laurdag 13. juni 2009

sinkfat

Dette nydelege sinkfatet fann eg på baronessa her hin dagen!! knallfint med "blondekanten" rundt, syns eg :)

det geniale med slike fat er at ein stadig kan bytte ut pynten alt etter kva årstid det er, høgtider osv.. då bli det som ein heilt ny dekorasjon

På fatet mitt har bl.a dette fått plass i dag; ein "love"stein, to telysholdarar i fattigmannssølv, ein liten vase med kvite skjønne nellikar frå eigen hage

Eit prakteksemplar av ein peon frå hagen har fått komme inn i huset. Den er verkeleg litt av eit syn og sper rundt seg med ei herleg duft!

Ynskjer deg ei knallfin helg!!

tysdag 9. juni 2009

brownies m/fruktose

Eg har laga ei nydeleg brownieskake der eg har brukt fruktose istadenfor vanleg raffinert sukker. Denne kan vera eit godt alternativ dersom ein er diabetikar og vil unne seg eit kakestykke.. eller dersom ein berre vil ha eit litt sunnare alternativ til kaffien.

Eg har pynta mi med eit lett melisdryss og eit jordbær på toppen.


Denne kokesjokoladen brukar eg i kaka mi og den er mykje "sunnare" enn vanleg kokesjokolade fordi den inneheld 70 % kakao. Denne kan eg eta nokre bitar av som snacks utan at blodsukkeret fyk til vers ;)

eg deler gjerne oppskrifta med deg ;)


brownieskake

100 gr freia kokesjokolade 70 %
100 gr fruktose
150 gr smør
2 egg
2 ts freia vaniljesukker
100 gr kveitemjøl
75 gr nøtter (kan sløyfast..)

rør smør og sukker kvitt. tilset egg og vaniljesukker
rør inn mjøl, smelta sjokolade og nøtter.
hell røra i ei rund kakeform, ca 24 cm. hugs bakepapir i botnen av forma.
steik på 170 grader i ca 30 min. (kaka skal vera litt halvrå inni)
avkjøl og nyyyyt :)

fredag 5. juni 2009

ramme..

Denne skjønne doble ramma kom eg over sist eg var innom sæbøvik gaver og leker. passar fint med eit bilde av kvar av snuppene mine i den!

god helg til deg som kikkar innom :)

tysdag 2. juni 2009

terrassekos..

..har det vore mykje av denne pinsehelga! knallver kvar einaste dag har gjort sitt til at vi har halde oss mest ute om dagane og dei fleste måltid har blitt innteke her ved terrassebordet :) utruleg herleg å ha det slik!
litt pynt har fått plass på bordet, slumreteppe og strikkekorg er i nærleiken..
korga er kjøpt hos europris og utruleg grei å ha handarbeidet i nå når det blir drege inn og ut fleire gonger i løpet av dagen :)

Nyperosene blømer for fullt i hagen nå og eit par eksemplar har fått plass på bordet ute...mm..nydeleg lukt sprer dei rundt seg ;)

ynskjer deg ei flott sommarveke :) for det ER sommar no!