søndag 30. september 2007

og vinnaren er...

22 navn var med i trekkinga og desse vart skrivne opp og klypt ifrå kvarandre..
..og rota saman oppi ei skål før eg fekk hjelp av min kjære til sjølve trekkjinga..

Lappen som vart trekt stod det Elin1976 på!!! Gratulerer Elin du er den heldige vinnaren og vil få ein pakke i posten frå meg ein av dei nermaste dagane. Det var vel ei koseleg overrasking på ein søndagskveld :o)






fredag 28. september 2007

10.000 :oD

Besøkstallet på bloggen min nermar seg 10.000 sidan eg la inn web-counteren i sommar, og i samband med det vil eg senda ei overrasking i posten til ein av dåke som legg igjen ein kommentar på dette innlegget før førstkommande søndag kl 18.00. Då vil eg trekkja ein vinnar som blir offentleggjort søndag kveld.. Hiv deg med, for vi er vel alle einige i at det er spennande med pakke i posten ;o)
Ønsker deg med det samme ei herleg helg!!

onsdag 26. september 2007

Ullundertrøye

Eg har strikka ei ulltrøye igjen, denne gong i ca størrelse 2 år. Eg har teke utgongspunkt i askeladden si oppskrift, men har forstørra mønsteret sidan den oppskrifta berre går til 18 mnd. Denne gong har eg brukt SISU glitter, men det viser ikkje så godt på bildet.. Rhododendrongreina som ligg oppå plukka eg i hagen i ettermiddag. Blomstrane blir visst litt forvirra av det varme haustveret og blømer på nytt igjen nå. Dei skal jo eigentleg ikkje bløme før i april...

måndag 24. september 2007

gammalt..og nytt ;o)

Oppi skogen her står mange gamle skur og alle har sin sjarm! Eg måtte bare ta bilde av dei værbitte plankane, rustne hengslene og den forholdsvis nye hengelåsen.. Når eg tuslar rundt slik åleine på tur så grublar eg nå alltid over eittkvart.. og denne gongen var det desse tankane som svirra..
Kvifor er hengelåsen så mykje nyare og blankare enn resten av skuret??
Har nokon brote seg inn og øydelagt den gamle hengelåsen??
Var den forrige hengelåsen av så dårlig kvalitet at den rusta bort lenge før hengslene??
Har eigaren mista nøkkelen slik at han måtte kjøpa ny hengelås?? (det er forresten noko som lett kunne ha skjedd meg :o) rotekopp som eg er..)
Er hengelåsen av så god kvalitet at den faktisk er like gamalt som resten, men har holdt seg like fin??
Kva trur du?????

søndag 23. september 2007

Ut på tur..

Turen i dag gjekk ned til sjøen. Herleg å tutla langs stranda og plukka skjell og vassa med støvlar på ;o)
Hausten er kommen, det viser tydeleg igjen på desse gamle kastanjetrea

Vatnet frå fjellet kjem fossande ned i sjøen, og etter alt regnet me har hatt er det mykje vatn som kjem ned..

Heilt nede ved sjøen ligg dette flotte huset. Det heiter Ekely og er ein eigen avdeling som høyrer til Valen psykiatriske sjukehus. Har mange gonger gått tur forbi her og drøymt meg vekk..tenk å hatt eit slikt hus!
Nå er snart søndagen over så eg ønsker deg ei fin veke :o)



torsdag 20. september 2007

Babyhue av restegarn


Eg hadde ein del restegarn igjen av alpakkagarn etter diverse ting eg har strikka, og fann ut at eg kunne strikke ei hue av det. Eg har teke utgongspunkt i ei oppskrift frå DROPS, men som vanleg gjorde eg ein del endringar undervegs..Denne er i størrelse 1 1/2 -2 år, og er kjempemjuk og ekstra varm og god sidan den er lang og kan stappast nedi jakke eller dress.

Mangla dessverre modell, så sminkedokka måtte til pers..ser litt rart ut, men, men ;o)

Ynskjer deg som er innom ei super hausthelg med masse kos!!

tysdag 18. september 2007

Lyseblått bølgeteppe

Eg har hekla eit lyseblått bølgeteppe i trysil babyull frå europris. Teppet måler 77 x77 cm. Eit
herleg og mjukt teppe til ein liten baby.
nærbilde av teppet. Det har vore kjempeartig å hekle desse bølgene og nå skal eg straks hiva meg i gong med eit rosa teppe!