fredag 6. november 2009

Dagens oppskrift..

er matmuffins med diverse snadder i :) her er det vel eigentleg berre fantasien som set grenser for kva ein kan fylla dei med..
her er oppskrifta på dei eg laga sist:

Matmuffins:

100 gr riven gulrot (2 gulrøtter)
1 løk (kan droppast dersom ungane ikkje er så glad i løksmaken)
1 pakke kokt skinke
(påleggspakke..) eller baconbitar.
3 ss olje
4 store egg
100 gr riven ost
1 dl melk
450 gr kveitemjøl
4 ts bakepulver
1 ts salt
1 ts pepper

1) riv gulrøttene på råkostjern og finhakk løken
2) steik løken lett, saman med gulrøttene og skinka. avkjøl blandinda til den er lunka
3) rør i egg, eitt om gongen. tilsett deretter resten av ingrediensane
4) fordel røra i muffinsformer
5) steik på midterste rille på 180 grader i ca 35 minutt, til muffinsane er gylne og gjennomsteikte.
6) avkjøl muffinsane og nyyyyt :)


Desse muffinsane er knallgode som niste for både store og små :)
Efaringane her var at første gong eg laga desse åt ikkje dei minste så mykje av det..kanskje det har noko med muffinsformene å gjera?? ungane forventar då at det skal vera ein søt smak på muffinsane..ja, ja det går seg til etter kvart!

Ferdigsteikte matmuffins som vi hadde til kvelds i går :)

Eg ynskjer deg som er innom ei knallfin helg!!!!!!!!!!!

7 kommentarer:

Barbros lille atelier sa...

Den oppskriften skal jeg jammen prøve i helgen.Hørtes veldig godt ut. Kjekt med noen nye mattips:-)

God helg!!

Muskatt og kardemomme-Kjersti sa...

Hei kjære deg,
takk for spennende oppskrift!
Har også skrevet av knekkebrødoppskriften,gleder meg til å prøve!
Veldig fin blogg du har :o)
Kjerstiklem

Anonym sa...

Disse hørtes gode ut. Det e alltid spennende å prøve noe nytt:)
ønsker deg ei fin helg!

SNILLPIKE♥ sa...

Dei såg knallgoe ut, desse må vi prøve. God helg.

Mita`s hjørne sa...

Heisann...
mmmm... disse så jo knallgode ut da, skal skrive opp denne oppskriften - har ei notisbok ved pc`n...

Ha ei super helg...

ChatrinesLiving sa...

Ååå så gode muffinsene ser ut! Kansje jeg må ta en bakedag når alle i huset har blitt kvitt influensaene sine:)

Finfin kveld til deg!
Klem fra Chatrine:)

Fruen på Skogmo sa...

Heisann hoppsann :o)
Googla "matmuffins" i sted, og dermed kom det opp link til bloggen din. Ble kjempefristet til å prøve oppskrifta di, så nå står det forvellet gulrøtter, pølser og løk til avkjøling i kjøleskapet. Håper det er greit at jeg tar meg en titt i bloggen din mens jeg venter på neste steg i muffinsbakinga ;o)

Tusen takk for at du deler med oss andre! Ønsker deg en flott dag :o)