fredag 29. juni 2007

god helg..

..ynskjer eg deg som kikkar innom :o) Det vert ikkje gjort mykje på håndarbeidsfronten for tida og derfor har eg ikkje noko nytt å visa.. Du får heller nyte dette bildet av dei vakre stokkrosene som blømer i hagen min nett no!

tysdag 26. juni 2007

Eg har handla litt igjen..

hos Anna`s rom, og er minst like nøgd denne gongen!! bl.a kjøpte eg dette flotte korset og dei søte posane som det litt oppå..posane har så fine bilder at dei kan rammast inn eller ein kan bruka dei som gavepose. Kjempefine er dei i allefall :o)
Eg bestillte også dette flotte glasset i fattigmannssølv som passar godt saman ei lik krukke som eg kjøpte hos Anna`s sist. Og søt og snill som Anniche er sendte ho med den flotte spegelen, som glaset står på, som takk for handelen! Og som alltid er det flott sørvis og rask levering når ein handlar hos Anna`s!

søndag 24. juni 2007

Hjerter fyllt med lavendel

Til 30-års dagen min fekk eg ein flott janome symaskin og hadde store planar om å byrja å sy.. Eg som stort sett aldri hadde teke i ein symaskin ;o) nå, snart 4 år etterpå, har eg endeleg drege den fram. I går sette eg meg ned for å prøve å sy nokre Tildainspirerte hjerter m/lavendel. Når eg først fekk sett meg ned så var det kjempegøy!! På bildet ser du resultatet. Det blei 7 hjerter i denne omgong :o)

torsdag 21. juni 2007

Snart er det helg igjen..

..og det er heller labert på hobbyfronten.. Med dette bildet av den nydelege rosa frå hagen min og et eit dikt av Andre Bjerke, vil eg ynskje deg ei herleg sommarhelg!
Med åtte roser

Åtte roser vil jeg gi deg:
En fordi du er så pen
En for alle drømmer i deg
(lar du meg få plass i en??)
En fordi du er en hulder
En fordi du er en ånd
En for trykket av din skulder
En for varmen av din hånd
En for håpet, en for slottet vi
skal bygge: det blir åtte-
åtte roser som vil tørste efter å
få være nu
hos den niende og
største ville rose - som er DU.

-Andre Bjerke-

tysdag 19. juni 2007

Fotlenke

Var innom gullsmeden i dag for å kjøpe ei gåve og då blei det jammen noko nytt til meg sjølv og :o) eg er litt svak for alt som har hjerter på og då måtte eg berre ha denne fotlenka... sjølve kjedet er mange små hjerter som er hekta saman og så heng der eit større hjerte i enden som er tynt som eit blad. Det er banka så det er litt ujevnt på overflata, derfor er det liksom litt røfft samtidig som det er fint ;o)

måndag 18. juni 2007

Min yndlingsblom..

er utan tvil dei lyserosa peonane som blømer i hagen nett no..eller det vil sei, dette er den siste som stod igjen då eg redda den frå ei fæl regnbye i går kveld. Nå står den så fint på bordet i stova..enn så lenge.

søndag 17. juni 2007

Oppheng og ny veske

Ideen til dette opphenget fant eg på bloggen til Hulda http://huldals.blogspot.com Syns det var så utruleg søtt. Det er laga av hyssing og treklyper, og her kan du hengje opp ting du er glad i som t.d bilder, postkort, ei tørka rose frå hagen osv..berre fantasien set grenser for kva du kan hengja opp ;o) Eg har bestillt ein del ting frå Annas rom, bl.a noko som skal eg skal ha her på mitt oppheng. Pga vinkelen eg har teke bildet ifrå ser det ut som opphenget er kjempelangt og heng på ein laaang vegg, men hyssingen er ca 50 cm og gjer difor ikkje så mykje av seg..

På laurdag var eg ein kjapp tur ute på Husnes og klarte ikkje gå forbi denne veska..syns den var så sommarsleg og fin.. Trur eg har kjøpt meg ei ny stråveske kvar sommar dei siste åra, så eg hadde vel strengt tatt ikkje bruk for den..men, men fin er den nå iallefall!

fredag 15. juni 2007

God helg!

Med bilde av nokre av klatrerosene mine som nå blømer for fullt, vil eg ønske deg som er innom Ei herleg helg! Roseblada kan brukast til så mangt, og kven har vel ikkje vore med på å lage herleg duftande "parfyme" av vatn med roseblad oppi :o) Det har Maren putla på med i ettermiddag og her har ho brukt blada frå nyperosene i hagen som straks er ferdigblømte. Dei duftar heilt nydeleg!!

tysdag 12. juni 2007

Nye brikker og Hello Kitty..

Eg var innom yndlings-gave og interiørbutikken min på Husnes i dag uten planar om å kjøpe noko spesielt..men som alltid har eg med noko når eg går ut derifrå ;o) I dag var det 3 av desse brikkene(dei hadde ikkje fleire..) som blei med heim. Kjempefine, syns eg! Merket er miljøgården, og dei kan brukast på begge sider. Slik ser dei ut på eine sida
Slik ser dei ut på andre sida

Maren er heilt hekta på alt som har med hello kitty å gjer for tida, og då vi fann oppskrifta på denne så måtte eg berre ta pinnane fatt..klarar berre slike småprosjekt innimellom sidan skuldera fortsatt plagar meg :o( Maren vart jublane glad for denne vesle figuren


laurdag 9. juni 2007

Hekla duk

Eg har hekla små eigenkomponerte rosettar som eg har sydd saman til ein liten duk. Den er hekla i rosa mandarin petit på heklenål nr 3. Oppå duken ligg ein av favorittblomane som eg har i hagen min, nemleg ein lysrosa peon ;o) Dei blømer så utruleg flott nett no!

onsdag 6. juni 2007

Den gamle sinkbøtta mi..

..kom meir til sin rett med ein nyinnkjøp pelargonia oppi, syns eg. Den har nokre utruleg flotte blomar som eg ikkje har sett før, og sidan dei ikkje viser så godt på dette bildet får du eit næbilde av sjølve blomen nedanfor ;o)
Søte ikkje sant??

tysdag 5. juni 2007

Pakken er komt :oD

I dag kom pakken i posten frå min hemmelege venn i interiør/gavealongen!! Skikkeleg sommarsleg innpakka i papir med roser på og eit koseleg kort låg ved.
Inni pakken låg desse flotte tinga; ein duk, matchande ramme, ein pose med potpourri som duftar himmelsk og ein pose med blomkarse ;o) Tusen takk, min hemmelege venn!!!

måndag 4. juni 2007

Sommarfølelsen..

.. er kommen for fullt her på vestlandet! Vi har verkeleg nokre herlege dagar nå! I ettermiddag rusla vi ein liten tur ned til stranda og sjå kor herlig klar luft og flott utsikt det var frå svaberget :o)
Jentene storkosa seg med bolle medan dei dingla med beina utfor bergkanten

Vatnet var alldeles klart..


..og då kunne ikkje Maren venta lenger :o) Ho hoppa uti og tok ein kjapp dukkert, og meinte at sjøen var kokvarm ;o)



søndag 3. juni 2007

Sommaren er her..

Me har hatt eit nydeleg ver heile helga med opp mot 26 grader skyggen og då fann Maren ut at det var på tide å starta badesesongen..i naboen sitt oppvarma basseng, vel og merke ;o)
utifrå ansiktsuttrykket og dei høge skuldrene kan ein vel bare meddele at det ikkje var så kjempevarmt oppi bassenget i dag...

fredag 1. juni 2007

God helg!

Ja, så var det jammen helg igjen! I går var eg ute i hagen med kameraet mitt igjen og knipsa bilder. Då kom eg over denne iherdige humla som jobba på og samla blomsterstøv ;o)

Ellers vil eg nytta høvet til å gratulere mitt kjære søskenbarn, den gode feen, med den vesle prinsessa som vart fødd i dag!!! Me gler oss veldig til å få treffa vesle Alma!

Ynskjer og God helg til deg som er innom!