fredag 27. november 2009

klin kokos!

Er navnet på dagens oppskrift, og er ein av kakene eg hugsar frå min eigen barndom :) Særleg mormor og tante Kjersti var nokre reserar på denne kaka.. Den er ein sikker favoritt blant store og små her i heimen.
Kaka krev ingen steiking, med derimot lang vispetid.
Her får du oppskrifta hos meg i dag:

Klin kokos

2 dl vatn
1/2 kg sukker
8 plater gelantin
1/2 dl kokande vatn
250 gr kokosmasse (legg til side ca 2 ss av kokosen til å ha på toppen av kaka)
100 gr lys kokesjokolade
40 gr delfiafett

bløyt gelantinen i kaldt vatn.
visp 2 dl vatn og sukker i ca 10 min
legg den bløytte gelantinen oppi kokande vatn (1/2 dl) og visp kraftig til alt er oppløyst.
tøm det så oppi sukkeret og vatnet og visp i ytterliggare 1 time..
ha så oppi kokosmassen og bland saman.
Hell røra oppi ei kakeform (ca 24 cm) og sett den i kjøleskapet. når massen har stivna heller du smelta sjokolade på toppen og drysser litt kokos på toppen. set kaka inn i kjøleskapet igjen til sjokoladen har stivna.
kaka er så klar til servering :)


Nammm...eit stykke knallgod kokoskake!!!

ynskjer deg ei herleg 1.adventshelg :) gler meg til å finne fram pynt nå og lage adventsstemning i heimen!!

tysdag 24. november 2009

ReDoir

Mi kjære søster har kjoleutstilling i galleriet sitt denne månaden og då eg var i Stavanger forrige helg, fall eg fullstendig for denne kjolen :)

og jaggu vart den med meg heim..
Kjolen er sydd av Hege Karlsen. Alt ho syr er redesign :) Kjolane må berre opplevast!

Detaljar frå kjolen..frottehjerte, utsnitt av eit kart og tyll.. ReDoir..

detaljar frå livet på kjolen..

Stikk innom galleri HIJ om du er i Stavanger! Eit utruleg koseleg galleri (heilt objektivt sett, sjølvsagt ;) ) med flotte maleri og denne månaden også kjolar. Søster mi har også ein del kjolar i utstillinga, som ho har mala på. Du finn garantert kjolar du ikkje har sett maken til før og har du ein slik på, på julebordet er du garantert åleine om å ha akkurat den kjolen ;)

Ellers har eg hatt store problem med å legge inn nye innlegg i over ei veke nå...argh..!
Håpar problemet er over for denne gong og innlegga kan komma litt tettare ;)

Ynskjer deg ein knakande flott tysdag!!

torsdag 12. november 2009

sesongens aller siste..

..skjønne roseknoppar vart plukka inn i går...

Ein nydeleg knopp frå peacerosetreet mitt, saman med små rosa roser frå ein svær rosebusk. Herleg å kunna plukka med seg inn friske blomar frå hagen sjølv om vi er komne til midten av november :)

Når vi kjøpte huset var hagen godt opparbeidd med mange blomar og andre planter. utruleg nok så blømer det eit eller anna i hagen frå mars til november!

Snart helg, og den skal nytast i Stavanger!! gler meg masse :) då skal bl.a siste rest av julepresangane handlast inn.

GOD HELG til deg !

fredag 6. november 2009

Dagens oppskrift..

er matmuffins med diverse snadder i :) her er det vel eigentleg berre fantasien som set grenser for kva ein kan fylla dei med..
her er oppskrifta på dei eg laga sist:

Matmuffins:

100 gr riven gulrot (2 gulrøtter)
1 løk (kan droppast dersom ungane ikkje er så glad i løksmaken)
1 pakke kokt skinke
(påleggspakke..) eller baconbitar.
3 ss olje
4 store egg
100 gr riven ost
1 dl melk
450 gr kveitemjøl
4 ts bakepulver
1 ts salt
1 ts pepper

1) riv gulrøttene på råkostjern og finhakk løken
2) steik løken lett, saman med gulrøttene og skinka. avkjøl blandinda til den er lunka
3) rør i egg, eitt om gongen. tilsett deretter resten av ingrediensane
4) fordel røra i muffinsformer
5) steik på midterste rille på 180 grader i ca 35 minutt, til muffinsane er gylne og gjennomsteikte.
6) avkjøl muffinsane og nyyyyt :)


Desse muffinsane er knallgode som niste for både store og små :)
Efaringane her var at første gong eg laga desse åt ikkje dei minste så mykje av det..kanskje det har noko med muffinsformene å gjera?? ungane forventar då at det skal vera ein søt smak på muffinsane..ja, ja det går seg til etter kvart!

Ferdigsteikte matmuffins som vi hadde til kvelds i går :)

Eg ynskjer deg som er innom ei knallfin helg!!!!!!!!!!!

torsdag 5. november 2009

Regnbogesokkar :)

Baronessa har fått inn eit nytt sokkegarn, palett, som eg fekk lyst å prøve ;)
Palett er 75 % ull og 25 % nylon.

Garnet finns i ulike fargenyansar, og eg valde dette i rosa, oransj, lilla og grønnturkise fargar. Spennande å sjå mønsteret etter kvart som ein strikkar.
Garnet er såpass tynt at ein brukar pinnar 2,5 og då kan du vel sjølv tenke deg at desse sokkane i str 40 har teke lang tid å bli ferdige med... Trur forresten at garnet finns i ein tjukkelse større og om du ikkje likar å strikke med så tynt garn ;)
Sokkemønsteret finn du inni banderolen til garnet.

fine fargar isaman, men som du ser er garnet noko ujamt i tjukkelsen, og derfor kjem ein del digre masker innimellom dei små..

for dei som ventar på ei ny matoppskrift, så kjem den i morgon :D
eit hint om kva du treng er t.d kveitemjøl, gulrot, ost, kokt skinke..

ynskjer deg som kikkar innom ein super torsdag!!

tysdag 3. november 2009

Rundfelling..

er utruleg flott, særleg på små barnegenserar!
Denne er strikka i Sandnes alpakka på pinnar 3,5 så det gjekk egentleg ganske kjapt å bli ferdig med den :)

god og varm alpakkaull som skal varme ein heldig liten gut..

masker tett i tett..

Nå har eg eit par sokkar i matchande fargar på pinnane..kjekt med restegarn ;)

fin kveld til deg som kikkar innom!

søndag 1. november 2009

orkidetips :)

orkidear har ein tendens til å leve ganske så kort tid hos meg..eg er vel kanskje litt for "snill" med dei og gir for mykje vatn osv...

Når det gjeld dei små orkideane har eg derimot eit glimrande tips å komma med :) ta dei ut av potta dei kjem i og plasser den oppi ein vase eller eit høgt glas.
ein gong i veka fyller du glaset med med lunka vatn slik at vatnet dekker røtene. Då vil du sjå at det festar seg vannbobler på røtene, noko som betyr at blomen "drikk" vatn. etter 10-15 min vil boblene sleppa taket og ploppa opp til vannflata. Då har planta fått nok vatn. tøm ut vatnet og set orkideen tilbake i vinduskarmen ;)

Eit nydeleg eksemplar av min vesle orkide. Den har stått og blømt lenge nå etter at eg har følgt oppskrifta ovanfor :)

Ynskjer deg som kikkar innom ei strålande flott kommande veke :D