
Eg har hekla ein rosa blom eller rosett om du vil ;o) og pynta den med brune perler. Eg har planar om å feste ei nål på baksida slik at eg enten kan ha den på ei jakke eller veske. Det går og an å feste ein hårstrikk på baksida og ha den i håret.
Denne er enkel å lage..trur eg brukte 30-40 minutt frå eg starta til den var ferdig.

Eit nærbilde av blomen..
You make my day-award har eg fått av Hulda, og den blei eg kjempeglad for!!!
Då skal eg
nominera 5 andre bloggarar som eg syns fortener denne awarden, og det er ikkje enkelt for det er så mange der ute som er har såå utruleg flotte bloggar og som gjer meg mykje ved å kikke innom! Eg linkar ikkje til dei eg nominerer, men du finn dei i høgre marg.
Anka for den koselege bloggen ho har med innlegg frå kvardagen hennar og alt det flotte ho lagar!
Heigrim (fru pigalopp) som har ein flott blogg, og ho lagar så mykje fint! Dessutan har ho og familien kjempa ein tøff kamp denne hausten/vinteren!
Lille my30 som er ei dyktig dame som lagar såå mykje fint og eller s har trivelege innlegg frå kvardagen sin!
Tussaluso som har mange koselege innlegg om familien sin og dessutan er ho ein reser til å sy og strikke!
Timotei som syr og strikkar utruleg mange fine ting! Og dessutan viser ho mange flotte ting frå barndommen sin som gjer meg glad og får meg til å mimre om min eigen barndom!
Desse damene er vel verdt eit besøk!!
Til slutt vil eg ynskja deg som er innom ei superduper helg :o)