tysdag 12. juni 2007

Nye brikker og Hello Kitty..

Eg var innom yndlings-gave og interiørbutikken min på Husnes i dag uten planar om å kjøpe noko spesielt..men som alltid har eg med noko når eg går ut derifrå ;o) I dag var det 3 av desse brikkene(dei hadde ikkje fleire..) som blei med heim. Kjempefine, syns eg! Merket er miljøgården, og dei kan brukast på begge sider. Slik ser dei ut på eine sida
Slik ser dei ut på andre sida

Maren er heilt hekta på alt som har med hello kitty å gjer for tida, og då vi fann oppskrifta på denne så måtte eg berre ta pinnane fatt..klarar berre slike småprosjekt innimellom sidan skuldera fortsatt plagar meg :o( Maren vart jublane glad for denne vesle figuren


laurdag 9. juni 2007

Hekla duk

Eg har hekla små eigenkomponerte rosettar som eg har sydd saman til ein liten duk. Den er hekla i rosa mandarin petit på heklenål nr 3. Oppå duken ligg ein av favorittblomane som eg har i hagen min, nemleg ein lysrosa peon ;o) Dei blømer så utruleg flott nett no!

onsdag 6. juni 2007

Den gamle sinkbøtta mi..

..kom meir til sin rett med ein nyinnkjøp pelargonia oppi, syns eg. Den har nokre utruleg flotte blomar som eg ikkje har sett før, og sidan dei ikkje viser så godt på dette bildet får du eit næbilde av sjølve blomen nedanfor ;o)
Søte ikkje sant??

tysdag 5. juni 2007

Pakken er komt :oD

I dag kom pakken i posten frå min hemmelege venn i interiør/gavealongen!! Skikkeleg sommarsleg innpakka i papir med roser på og eit koseleg kort låg ved.
Inni pakken låg desse flotte tinga; ein duk, matchande ramme, ein pose med potpourri som duftar himmelsk og ein pose med blomkarse ;o) Tusen takk, min hemmelege venn!!!

måndag 4. juni 2007

Sommarfølelsen..

.. er kommen for fullt her på vestlandet! Vi har verkeleg nokre herlege dagar nå! I ettermiddag rusla vi ein liten tur ned til stranda og sjå kor herlig klar luft og flott utsikt det var frå svaberget :o)
Jentene storkosa seg med bolle medan dei dingla med beina utfor bergkanten

Vatnet var alldeles klart..


..og då kunne ikkje Maren venta lenger :o) Ho hoppa uti og tok ein kjapp dukkert, og meinte at sjøen var kokvarm ;o)



søndag 3. juni 2007

Sommaren er her..

Me har hatt eit nydeleg ver heile helga med opp mot 26 grader skyggen og då fann Maren ut at det var på tide å starta badesesongen..i naboen sitt oppvarma basseng, vel og merke ;o)
utifrå ansiktsuttrykket og dei høge skuldrene kan ein vel bare meddele at det ikkje var så kjempevarmt oppi bassenget i dag...

fredag 1. juni 2007

God helg!

Ja, så var det jammen helg igjen! I går var eg ute i hagen med kameraet mitt igjen og knipsa bilder. Då kom eg over denne iherdige humla som jobba på og samla blomsterstøv ;o)

Ellers vil eg nytta høvet til å gratulere mitt kjære søskenbarn, den gode feen, med den vesle prinsessa som vart fødd i dag!!! Me gler oss veldig til å få treffa vesle Alma!

Ynskjer og God helg til deg som er innom!