søndag 22. juni 2008

GOD SOMMAR :o)

Eg har rusla ein tur i regnveret i dag og på veien plukka eg med meg mange flotte markblomar som eg har laga ein flott og sommarleg bukett av..

Dei har fått plass på kjøkkenbordet i ein søt oldemorvase frå Annas rom

Blåklokker, raud-og kvitkløver, hundekjeks, tiriltunge, blåbærlyng, engsoleie, revebjelle , vivindel, fuglevikke m.m.. Nyt synet ;o)



Nå tek eg ein bloggpause ... skal nyta sommaren og ferie!!
Ynskjer deg ein herleg sommar, og vil samtidig takke for alle koselege kommentarar!!!!

måndag 16. juni 2008

Lavendel

Eg har vore ute og plukka meg ein stor bukett lavendel i dag og nå luktar det himmelsk hos meg :o) "fersk" lavendel luktar mykje betre enn den som er tørka. Friskare på ein måte..

Eg delte dei opp i fleire små bukettar som eg har hengt rundt om i huset til tørk.. desse ligg oppå ei lavendelpute som eg fekk av Linda for ei tid tilbake. Den er så fin og dekorativ :o)


Ein liten bukett har fått plass på sløyferemsa mi som heng på veggen i stova..

Har du lyst å lese nokre kjekke, morsomme og kanskje litt rare fakta om lavendelen, kan du gå inn på denne sida her.

fredag 13. juni 2008

Vase..

...Frå House Doctor var blant det som vart med meg heim frå sæbøvik gaver og leker i dag. Den er forholdsvis liten og passar derfor godt til blomar frå hagen. Nett no har eg plukka inn nokre stokkroser som får stå i vasen :o)

Syns vasen passa godt inn her på sølvfatet saman med krona som eg kjøpte hos Annas rom tidlegare..

Då er det jaggu på tide å ynskje deg ei god sommarhelg igjen!!

måndag 9. juni 2008

Digitalis purpurea..

..eller revebjelle som er det norske navnet er ein utruleg vakker blom :o) prakteksemplaret på bilda ovanfor fann eg i hagen ved barndomsheimen min i går og eg var nok litt av eit syn der eg låg på bakken og rulla meg for å få eit best mogleg bilde av den ;o)
Deler av blomen er giftig, og denne gifta blir faktisk brukt i ein del hjertemedisin og forskarar har og funne ut at den har ein positiv effekt når det gjeld å ta knekken på kreftceller!

Ønsker deg som er innom ei flott veka :o)

torsdag 5. juni 2008

Blomehjerte

Tidlegare i vår kjøpte eg eit sinkhjerte hos Annas rom som eg har hatt planar for, men ikkje gjort noko med..før nå :o)
Fann ut at eg kunne pynta det med blomar frå hagen og litt sløyfebånd.. Denne pynten vil ikkje vera særleg haldbar i og med at blomane ikkje får vatn, men kan vera fint å pynta med på bordet, terassen osv dersom du skal ha besøk ein kveld :o)

Eg brukte små greiner av fagerbusk og små kvistar av dei nellikliknande blomane frå forrige innlegg..(som eg ikkje veit navnet på??) og surra desse fast med eit lyseblått silkebånd med små kvite prikkar på.
Hjertet har fått hengje litt rundtomkring i huset i dag, f.eks her på sløyferemsa på gjesterommet..
Den vesle rosa kjolen er ein eg og søster mi brukte då vi var små. Istadenfor å gøyme den inni eit skap, får den altså hengje her til pynt!

..også her på viduspynten min i stova har hjertet fått hengja, og det er nok der det vil bli hengjande framover :o)

Fin torsdag og knakande flott helg til deg!!!!

onsdag 4. juni 2008

blomstring

Det blir kanskje litt vel mange blomsterbilder på bloggen for tida, men slik vil det nok variere litt med årstidene her hos meg :o)
Dersom ein tek seg tid til å studere kvar enkelt blom nermare, vil ein oppage mange små kunnstverk av fargar, former og mønster..

Det har vore fleire veker med 25 +grader her hos oss og dermed eksploderer alt på ein gong rundt om i hagen min..
Nyt desse bildene av herlege sommarblomar, og du bør absolutt klikka på bildene for å sjå dei i større og meir detaljert format!!

lysrosa trepeon i knopp, på vei til å opna seg..

..i full blomst

Nellikliknande blomar som eg sådde i fjor, men om ikkje har blømt før nå i sommar..Lysrosa


..Mørkrosa
..rosa med "prikkete" mønster

måndag 2. juni 2008

fanakofte

Denne fanakofta i brunt og rosa har svigermor mi strikka til Maren. Den er strikka i SISU, som er eit forholdsvis tynt garn og dermed er jakka lett og behageleg å ha på :o)

Den har fått fine tinnknappar på!

Ynskjer deg ei fin veka!!!

søndag 1. juni 2008

1 år

Gratulerer sååå mykje med din aller fyrste bursdag vesle solstråla vår!!! håpar du kosar deg masse på bursdagen din :o) skulle så gjerne vore der og feira saman med deg..

Noko av det som vart sendt avgårde i presang, er Elijah-elefant og eit lite teppe til elefanten. Elijah er strikka i bomullsgarn, så den er fantastisk mjuk å kosa med for ein liten 1-åring :o)
Håpar presangen fall i smak!!