torsdag 28. mai 2009

Så yndige og små..

..er dei nydelege små forglem-meg-ei-blomane!

desse veks vilt på plenen vår og i ettermiddag eg fekk plukka med meg ein liten bukett før mannen rasa over dei med plenklypparen ;)

blomane har fått plass i ein liten kvit vase som passar perfekt til slike små bukettar

Litt pynt på trappa i den gamle kassen min..

ynskjer deg ei strålande flott pinsehelg!!

måndag 25. mai 2009

eit alternativ til dei kjedelege skivene i matpakken..

kan t.d vera heimelaga horn med ost og skinkefyll :)
Kven har vel ikkje opna nisteboksen og ...ufff..får bare lyst å pakke den saman igjen. Eg blir iallefall utruleg lei av dei skivene mine når eg har niste med på jobb kvar dag.
Så i dag har eg baka ein heil haug av desse og fyllt opp frysaren, til glede for både store og små nistespisarar i heimen ;)

Eit herleg barndomsminne er nysteikte horn med bringebærsyltetøy som fyll...namm..
blei ein del av denne sorten i frysaren og.
Desse passar best som dessert eller som noko godt attåt kaffien pga det søte fyllet.

måndag 4. mai 2009

søte boksar..

..frå green gate er handla inn :) boksane finns i mange ulike storleikar.Den minste på bildet vert nok brukt til matboks til veslesnuppa når ho byrjar i barnehagen til hausten.

Baronessa på Husnes har og fått inn ein del servise, små dukar, serviettar m.m i dette merket og det er jo så nusseleg med ein kombinasjon av prikkar og blomar i skjønne fargar.
Her er noko for ein kvar smak!

Ellers er det utruleg herleg nå når det blømer for fullt i hagen og ein kan ta inn friske blomar og pynta med rundt i huset. denne oldemorvasen er eg så glad i og syns fasongen på den er så fin. Den vart kjøpt hos annas rom for eit par år sidan. No har den fått ei rosa sløyfe av blonde som pynt.

eg ynskjer deg ei super veka!