tysdag 31. juli 2007

skilt..



I larvik var eg innom ein koseleg butikk som heiter marihøna og der kom eg over nokre treskilt frå panduro som eg tenkte eg kunne prøve å dekorere sjølv.

Dette malte eg kvitt før eg pussa det med sandpapir for å få ei litt røff og slitt overflate. eg dekorerte det så med ei decopagerose før eg mala "velkommen" med svarte slitte bokstavar. Til oppheng har eg brukt ein brun kraftig hyssing. Nå heng det i gongen og ynskjer alle velkommen :o)

Dette skiltet har eg brukt samme teknikken på. No har eg hengt det opp på gjesterommet som har ein meir romantisk stil. Brukte kvitt sløyfebånd til oppheng for eg syns det passa best her.

måndag 30. juli 2007

Heime igjen!

Så var vi heime igjen frå turen vår! Kikkar innom ein liten tur mellom klesvask og utpakking :o)Vi har hatt ei herleg veke på hytta sjølv om veret var så som så.. Vi har nytta dagane til turar i nærområdet, strandturar, shopping, besøk til slekt osv..

Ein formiddag var vi innom STALL LØVE på Løve utanfor Larvik der Maren fekk ri på ein shetlandsponny som heitter Pernille. Det var stor stas :o) Det var ein del andre dyr på gården og som høner, kaniner, kattar, hestar og fiskar som ungane kunne sjå på. Dessutan var gårdseigarane utruleg kjekke og imøtekommande, så er du i nærheten er eit besøk innom der vel verdt!

Vi hadde oss eit par turar til Helgeroa og som er ein utruleg koseleg sommarplass. Var innom ein liten sommarbutikk der og handla litt. Ei dame med etternavn Heum lagar mykje fint i ull som ho sel der kvar sommar. Dette hjertet kjøpte eg der.. hekla rosettar er tova inn i hjertet - Nydeleg!!
Tusen takk for alle kjekke kommentarar når eg var på tur!! kjekt å lese når eg eg kom heim igjen :o)

torsdag 19. juli 2007

ferie :o)

(Foto: Merete J.)


Nå pakkar vi kofferten og drar austover :o) Vi reiser på hytta i Tjølling utanfor Larvik, som er eit herleg sommarparadis! Nå håpar vi verkeleg at vi reiser til betre ver! Vi bloggast igjen om ei vekes tid!
Bildet ovanfor er i frå i fjor sommar når vi hadde nokre herlege feriedagar på Halsnøy saman med slekt og vener..

tysdag 17. juli 2007

I dag..

har vi trassa det sure og våte ferieveret og tatt oss ein tur i skogen for å plukka blåbær..og litt rips frå hagen vart det og! Maren viser stolt fram resultatet :o)

Det var godt å komma inn i varmen igjen og nyta den herlege sjølvplukka desserten! Vi blanda litt banan saman med blåbær og rips for å få litt søtt saman med det sure.. NAMMMM!

søndag 15. juli 2007

Baby booties

Eg har strikka eit par babybooties slik som mange andre hobbybloggarar har gjort og dei er berre sååå søte. Eg har i tillegg til det som står i oppskrifta hekla ein kant rundt og festa på eit par roser. Dei er strikka i kitten mohair på pinnar nr 3. Oppskrifta fann eg på denne sida http://rokken.dk

Pusen vart veldig glad i dette garnet og hoppa stadig opp på fanget mitt når eg strikka. Han rigga seg til med garnnøstet som pute og sov både vel og lenge ;o)

fredag 13. juli 2007

..så var det helg igjen


med denne flotte buketten med markblomar ynskjer eg deg som er innom ei herleg sommarhelg!!
her ventar me på finveret..
Posted by Picasa

onsdag 11. juli 2007

fana-kofte


Eg har starta på ei fanakofte til meg sjølv. Hadde lyst å ha litt andre fargar enn dei som er vanleg på desse koftene som kvit saman med enten marine, grønn, raud, koks osv...
Det kom vel kanskje ikkje som ei overrasking av valget fall på brun og rosa ;o) sidan dette er to fargar som eg syns er fine ilag. Kofta blir strikka i SISU som er eit ganske tynt ullgarn, så dette kjem nok til å ta litt tid. Men eg likar når jakker og genserar blir strikka i tynt ullgarn fordi då vert dei ikkje så tunge å ha på seg..
Posted by Picasa

måndag 9. juli 2007

Bolero

Eg har strikka ein bolero til Maren som ho skal ha til kjolar, skjørt osv.Det vart sjølvsagt rosa garn denne gongen og, for det er framleis yndlingsfargen hennar.. Eg har teke utgongspunkt i eit mønster frå sandnesgarn-hefte 0706 barn/voksne, men som alltid blir det ein del forandringar frå slik mønsteret eigentleg er.
her er frøkna i ny bolero. og den fall heldigvis i smak :o)

fredag 6. juli 2007

sinkbøtte og knaggar

Eg har sett flotte sinkbøtter og baljar på ein del andre bloggar og syns dei er nydelege med vatn og flytande blomar oppi.. eg har planta blomar oppi mi einaste store sinkbøtte, så defor fann eg ut at eg kunne heller ha vatn og blomar oppi mini-sinkbøtta mi. Den er verkeleg mini, for den er berre 8 cm i diameter. Med små roser frå hagen oppi, står den så fint og pyntar opp i vinduskarmen..syns det blei ganske søtt eg :o)
Når eg var på heimstaden min, Halsnøy, tidlegare i veka var eg innom interiørbutikken på øya og fann nokre flotte knaggar frå Ib Laursen. Desse blir nok hengt opp på gjesterommet og i yttergongen :o)
God helg til deg som er innom!!

torsdag 5. juli 2007

ut på tur

Vi har vore eit par dagar på heimplassen min og hatt det kjempebra!! Vi har bl.a nytta dagane til å besøke slekt og venner og teke eit par turar i nærområdet.

Her er ein diger og "smilande" sau som me møtte på.. flott den!
Me møtte og på desse geitene med mange små utruleg søte geitekillingar :o) det er ein fryd å sjå på desse der dei hoppar og sprett rundt på graset..
Nå må eg prøve symaskinen min igjen og sjå kva eg får til å lage av dei nye stoffa eg kjøpte i haugesund.. Ha ein fin dag!!

søndag 1. juli 2007

litt nytt..

Eg var på tur til haugesund i går for å ta MR av den vonde skuldera, og fekk sjølvsagt tid til å kikka litt i butikkar og ;o)
Var inne på KID og der fann eg ein del saker og ting som fekk vera med meg heim..

Dette teppet har eg lenge hatt lyst på og jammen hadde dei eitt igjen som blei mitt!!


Kjøpte og ein god del kjøkkenhåndler til 2o kr stk som eg har tenkt å sy ulike ting av..
på obs! fann eg denne vesle søte vasen. Kjøpte med meg to stk, og dei blir fine å dekke på bordet med..Dette søte glaset til å ha telys i kjøpte eg og.. på Bordet ser du glimt av den nye voksduken eg kjøpte (på KID) til hagebordet..