Vi reiste til heimplassen min igjen i går og overnatta til i dag og me har kost oss masse :o) sjølvsagt vart det ein tur innom interiørbutikken på øya og eg fann noko å ta med meg heim i dag og..
blant anna denne klokka frå Lisbeth Dahl. Det er eigentleg ei vekkarklokke, men eg syns den er altfor fin til å gøyma vekk på soverommet, så den skal få stå i stova!

Desse "beskjedklypene", også frå Lisbeth Dahl, i samme design kjøpte eg og. kjempefine og verkeleg dekorative.
Kom og over denne søte mugga med "blondekant" rundt på toppen. Har ikkje heilt bestemt meg om eg skal bruke den til å ha blomar i eller om eg skal ha kakaoen min i den til vinteren ;o) Merket er miljøgården.

Til slutt fann eg dette opphenget frå Ib Laursen. Knakande flott med litt bilder og anna pynt på! Har hengt den i trappeoppgongen..