
Eg har strikka denne tunikaen til Maren i bomullsgarnet
mandarin. Mønsteret er henta frå heftet
mandarin dame frå
sandnes garn.
passformen er utruleg fin og den sit som eit skudd på den store jenta mi :)
fargane har ho teke ut sjølv, og sjølv om ho no er 11 år er rosa og lilla ein farge som ho ikkje heilt klarer å gje slepp på..

Ellers må eg berre vise dei nydelege fargane på blomane på hotensiabusken min nett no. sjølv om dei held på å miste den flotte blåfargen er fargane som kjem fram før dei visnar, utruleg flott..grønn,rosa, lilla...herleg!!

Ein stor bukett har fått komme inn på bordet, og skal pynte opp mellom kaker og diverse for i morgon feirer vi 2-årsdag i huset!!
hipp hipp hurra for veslesnupp :)