måndag 30. mars 2009

ulltrøye

Eg har strikka ei skjønn rosa ulltrøye til veslesnupp :)
Mønsteret er frå askeladden, men der går berre mønsteret opp til 12-18 mnd, så eg har lagt opp litt fleire masker og eksperimentert litt. I tillegg har eg hekla ein søt picotkant rundt armholer, hals og på kanten nederst. Det gjekk bra for ulltrøya passa perfekt. I mønsteret står det ullundertrøye, men eg brukar det meir som ein vest oppå ein body eller tynn genser.

mjuk og god..
Halsutringinga går an å knappa opp slik at trøya glir lettare over hovudet :) skjønne små blomeknappar set prikken over i'en!


ellers er det dette som er ein av dei kjekkaste aktivitetane for tida :) trilla pusen eller dokka i vogna..

Ynskjer deg ein super mandag!!













'

fredag 27. mars 2009

God helg!

fredagsroen har senka seg, eg har tent mange lys og vi har sege ned i godstolen og skal berre slappa av og nyte helgekjensla :)


Gir deg eit par stemningsbilder frå heimen i kveld, med ynskje om

ei god helg!!!

onsdag 25. mars 2009

inspiration

Eg har fått ein del spørsmål angåande mønster m.m når det gjeld tunikaen som eg viste i eit tidlegare innlegg. Mønsteret er henta frå eit hefte som heiter INSPIRATION frå schachenmayr og ser slik ut på framsida som bildet ovanfor viser. Garnet som er brukt på alle modellane i heftet er rheuma thermal wolle, som er 100 % ny ull og knallmjukt og godt!
Mønsteret står på både svensk og norsk. norsk bakerst i heftet, ikkje sant Anvor ;)

Det er utruleg mykje fint i heftet og mange plagg som kan kombinerast, så eg kjem nok til å strikke meir heifrå.

Kjolen på dette bildet vert muligens eit prosjekt i framtida.. ein gong :)

ellers har eg hatt stooore problem med blogger i nesten ei veke. Ikkje har eg klart å logge meg inn, lest kommentarar på siste innlegget mitt eller kommentert hos dåke andre..utruleg irriterande!! men nå ser det ut til å vera over for denne gong, heldigvis :)
Andre som har hatt liknande problem??

Nå må eg ha meg ein besøksrunde hos dåke alle!!

Ha ein fin onsdagskveld!

onsdag 18. mars 2009

ein liten bommert

var vel dette kjøpet eigentleg. Eg likar så utruleg godt all pynt i fattigmannssølv, men har ingen vase i dette sidan det ikkje toler vatn. Då skallar nemleg "sølvet" av :)

Her ein dag kom eg over denne vesle søte og yndige vasen i nettopp fattigmannssølv. "jøss", tenkte eg.."kanskje den er sett inn med noko spesielt slik at akkurat denne toler vatn".
Så eg greip med meg ein og sprang til kassen.
Denne ville jo passe vanvittig bra til krokusar, snøklokker osv..som du ser på bildet.
Vel heime putta eg blomar oppi vasen, fylte vatn i og sette den fint på ei hylle... uæææææ!!! dagen etterpå ser eg at sølvet er i ferd med å dette av :(
hallo...kva er vitsen med å selje vasar som ikkje toler vatn...
Ein liten bommert av eit kjøp altså.


Slik står vasen nett no...med ein sølvblom på toppen..og uten vatn i, sjølvsagt.
men det var nå ikkje akkurat slik eg hadde tenkt det.......

Fin onsdag til deg som kikkar innom :)

måndag 16. mars 2009

den gamle appelsinkassen..

.. dregen fram igjen og har fått vårleg pynt i hyllene. blei så inspirert av silje her om dagen som hadde pynta så fint med blomar og diverse på trappa si.

små påskeliljer og stemorsblomar har fått selskap av eit lite hjerte med perler som og er kjøpt på blomebutikken der eg handla inn blomane.

Sinkhjertene som eg brukte til adventslysa heng nå i ein hyssing på kassen

Den gamle sinkbøtta mi har og fått ei remse med hjerter

Ha ei fin veka, min venn!!!

laurdag 14. mars 2009

bountykake

Lyst på noko godt??
då kan kanskje denne herlege bountykaka som eg har baka i dag frista.. for knakande god er den iallefall, og forholdsvis kjapp å lage :)
Kokos, sjokoladefyll og piska krem med sjokoladedryss på toppen...Mmmmm!

her får du oppskrifta hos meg:

Bountykake

4 eggekviter
200 gr kokosmasse
100 gr sukker
stivpisk eggekvitene og bland så i kokos og sukker
hell deigen i ei rund form ca 24 cm
steik på 160 grader i ca 40 minutt

glasur nr 1:
50 gr smør
1 plate lys kokesjokolade
2 dl melis
4 eggeplommer
smelt på svak varme og avkjøl

Glasur nr 2
3 dl kremfløyte
3 ss sukker
1 ts vanilesukker

hell over glasur 1 og så glasur 2 og strø litt kokesjokolade på toppen..
.
.og..VOILA!
kaka er klar til å nytast!!

torsdag 12. mars 2009

lykter av syltetøyglas

i dag har eg putla på og laga nokre lykter til å ha på hagebordet til våren/sommaren. Kom i skikkeleg vårstemning etter det nydelege veret me hadde i går ;)
Eg har festa serviettar på glaset med decoupagelim, limt på perler med limpistol og knytt blonder rundt kanten oppe.

på det andre glaset festa eg på ein rosa serviett med kvite prikkar. Sommarsleg og fint :)

serviett, blonde og perler..

God vårhelg til deg!

tysdag 10. mars 2009

strikka tunika/kjole

Omsider har eg fått gjort ferdig tunikaen som Maren plukka ut at ho ville ha :)
Mønsteret har eg funne i heftet inspiration og den er strikka i rheuma thermal wolle, eit herleg mjukt og tynt garn!!
I mønsteret står det at ein skal bruka pinnar nr 5 til det tynne garnet, men det vart laust og slettes ikkje noko fint. Eg gjekk ned til pinnar nr 3,5 og strikka 1 str større enn det eg skulle. det vart passeleg!
Som alltid har eg ikkje fylgt mønsteret slavisk.. I mønsteret er tunikaen heilt enkel, utan noko som helst pynt. Eg har hekla ein picotkant rundt armholer, hals og nederst på tunikaen. I tillegg har eg hekla eit belte som passar til. Dette finns ikkje mønster på, for eg har berre dikta undervegs som eg hekla ;)

Detaljar frå beltet. Små blomar med matchande perler på og snurra remser gjer prikken over i'en. Ingen har likt og det er jo litt stas!

Hekla rosett som heng på tunikaen, under halsutringinga.

Slik ser tunikaen ut uten belte. Litt vid modell, så fasongen vert finast med belte i livet.

På pinnane nå har eg skjørt som skal passa til tunikaen. Det blir strikka i samme garn, men i fargen som eg har brukt på beltet.

Fin dag til deg som kikkar innom ;)

måndag 9. mars 2009

mandag..rett og slett :)

Skjønne små bordkortholdarar som eg fann hos FRYD. Dei er stødige og står fint utan å velte i tide og utide, slik som eit par andre eg har..

Desse er og kjempefine å feste eit bilde, kort eller ein kanskje ein liten beskjed på..

Knallfin mandag til deg!!

torsdag 5. mars 2009

FRYD..

..har dessverre gått konkurs, og sel derfor ut alt til -30 %. Eg vart hoppande glad når eg fann desse fine boksane i hyllene der!! dei passar nemleg perfekt inn her hos meg.

Den minste skal eg bruka til å ha diverse håndarbeidsutstyr i. Nett nå rommar den blonder og perler som skal brukast til det siste prosjektet mitt..

Den største boksen står til pynt på hylla i trappeoppgongen, blant anna saman med ei ramme i samme serie. Butikken har framleis mykje fint igjen, så ta deg gjerne ein tur ;)

onsdag 4. mars 2009

vårleg bordpynt

Denne skåla har eg vist tidlegare med diverse pynt oppi. No har eg mellom anna bytta ut dei blanke flytande telyshaldarane med nokre i sølvfarge som eg har kjøpt hos FRYD.
En bukett med rosa roser som eg hadde kjøpt inn var av heller dårleg kvalitet og hang med hovudet før knoppane hadde sprunge ut :(
Desse klypte eg av og la oppi vatnet i skåla og då kom dei seg og har blømt lenge!

Eg har og lagt oppi eit par lys,lys rosa blomar av rhododendrongreina som eg viste i eit tidlegare innlegg.
delikat og vårleg pynt som passar like godt på salongbordet til kvardags, som på eit festpynta bord :)
om sommaren tek eg blomar frå hagen og matchar serviettar og anna pynt til fargen å blomane.

Ha ein fin dag!!

søndag 1. mars 2009

pusekattar og litt til..

I dag har vi vore ute på baksida av hagen og plukka greiner, med mjuke pusekattar frå seljetreet vårt, til å pynta med inne.

Ein stor og flott bukett blei det som nå står så fint i eit gamalt norgesglas som eg har pynta med litt blonde og ei kleklype med pynt som eg har laga tidlegare.

flott pynt til bordet dette..eg kunne godt ha venta nokre dagar til før eg tok greinene inn, men dei opnar seg nok heilt inne og ;)

Eg har hatt eit hjerte av bjørkegreiner liggjande utan pynt, og i dag har eg pynte det med nokre greiner av selje, små stoffblomar og ei sløyfe i enden..

bjørk, selje og små rosa blomar..

ha ei flott kommande veke!!