fredag 30. november 2007

Smock hat

Såg denne hua på bloggen til BenteB og syns den var så utruleg flott, så derfor bestemte eg meg for å prøve å strikke ei slik til Maren. BenteB har faktisk laga mønsteret sjølv og det ligg tilgjengeleg på bloggen hennar!
Eg har strikka denne i dobbel SISU så den er veldig varm og mjuk :o)

Ei glad og nøgd jente med ny hue!

Ynskjer deg ei herleg adventshelg!

onsdag 28. november 2007

pyntekroner

Eg har kjøpt meg to nye kroner til å pynte i heimen med og desse er verkeleg detaljrike og flotte og i tillegg var ikkje prisen så verst heller ;o) kjøpt på ein lokal interiørbutikk!

søndag 25. november 2007

Søndag..

..og Maren har vore ute på open dag på ritellet i bygda. Alltid stor stas å få ri og klappa på desse flotte og søte skapningane :o) Dessverre vart alle bilda av Maren på hesteryggen uklare, så dette bildet får gjera susen denne gongen!

fredag 23. november 2007

God helg!

Med dette stemningsbildet ifrå heimen ynskjer eg deg som er innom ei flott helg!

onsdag 21. november 2007

Ein herleg engel :o)

Nå i denne søte førjulstid vert det produsert julepynt rundt om i barnehagar, skular osv..
I går kom Maren heim frå hobbyklubben med denne herlege engelen som vi skal pynta med når jula nermar seg litt meir.. Eg syns den har eit fantastisk søtt ansiktsuttrykk (som ho har teikna på sjølv) og eg kjenner at vert glad av å sjå på den! Det er ekstra stas med julepynten som ungane lagar og det er like spennande for dei å vera med kvart år og rota fram tidlegare produsert pynt!

måndag 19. november 2007

Ein liten kikk..

på noko av det eg held på med for tida ;o) Eg hadde aldri trudd at eg skulle strikke diverse ting med hodeskallar på, men det er nettopp det eg gjer nå.. Dette blir rasande stilig til ein liten pirat og eg gler meg til eg kan vise det skikkeleg fram etter jul!
Ha ei flott og kreativ veke, folkens :o)

fredag 16. november 2007

Sokkar og helg :o)


Har strikka eit par herlege sokkar i fleirfarga SMARTgarn. Syns fargane som er sett saman på spesielt dette garnet er nydelege..får nesten lyst på litt TRESS is når ein ser på sokkane ;o) Og rosa og brunt er jo framleis ein av favoritt fargekombinasjonane mine.
Nye sokkar er på pinnane nett no i ein anna fargevariant av det samme garnet..
Då vil eg ynskja deg som er innom ei flott helg!

tysdag 13. november 2007

JIHAA!!! I`m back :o)

ENDELEG var maskina på plass i heimen igjen, og den fungerer jammen som den skal og ;o) Eg må berre få sei tusen takk for alle kommentarane som dåke har sendt meg medan eg var uten pc! Kjempekjekt å lesa dei når eg logga meg på igjen i kveld!
Her har ikkje strikkepinnar eller heklenål lege stille i det siste, men som sagt tidlegare er det mange julepresangar som er under produksjon nett nå og dei kan eg jo ikkje vise før etter jul! Dåke får likevel ein liten kikk her.. denne hua er strikka i mørkeblå sisu og pynta med kvitt sløyfebånd. Blir søt på eit lite jentehovud denne her!