fredag 29. februar 2008

God helg :o)


Fredag igjen :o) Denne helga ha vi mykje på programmet, blant anna PRIDE-kurs i haugesund heile laurdagen.. Så då vert det vel ganske stille frå meg.
Med desse krokusane frå hagen min ynskjer eg deg ei fin helg!!!

English: With these flowers (crocus) from my garden I wish you all a lovely weekend ;o)

onsdag 27. februar 2008

soverom

I dag får du ein liten kikk inn på soverommet mitt, som for anledningen er ganske så rosa..
Sidan rommet er så lyst både på vegg og interiør er det sengetøyet(burde vore strøke, ja ;o)) som stort sett set farge på tilværelsen.
i fotenden ligg eit herleg sengeteppe som eg har kjøpt på KID..ikkje så godt å sjå det på bildet kanskje, men det er rutete, quilta i kvitt og ulike rosatonar.
Klikk gjerne på bildet for å sjå det i større format og meir detaljert..


Nattborda er i samme stilen som kommoden som eg viste i eit tidlegare innlegg. Antikkvit med slitt preg her og der.. pynten oppå vert bytta ut etter kvart som eg vert lei..

..nett no er det ei " pyntekule" og ein liten vase med krokus frå hagen som står på nattbordet mitt.

Over senga heng eit hjerte med rosa sløyfe og ei kvit perle, som er ein av dei få tinga eg har sydd på den berømte symaskina mi som eg aldri klarer heilt å bli venn med ;o)

Fin onsdag til deg som er innom!

English: These pictures are from my bedroom..

måndag 25. februar 2008

sokkar

Mannen i huset er yrkessjåfør og dermed må han innimellomm overnatte i lastebilen. Derfor treng han gode varme ullsokkar som kan varme han om natta eller om han skulle bli våt på beina.. Flaks for han at han har snille meg ;o) som strikkar sokkar til han i lange banar!!
Desse øverste er strikka av restegarn eg hadde liggande..og dermed minka garnlageret mitt litt og *jippi*
Desse sokkane er strikka i opalgarn og er tynne og herlege å ha oppi skoa.. eg har forsterka hælen med ein ekstra tråd, slik at det ikkje blir hol i dei så fort..

Tusen takk til snille Kjerst Elisabeth som gav meg eit enkelt sokkemønster og lærte meg å strikke sokkar :o) Det er fleire her i heimen og ellers i slekta som er glad for det!!!!

søndag 24. februar 2008

Kraterboller

I dag har vi baka deilige kraterboller! Dei er supergode med fyll inni/oppå, og kan godt frysast og tinast opp igjen om ein får besøk eller berre lyst på noko godt ;o)

Oppskrifta får du her:

Kraterboller
Deig:
125 gr margarin

5 dl melk eller vatn
1,5 dl sukker
1 ts kardemomme
1,3 liter hvetemel
50 gr gjær
1/2 ts bakepulver

Fyll:
Sukker
kanel
margarin

*Lag ein vanleg gjærdeig og sett den til heving.
*Rør sammen fyllet - margarin, sukker og masse kanel :o) nam,nam
* Rull deigen til passe store boller, putt fingen nedi bolla og lag eit hol som du putter fyllet oppi. set til heving i ca 30 min

Steik bollene på 250 grader i 10-15 minutt eller til dei er passe gylne på farge. Då vil fyllet boble og renne litt nedover bollene..

Oppskrifta kan med fordel doblast!! bollene blir så gode at dei forsvinn kjapt ;o)

fredag 22. februar 2008

lesekroken min

Innimellom kan det vera godt å sleppe støy frå t.d fjernsynet og då er det her eg set meg ned, skyv ut klaffa til føtene og nyt det!!
Nett no er det "ligge i grønne enger" av Anne B. Ragde eg les

Nå er det jaggu fredag igjen og då vil eg nytte sjangsen til å ynskje deg ei super helg med masse kos!!

onsdag 20. februar 2008

trolsk stemning..

I går var det tett skodde her hos oss, og då måtte eg ut ein tur i kveldinga og prøve kameraet mitt :o)
bilda eg tok fekk ein skikkeleg trolsk stemning..på bildet over ser du ei rekkje med gamle bjørketrer..

..Den gamle kyrkjegarden i bygda, ikkje så langt ifrå der vi bur, ser nesten litt skummel ut i skoddelyset..

..Maren leika seg litt med lommelykta i mørket :o)
Ein fin onsdag til deg som er innom!!

måndag 18. februar 2008

Ein liten kikk hos meg..

Tenkte at eg, innimellom, skal vise små glimt frå heimen min som stadig er under oppussing. Vi har snart budd her i 8 år, men er enno ikkje ferdig med å pusse opp ;o)
Denne kommoden er eg så glad i..antikkvit med slitt preg her og der. Eg pleier å bytta ut tinga eg har oppå der med ujamne mellomrom :o)

Nett no er dette noko av det som har fått plass oppå der; Ein rosebukett som er på veg til tørking, eit kors kjøpt hos Anna`s rom, ei lita osteklokke med ei lita rose inni, og i bakgrunnen kan du skimte ei ramme med eit svart/kvitt bilde inni.

Her kan du og så vidt skimte ein herleg telyspose med ein engel på som eg fekk av Mita i ein av gaveinteriørrundane.. Nydeleg!! Den står alltid framme..
Ynskjer deg ei flott vinterferieveke :o)

fredag 15. februar 2008

Elijah og kjæresten hans..

Etter å ha sett den søte elefanten Elijah i bloggen til Randi, vart eg heilt betatt og gjekk i gong med å strikke ein slik. Men det var ikkje nok med 1..Når Maren sin var ferdig spurde ho så fint om ikkje bestevenninna kunne få ein og, og slik vart det. Elefantane er strikka i dobbel mandarin petit og har fått ei lita blondesløyfe rundt halsen.
Mønsteret kan du kjøpa her .

Ei av rosene i valentinsbuketten som eg fekk av sambuaren i går :o) Den sender eg over til deg med ønske om ei God Helg!!

torsdag 14. februar 2008

Forandring fryder!

For eit par år sidan var det limegrønt som gjekk igjen i pynteting, dukar m.m i stova mi. No var eg så uendeleg lei av desse putene..

...derfor var eg innom KID i Haugesund tidlegare i veka og kjøpte eit par slike kvite putetrekk med blonder på eine kanten (som forøvrig burde vore strøkne før eg tok bilder..). Søte, mykje meir nøytrale og passar betre inn med resten av det lyse og duse interiøret som eg har no :o)

onsdag 13. februar 2008

fleire vårteikn ;o)


...og eit av dei sikraste vårteikna er vel når jentene tek med seg dokker og vogner ut for å leika. Dei har rigga seg til på grusen for på bakken er det enno utruleg bløtt etter alt regnet me har hatt i vinter.. Men i dag er det herleg sol ute, så då tuslar me rundt i hagen både store og små!

Snøklokkene er blitt så lange og fine at i dag kunne plukke med meg ein bukett inn :o) Ein flott onsdag til deg som er innom :o)

måndag 11. februar 2008

Raud kjole

I dag har vi endeleg hatt herleg sol her..så då tok eg kjole og kamera med meg ut og knipsa :o)
Denne kjolen er strikka i SISU på pinnar 2,5, i str 4 år. Mønsteret er henta frå juleheftet til Sandnes.
Detaljar frå kanten nede på kjolen

Kvite "perle"-knappar på ryggen...

Ha ei super veka folkens!!!

fredag 8. februar 2008

Pakke i posten :o)

Eg var innom snille,snille virre sin blogg her ein dag og la igjen ein kommentar der eg gratulerte henne med 2-års dagen for bloggen. Der vart eg trekt ut som vinnar og skulle få ei overrasking i posten...Og snakkar meg om flott gåve!!!! sjå berre her


Det fyrste e såg når eg tok av papiret var denne flotte posen i lin med brodert hjerte på...wow, tenkte eg!! kjempeflott til å ha strikketøyet mitt i når eg fartar rundt :o) plutseleg ser eg at det er noko oppi posen og sjå kva eg fann der:

Ein nydeleg God Natt-Tilda som virre har sydd sjølv! Akkurat i slike fargar som eg elskar!!

Eit søtt lite hjerte og to herlege små fuglar i tildastoff

Og denne flotte nålemappa her!! Trur Virre har skjønt at eg likar godt rosa...

Eg vart alldeles mållaus over alt det flotte eg fekk..og set så utruleg pris på slikt som er sydd for eg er ikkje noko god på symaskinen sjølv ;o) tusen millionar takk Virre - du er ein knupp!!!

Då gjenstår det å ynskje deg ei fin helg med masse kos,
og ei ekstra helsing til alle mammer der ute som feirer morsdag på søndag :o)

onsdag 6. februar 2008

maskemarkørar

Eg har teke fram perlene igjen og denne gongen var det maskemarkørar som vart laga. Desse pyntar opp strikketøyet, dersom du ynskjer det :o) Desse er laga av tjukk sen, glassperler og plastperler i ulike størrelsar. Trykk gjerne på bilda for å sjå dei i større format!


I ulike brunfargar :o)


i ulike rosafargar :o)

i turkise fargar :o)

I ulike raudfargar :o)

På ein bloggrunde kom eg over denne bloggen og vart utruleg imponert!! ta ein tur innom og finn ut kvifor ;o) eit lite hint er å sjå på profilen til vedkommande i tillegg til alt det flotte som vert laga.. JA..! han er MANN og strikkar dei finaste ting du kan tenke deg ..

måndag 4. februar 2008

tulipanar



Ein bukett med nydelege rosa tulipanar vart med meg heim frå butikken i dag :o)
fantastisk nydeleg farge på dei, syns eg. Håpar dei står vel og lenge og pyntar opp i stova mi!
Ynskjer deg ei fin,fin veke

søndag 3. februar 2008

Og vinnaren er....


Hurra for http://lene83.blogspot.com
Du vil få ei overrasking i posten ein av dei nermaste dagane!! Men fyrst må du sende adressa di til meg på mail: me-john2@online.no

Tusen takk for alle kommentarane! Det var overveldande at så mange ville vera med i trekkinga :o)

fredag 1. februar 2008

decopage og nesten 25.000 visningar :o)

Eg har pynta nokre hjerteboksar med decopage og blonder. tok bilde før limen var tørka så derfor ser serviettane ganske bølgete ut..
Desse boksane vart gjevne bort som venninnepresangar til jul. Eg fyllte dei med diverse snadder :o)
Ideen til å pynte slike boksar fekk eg hos den gode feen som ALLTID lagar så mykje lekkert!

Ellers nermar det seg 25.000 visningar på bloggen min, og i forbindelse med det vil eg gjerne sende ut ei overrasking. Det einaste du treng å gjere er å skrive ein kommentar til dette innlegget innan søndag kl 21.00 så er du automatisk med i trekkinga! Du treng ikkje ha eigen blogg for å delta :o)
God helg til deg og lykke til med konkurransen ;o)