
I dag har vi vore og rydda ut av huset til mi kjære farmor som dessverre gjekk bort i vinter... Utuleg mange flotte gamle ting dukka opp undervegs, og ein del fekk eg ta med meg heim :o)
Desse to
koffertane er knallfine!!! er ikkje heilt sikker på kor gamle dei er, men godt brukte er dei i allefall.nå har eg vaska dei og dei har stått til lufting ute..Eg har ein plan med dei, men det viser eg seinare ein gong ;o)

Dette
gamle bordet fann eg langt inni kjellaren. Det har fått ein omgong med grønnsåpe og nå står det utanfor inngongsdøra mi med ein gamal balje med blomar i oppå..og under! baljane og fekk eg med meg ifrå farmor i dag.. Eg har lurt på å male bordet
kvitt, men klarer ikkje heilt å bestemme meg..k
va syns du?
Ei superfin
kaffikanne som kaffien er blitt kokt i står nå på ein stubbe i hagen med ein fleirfarga lobelia oppi..
5 store norgesglas fekk eg og!! eg har planar for dei og, men har i fyrste omgong vaska dei så får du sjå resultatet seinare..
Ein kjempegammal
appelsinkasse til kr 4,50 har eg og..den har fått eit strøk med kvitmaling og står nå til tørk. Den og kjem eg tilbake til når eg er ferdig med maling og pynting!
Ha ei fiiin kommande veke!!!