gonger gått tur forbi her og drøymt meg vekk..tenk å hatt eit slikt hus!
Nå er snart søndagen over så eg ønsker deg ei fin veke :o)