tysdag 3. november 2009

Rundfelling..

er utruleg flott, særleg på små barnegenserar!
Denne er strikka i Sandnes alpakka på pinnar 3,5 så det gjekk egentleg ganske kjapt å bli ferdig med den :)

god og varm alpakkaull som skal varme ein heldig liten gut..

masker tett i tett..

Nå har eg eit par sokkar i matchande fargar på pinnane..kjekt med restegarn ;)

fin kveld til deg som kikkar innom!

søndag 1. november 2009

orkidetips :)

orkidear har ein tendens til å leve ganske så kort tid hos meg..eg er vel kanskje litt for "snill" med dei og gir for mykje vatn osv...

Når det gjeld dei små orkideane har eg derimot eit glimrande tips å komma med :) ta dei ut av potta dei kjem i og plasser den oppi ein vase eller eit høgt glas.
ein gong i veka fyller du glaset med med lunka vatn slik at vatnet dekker røtene. Då vil du sjå at det festar seg vannbobler på røtene, noko som betyr at blomen "drikk" vatn. etter 10-15 min vil boblene sleppa taket og ploppa opp til vannflata. Då har planta fått nok vatn. tøm ut vatnet og set orkideen tilbake i vinduskarmen ;)

Eit nydeleg eksemplar av min vesle orkide. Den har stått og blømt lenge nå etter at eg har følgt oppskrifta ovanfor :)

Ynskjer deg som kikkar innom ei strålande flott kommande veke :D

laurdag 31. oktober 2009

Ranuklar m.m

I går og i dag har eg hatt nokre koslege dagar på Halsnøy :) Buketten har opna ny og større butikk og der kjøpte eg desse nydelege kvite ranuklane. Er du på øya, er denne butikken absolutt verdt eit besøk!

Stemningsbilder frå heimen i kveld. Det er mørkt, haustvinden bles ute og då er det koseleg å tenne stearinlys inne..

Eg måtte sjølvsagt ha meg ein tur innom "Sæbøvik gåver og leiker" når eg var på Halsnøy og der fann eg denne skjønne kruna med plass til eit lite lys på toppen, og pakken med lys som du ser i bakgrunnen. Den er så fint innpakka og dekorativ at den skal få stå framme :)
Begge er frå Ib Laursen.

Nå skal laurdagskvelden nytast med litt handarbeid og tv-kikking :)

God helg til deg som kikkar innom!!

tysdag 27. oktober 2009

ein kjær skatt..

..for meg, er denne duken i Hardangersaum som mi kjære mamma laga på 70-talet. Ho var ei utruleg fingernem dame som trylla fram dei flottaste plagg med symaskina, ho strikka, hekla og broderte :)
Duken har eg vore litt redd for, så den har lege godt bevart langt nede i ei kommodeskuff..
Etter kvart har eg tenkt at ho laga den jo fordi den skulle brukast, så nå får den pynta opp salongbordet mitt frå tid til annan.
Syns liksom heile stova blir festpynta med denne duken på bordet!

Mange timar har gått med til å laga dette kunstverket av ein duk, som eg er så glad i :)
Hardangersaum ser utruleg vanskeleg ut, men ein dag vil eg og prøve meg på dette eg og.

fredag 23. oktober 2009

Dagens oppskrift..

..er ikkje av dei mest spennande akkurat :) men eplekake er knallgodt, og spesielt nå om hausten når ein kan bruke norske litt syrlege epler! når ikkje det er sesong for norske epler plar eg bruke granny smith.
Oppskrifta denne gong har eg funne på frukt.no og eg deler den gjerne med deg :

Eplekake

125 gr smør
125 gr sukker
125 gr kveitemjøl
2 stk egg
1 ts bakepulver
2 store eller 3 små epler
12 mandlar (kan sløyfast)

2ss sukker (til å strø over)
1 ts malt kanel (til å strø over)

smør, sukker, mjøl og bakepulver smuldrast saman. Rør i samanpiska egg. Fordel deigen i ei smurt, rund kakeform. Rens og del eplene i båtar som du så legg tett over deigen. Dryss over hakka mandlar, sukker og kanel.

steik på 200 grader i ca 30 min. eplekaka serverast best varm, saman med piska krem, rømme, is eller vaniljesaus.


Eg serverte kaka denne gong varm, saman med litt vaniljesaus og pistasjeis.. men det hadde vore betre med vaniljeis ;)

Ynskjer deg som kikkar innom ei knallfin helg!!!

torsdag 22. oktober 2009

Kari- og Olavotten

Vintertemperaturen kom litt vel tidlig for oss for nokre dagar sidan og dermed var det på tide å hive seg i vottestrikkinga...
Eg fann eit gamalt mønster i permen min, Karivotten, som er så søt med ei jente på. Olavotten med gut på, kan ein strikke til gutane ;)
Eg har strikka dei i brun og rosa SISU, slik at dei passar til barnehagedressen til veslesnupp.

Så yndige, varme og gode til små barnehender..
einaste problemet er at ho som dei var meint til hyler kvar gong eg tek dei fram..
ho hatar ull, til min store fortvilelse :)
ho føretrekk nokre gamle, raude polvottar med rosa grisar på som var kjøpt til Maren ein gong på slutten av 90-talet..ikkje særleg flotte å sjå på og altfor store, men pytt, pytt. ho er iallefall varm på hendene ;) og dessutan er det milde og solrike dagar igjen her nå.

NB! Nytt innlegg i morgon med oppskrift på noko godt til helga!! Line, ein av lesarane av bloggen min, kom med ideen om å ha eit innlegg med mat/snacksoppskrift kvar fredag..det får eg prøva på framover!

torsdag 15. oktober 2009

saftig banankake

Denne banankaka er knallgod på smak og ikkje minst ganske kjapp å lage. Maren har begynt med mat og helse på skulen dette året, noko som har resultert i at ho prøver ut det eine og det andre på matfronten her heime. Kjempekjekt for oss andre når ho putlar på ute på kjøkkenet og kjem med overraskelsar rett som det er :)

I dag deler vi oppskrifta på denne kaka med deg!

banankake:

150 gr margarin
2 dl sukker
2 egg
4 dl kveitemjøl
1 ts bakepulver
1 ts vaniljesukker
1 ts kanel
2 godt modne bananer
100 gr kokesjokolade, hakka i bitar
evt 50 gr valnøtter, grovhakka

rør smør og sukker kvitt. Ha i egg, kveitemjøl, bakepulver, vaniljesukker, kanel.
mos bananene med gaffel og ha i røren. Bland i kokesjokolade og evt nøttene.
Hell røra over i ei smurt 1 l brødform og steik i ca 45 min på 175 grader.

Nb! eg pleier å la ver å mose bananene for mykje, slik at det vert bananbitar i kaka. det syns eg er best, men prøv deg fram kva du syns ;)

Mmmm..rykande fersk banankake er snadder!!