laurdag 22. november 2008

litt nytt

Her fyk dagane avgårde og nå er det jaggu nesten 2 veker sidan sist innlegg.. Det går framleis fint med veslejenta som no har budd saman med oss i snart 4 veker. I dag har ho vore på sin første aketur saman med Maren noko som var stor stas :o)

Ellers har eg nå fått handla litt i dag. Denne søte fuglen frå Lisbeth Dahl har fått plass i fugleburet mitt..

Denne vakre fuglen sit på toppen av buret..

Hjerter får eg aldri nok av og dei har eg til pynt heile året. Dette eksemplaret er kjøpt hos KID. Eg har hengt det opp etter silkeband og laga ei sløyfe av bandet på toppen av hjertet.

Ønsker deg ei fin, fin helg!!

måndag 10. november 2008

Strikka vest

Då var det på tide med ei kjapp oppdatering her frå meg :o) Denne vesten har vore ferdig ei stund, men det har lisom ikkje vore bra nok lys til å ta bilde av den og dessuten har laptopen vore på reparasjon..er liksom meir styr å rigge seg til ved den stasjonære pcen ;o)
Mønsteret til vesten fann eg i Allers og den er strikka i Alfa på pinnar nr 7. Tjukt garn og tjukke pinnar er alltid greitt for då vert ein ferdig i ein fei og kan starte på eit nytt prosjekt :o)
Ellers går det fint i heimen og vesle tullemor har funne seg godt til rette..vi kosar oss dagen lang!

Ynskjer deg ei knakande fin veke!!!

onsdag 5. november 2008

Travle tider..

..men og utruleg spennande tider for meg nett no. Eg og familien har teke imot eit herleg lite fosterbarn og mesteparten av tida går med til kos, mating, leik m.m
Det vil derfor bli stille frå meg her ei stund nå, men håpar på å komme sterkare tilbake ganske snart :o)

søndag 26. oktober 2008

helgesysler

Litt av kvart har vi fått gjort denne helga. I går tok vi på regnklede og gjekk oss ein tur trass kuling og hagl. Eg veit nemleg om ei plass der eg kan finne snøbær...og der gjekk altså turen i går! Eg har fått inspirasjon til å pynte med snøbær blant anna frå Ingrid eller var det Silje ??og hennes blogg.
Eg har eit sinkhjerte som eg surra greiner med snøbær og blad rundt og pynta med ei rose frå hagen.

Nå heng hjertet til pynt på ramma mi i stova

Snøbær er utruleg lekre oppi ein liten vase i fattigmannsølv og..Denne er kjøpt på kremmerhuset

Ellers har vi fått eit nytt familiemedlem i løpet av helga..lille Perle, eit fantastisk skjønt marsvin :o)

Perle og Tigergutt er blitt knallgode venner allerede, som du ser!!

torsdag 23. oktober 2008

hjerte <3

I dag har det vore opning av det flotte storsenteret på Husnes. Hos butikken FRYD fann eg dette søte hjertet


Det er ein ring til oppheng på toppen av hjertet, men eg har ikkje heilt bestemt meg for kor eg vil ha det hengande så inntil vidare får det liggje og pynte opp dette vesle bordet

helgeblomsten denne gongen er rosa roser..

Då gjenstår det å ynskje deg ei herleg helg!!

tysdag 21. oktober 2008

sommarfuglar heile året

Desse flotte sommarfuglane i papir er det svigerfar min som har laga. Han brettar dei av ulike typar gåvepapir. Til pynt rundt kanten brukar han gull-eller sølvtusj og tynn streng som følehorn.
Sommarfuglane er i fleire ulike størrelsar og er t.d fine til å pynte opp ei gåve med, til pynt på ei lampe eller rett på veggen!
Mine er blitt litt skeive pga små barnehender som til stadighet flyttar dei rundt i huset ;o) men kjempefine er dei!

Nå er det straks tv-kveld og strikketøy som gjeld for meg :o)
Ha ein fin tirsdagskveld!

søndag 19. oktober 2008

Søndagssysler

kan vi kalle det vi har putla på med i dag :o) I formiddag baka vi kraterboller som vi skal kose oss med seinare i dag. Det som er ekstra godt med desse er fyllet av smør, sukker og kanel som smeltar og renn nedover bollene når dei står i ovnen...

Maren kjøpte seg eit nytt bakeforkle når me var i Stavanger sist. Lyseblått med små blomar som er såå søtt og så er det plastbelagt slik at vi kan berre tørke av det når vi er ferdige.
Vi kjøpte det hos søstrene grene til rundt 60 kr


bollene er ferdig steikte og klare til å nytast.NAMMMMMMMMM!

Ein fin søndag til deg :o)

fredag 17. oktober 2008

fredag!

Herlig med fredag igjen!! På ein liten surferunde i dag kom eg over desse knallskjønne møblane til barnerom. Møblane er frå SIA og biletet er lånt frå sidene deira..

Ellers har det vore litt meir strikking i det siste. Lommetøfler er raske å strikke og er kjekke å ha på lur som små gåver..

Eg har pynta dei med ein heklablomst og slik ser dei ut på :o)

Då skal helga nytast!!
God helg til deg, min venn!

onsdag 15. oktober 2008

Søte sokkar :o)

Endeleg har eg fått gjort ferdig noko håndarbeid som eg kan visa fram! Eg har strikka eit par stripete sokkar i garnet SISU. Eg har valgt lyse og fine fargar..

..i tillegg har eg hekla ein picotkant øverst på sokken og hekla ein blom, pynta med ein knapp, på kvar sokk. Ein raggsokk treng slett ikkje vera grå og kjedeleg :o)

måndag 13. oktober 2008

småpynt

I går når eg sette på plass ei del småpynt i hylla mi fann eg ut at dei søte sandkakeformene som eg brukar til telys og er knallfine til å ha små blomsterknoppar oppi. Sikkert ikkje ein revolusjonerande nyhet, men eg viser nå bilde av det her likevel ;o)

Små stemorsblomar har fått plass i forma denne gongen...

søndag 12. oktober 2008

nyoppussa hylle..igjen

Nå har eg omsider fått hengt opp den andre hylla som eg har mala kvit og pynt med blonder. Denne er litt skeiv og skakk og ber preg av å ha vore brukt tidlegare, men det er nå berre sjarmerande syns eg ;o)

Ein del småting har fått plass i hylla, men pynten vil nok bli bytta ut med ujamne mellomrom. Det er det som er så kjekt med slike små hyller.

Hugsar du dei gamle koffertane som eg arva tidlegare? Den eine står nede i gongen med diverse dilldall oppi, blant anna nokre gamle nydelege hekla gardiner som farmor mi har laga. Kofferten ser litt stygg ut inne lokket sidan noko av papiret er rive vekk, så eg har planar om å henge på noko papir der som passar til..

Nå er snart denne helga og over, så då gjenstår det å
ynskje deg ei strålande flott haustveka!!

fredag 10. oktober 2008

julegavetips??

Jadå, eg veit at det er ei god stund igjen til jul :o) men vi som lagar ein del av julepresangane må vera tidleg ute for å bli ferdig til jul.
På ein av mine surferundar kom over desse søte minijulesokkane til å hengje på juletreet. Eg fann dei på bloggen little cotton rabbits, der det og ligg gratismønster. Der finn du forøvrig mykje anna håndstrikka og!
Dersom du er av dei som heller meir mot pastellfargar og kvitt til jul så kan du jo berre bytta ut fargane som er brukt her til feks kvitt, sølv osv...eg ser for meg at dei helt sikkert hadde vore lekre i kvitt med sølvstriper :o)

Her ser du mønstera som ho har lagt ut gratismønster til på bloggen sin!

Nå skal eg benka meg til tv-kveld, men vil rekk akkurat å ynskjer deg ei knallfin helg først!

tysdag 7. oktober 2008

lavendelhjerte

Eg har sydd eit forholdsvis stort hjerte fylt med vatt og tørka lavendel. Til hank har eg sydd på ein nydeleg blonde. Dette er tenkt til pynt i nok ei hylle som eg har pussa opp i det siste. Den kjem i eit seinare innlegg ;o)

Og så eit usedvanleg dårleg bilde av ein vest strikka i alpakka med mønster frå DROPS. Det er svigermor mi som har strikka sjølve vesten medan eg har hekla picotkant rundt halsen og "blonden" på brystet. Utruleg lett og behageleg å ha på, så kanskje det blir ein slik til meg sjølv og..

søndag 5. oktober 2008

nyoppussa hylle..

..har for ei lita stund sidan blitt hengt opp på soverommet. Eg tok dessverre ingen før og undervegsbilder, men hylla var trekvit. Den er gammal og har hengt i garasjen i årevis. Eg drog den fram, vaska den, gav den eit par strøk med kvitmaling.
Til slutt pynta eg kantane med litt blonde.

Litt diverse pynt har fått plass på hylla, blant anna ein liten telysholdar, ein vase i fattigmannssølv med tørka lavendelblomar oppi, og eit nydeleg hjerte som Katarina har sydd!

Nå er straks helga over og eg ynskjer deg ei flott kommande veke :o)

torsdag 2. oktober 2008

bordpynt

Det er alltid kjekt å pynte med blomar på bordet, og sidan det byrjar å skrante litt på dei langstilka sommarblomane no, har eg laga til litt bordpynt til stovebordet med det som er igjen av dei søte små rosa rosene mine, ei peacerose og telys i flytebeholdarar.

Dekorativt og litt stemningsfyllt med lyset saman med flytande roseknoppar.

her er eit lite glimt av kor eg tilbringer kveldstimane for tida. i godstolen med eit lunt pledd og strikkekorga ved sida av. Her vert det produsert julepresangar i stor stil nett nå :o)

I morgon er det fredag igjen og eg nyttar samtidig sjangsen til å ynskje deg ei strålande flott helg!

onsdag 1. oktober 2008

..og vinnaren er....

Lappane med alle navna på vart bretta og putta oppi ei skål.. Maren stod for trekkinga og den heldige vinnaren er:

H@rmoni!! og då treng ikkje pakken ta turen lenger enn til Husnes til Hilde ;o) gratulerer så mykje!!

Tusen takk til alle som la inn kjekke kommentarar!

måndag 29. september 2008

konkurranse og blomsterpinne

Nydeleg blomsterpinne frå Lisbeth Dahl i metall og ulike perler. Nydeleg som pynt her hos meg.


Stanga er så lang at eg har den liggjande på eit lite bord. Kan klippe av stanga dersom eg vil ha den i ein dekorasjon eller oppi ei blomepotte saman med ein fin blom.

Så over til konkurransen! Dette er mitt innlegg nr 200 på denne bloggen og i samband med det vil eg ha ein liten konkurranse her. Alle som skriv ein kommentar på dette innlegget innan førstkommande onsdag kl 18.00 er med i trekkninga av ei lita gåve frå meg..eg kan røpa at den inneheld noko heimelaga og noko frå yndlingsinteriørbutikken min på Husnes, nemleg baronessa!

søndag 28. september 2008

haustpynt

No var det på tide å ta bort sommarblomar og setje fram litt haustpynt. Naturen er utruleg vakkert nett no med alle dei nydelege fargane..

Ein stor bukett med haustblad i ulike fargar, rognebær og oktoberroser står til pynt i ei gammal kermikkpotte.

Det store brune keramikkfatet, som i sommar var fyllt med skjell, har nå fått kastanjenøtter, nyper og nokre greiner og blad til pynt..

Dette kubbelyset har eg pynta med haustblad, ei nype og litt hamphyssing. Inspirasjonene til dette er henta frå det siste vakre hjem og interiør, viss du syns at du hadde sett noko liknande før ;o)

Nyt resten av søndagen og ha ei flott kommande veka!!

fredag 26. september 2008

stemningsbilder på ein fredag ;o)

Roen har senka seg i heimen. Me har tent mange stearinlys og har akkurat sunke ned i sofan for å kose oss med skal vi danse, senkveld og dei andre typiske fredagsprogramma..

Strikketøyet ligg ikkje langt vekke og nå er det faktisk ein julepresang som er på pinnane.. kan ikkje røpa meir, for mottakaren er innom her rett som det er, veit eg..

Håpar du har komme i god helgestemning etter desse bildene frå heimen min..

Og snille mannen i heimen kom med desse nydelege liljene i dag! kjempekjekt å få ein slik overraskelse på ein fredag :o)

Då vil eg til slutt ynskje deg som er innom ei knallfin hausthelg!!!