tysdag 18. september 2007

Lyseblått bølgeteppe

Eg har hekla eit lyseblått bølgeteppe i trysil babyull frå europris. Teppet måler 77 x77 cm. Eit
herleg og mjukt teppe til ein liten baby.
nærbilde av teppet. Det har vore kjempeartig å hekle desse bølgene og nå skal eg straks hiva meg i gong med eit rosa teppe!



søndag 16. september 2007

Skogens juvelar..

Eit av dei flottaste trea eg veit om er lerketreet :o) syns det er så fint med dei små duskane med nåler og dei nydelege konglene som godt kan kallast skogens juvelar.. Har du forresten sett når det blømer, før konglene kjem fram?? Det er rett og slett noko av det vakraste som finns..
Treet mister alle nålene om vinteren, men mange av konglene heng framleis på og desse greinene er kjempefine å ta inn til dekorasjonar m.m
Samme greina, men denne gongen utan blits ;o)

fredag 14. september 2007

god helg..

Helgeroen har senka seg i heimen og vi har tent utallige stearinlys i stova, blant anna i denne nydelege telysholdaren som eg fekk av verdens beste søster sist ho var heime..
Ynskjer deg med dette ei herleg hausthelg :o)

onsdag 12. september 2007

Haustpynt


I går ettermiddag laga Maren litt haustpynt til mammo si :o) Ho hadde funne blomstrar på ein knollbegonia og nokre raude bær frå ein busk i hagen (som eg ikkje huskar namnet på nett no..) og eit telys som ho putta oppi ei glasskål med vatn. dekorativt og fint og det er utruleg kjekt å sjå at kreativiteten blomstrar blant ungane og ;o)

I haustmørket vart det såå koseleg med pynten frå Maren på salongbordet!


søndag 9. september 2007

Ut på tur..aldri sur!

Søndagane vert ofte brukt til tur for oss og i dag har vi rusla ein tur i nærområdet. Det er mange flotte merka turløyper, og i dag skal du få bli med på ei av desse.. Turen går til bjørkedalsdammen!


Nydeleg liten bekk som renn over flotte steinar er noko av det du kan sjå

Flott fossefall over demningen! eit vakkert syn og kraftig buldrande lyd..syns du ikkje at du kan høyre det???


Ein liten rusletur på kanten v/dammen..spennande, men litt skummelt og..





I skogkanten stod denne flogesoppen. Den som er såå giftig for oss, er faktisk mat for andre skapningar..


Vel nede frå skogen igjen ruslar vi forbi denne koselege raude hytta under gamle, svære kastanjetrer



...og då må me alltid plukka med oss nokre kastanjenøtter! rare, men fasinerande skapningar!
Takk for turen!!


















onsdag 5. september 2007

bølgeteppe

Etter å ha sett utruleg mange flotte bølgetepper på andre bloggar, klarte eg ikkje dy meg lengre... eg har begynt på eit eg og!
Har sett mange stripete tepper, men Marianne http://giram.net laga eit einsfarga rosa som er alldeles nydeleg!! Derfor hermar eg etter henne ;o) og håpar at ho syns det er greitt. Eg heklar mitt i rosa nøstebarngarn. sjølvsagt var dei tomme for dette garnet på den lokale garnbutikken, så eg måtte bestille meir over nettet direkte frå nøstebarn sin nettbutikk..defor må eg ha ein pause frå teppet til meir garn kjem i posten. Men arbeidslaus er eg ikkje, for eg starta like godt på eit lyseblått mens eg ventar :o)
Mønsteret har eg funne på bloggen til nunnun http://blog.nunnun.net

søndag 2. september 2007

strikkasokkar

Desse har blitt til i løpet av den siste veka. Små barneføtter i ulike størrelsar skal bli varme og gode i vinter med desse på ;o)
Sokkane er strikka i SISU fantasy. Garnet er mjukt og godt og akkurat passe tjukt for små føtter. Eg likar ikkje altfor tjukt garn til barnesokkar for det kan rett og slett bli for trangt i støvlane. Fantasygarnet er greitt sidan det er fleirfarga og lagar mønster av seg sjølv! og ungane likar jo ofte litt fargerike ting. Nå gjenstår det berre å feste på antiskli under, så er dei klare til å verta gjevne bort..