fredag 31. august 2007

fredag..

Så var det jammen fredag igjen :o) dagane går så det susar for tida. Vi har ganske hektiske dagar på jobb no med mange born som skal tilvennast barnehagelivet..det føles som om me nett har byrja på ei ny veke når fredagen brått er der igjen.. ikkje har eg fått tid til så mykje nytt på håndarbeidssfronten heller, men noko har eg nå på pinnane ;o)
Tusen takk for idear og tips når det gjeld nypene i forrige innlegg..eg ser for meg eit par ting som eg vil prøve ut og etter kvart vil det sikkert dukka opp her i bloggen.
Ellers er det herleg med mørkare kveldar der ein kan tenne lys rundt i huset! det vert liksom ein eigen og fredeleg stemning i huset då, syns eg!
Eg ynskjer deg som er innom ei flott hausthelg..

tysdag 28. august 2007

Nyper


I hagen min har eg ein hekk av nyperosebuskar. Tidlegare i sommar har den stått i full bløming og er verkeleg eit syn når den er full av slike nydelege rosa blomar..nå står berre denne eine igjen, men derimot er buskane nå fulle av knallraude herlege nyper!


Kvart år heng desse nypene berre der og rotnar og visnar vekk i haustregnet..ganske dumt i grunn, men eg veit liksom ikkje heilt kva eg skal bruka dei til.. Eg lurer derfor på om du har ei god oppskrift på eit eller anna som kan lagast av nypene??

søndag 26. august 2007

Så var eg her igjen ;o)

..eg klarer visst ikkje å gje meg heilt med blogging, men kjem nok ikkje til å ha innlegg like ofte som før. Eg skal blogge når eg føler for det, og har noko å blogge om ellers er eg redd for at det blir litt gjentaking av meg sjølv ;o)

Me har vore ein tur i skogen i dag og der blømer røsslyngen så utruleg flott nett no. Eg plukka med meg ein svær bukett som eg har fordelt rundt i huset...mmm..deilig skoglukt!
Til slutt eit bilde av dei nydelege små blomane på lyngen.
Ha ei flott veke, folkens!



tysdag 14. august 2007

pause..

..Kjenner at eg treng ein pause i blogginga no. tidlegare har eg kosa meg med med blogginga, men akkurat no kjenner eg det meir som eit press enn glede :o(
Eg har derfor bestemt meg for å ta ein pause, men veit ikkje kor lenge den vil vare..kanskje 1 veke. kanskje 1 månad..eller kanskje eg gir meg med heile blogginga.
Tusen takk for alle koselege kommentarar eg har fått gjennom dette året eg har halde på, både på sprayblogg og her på blogger!! Det er dei som har gjort at eg har halde på så lenge som eg har..
Håpar inspirasjonen snart kjem tilbake :o)

søndag 12. august 2007

ei lita oppdatering..

..på korleis det går med fanakofta mi :o) puhh..byrjar å bli ganske lei av å strikke striper og lus nå! Men ha heldigvis bare 3-4 striper igjen før eg skal strikke mønsterrapporten. det ser eg fram til! eine armen er også ferdig, og eg gler meg verkeleg til eg kan ta jakka i bruk..endeleg eit plagg til meg sjølv ;o)


Ellers har gimpelise gjeve meg denne nomineringa
Ser det er utruleg mange som har fått den rundt på bloggane nå, så eg sender den vidare til dei som enno ikkje har fått den..

onsdag 8. august 2007

litt nytt..

Vi reiste til heimplassen min igjen i går og overnatta til i dag og me har kost oss masse :o) sjølvsagt vart det ein tur innom interiørbutikken på øya og eg fann noko å ta med meg heim i dag og..



blant anna denne klokka frå Lisbeth Dahl. Det er eigentleg ei vekkarklokke, men eg syns den er altfor fin til å gøyma vekk på soverommet, så den skal få stå i stova!

Desse "beskjedklypene", også frå Lisbeth Dahl, i samme design kjøpte eg og. kjempefine og verkeleg dekorative.


Kom og over denne søte mugga med "blondekant" rundt på toppen. Har ikkje heilt bestemt meg om eg skal bruke den til å ha blomar i eller om eg skal ha kakaoen min i den til vinteren ;o) Merket er miljøgården.


Til slutt fann eg dette opphenget frå Ib Laursen. Knakande flott med litt bilder og anna pynt på! Har hengt den i trappeoppgongen..

søndag 5. august 2007

ferien er over..

..og i morgon er det tilbake på jobb igjen. matpakkane er klare og eg gler meg faktisk til å komma i sving igjen! Som sagt tidlegare er Maren heilt gira på alt som har med Hello Kitty å gjera og på turen vår til Larvik fant ho denne matboksen og drikkeflaska som ho berre MÅTTE ha.. Må sei meg enig i at dei var jo søte og då..
Ferien vart avslutta med ei utruleg koseleg helg. På laurdag var vi i bryllup og kosa oss saman med slekt og vener som vi ellers ikkje ser så ofte :o)
Ynskjer deg som er innom ei super veke!

torsdag 2. august 2007

Ute skin endeleg sola..

..og eg har hatt meg ein runde i hagen igjen nå i ettermiddag. Nå blømer hagehortensiaen min på det finaste og det er så mange og tunge blomar at greinene bøyer seg nesten ned i bakken.
Eit nærbilde av dei nydeleg blomane på hortensiaen :o)

Dei amerikanske blåbæra på busken i hagen min byrjar å bli modne..dei er ikkje så gode som blåbæra ein finn i skogen, men veldig dekorative til kaker, dessertar o.l


Slik ser prestekragane mine ut etter besøk av sniglane...trist syn :o( Dei har kosa seg og boltra seg rundt i beda mine nå når veret har vore fuktig i vekesvis..
Klikk på bilda så får du sjå dei større og meir detaljert!