
ENDELEG var maskina på plass i heimen igjen, og den fungerer jammen som den skal og ;o) Eg må berre få sei tusen takk for alle kommentarane som dåke har sendt meg medan eg var uten pc! Kjempekjekt å lesa dei når eg logga meg på igjen i kveld!
Her har ikkje strikkepinnar eller heklenål lege stille i det siste, men som sagt tidlegare er det mange julepresangar som er under produksjon nett nå og dei kan eg jo ikkje vise før etter jul! Dåke får likevel ein liten kikk her.. denne hua er strikka i mørkeblå sisu og pynta med kvitt sløyfebånd. Blir søt på eit lite jentehovud denne her!