onsdag 19. desember 2007

Gåve frå min hemmelege venn

Denne flotte gåva låg i postkassen min i dag! Nydeleg innpakka i gråpapir med eit belte av kvitt papir med sølvglitrande mønster på :o)

Dette var inni det fine papiret; flotte juleserviettar, ein pose med lavendel, 3 til-frå lappar og ein knallstilig engel som vennen min har laga sjølv!

Slik ser engelen ut! Laga av ein gamal lampeskjerm, blonder, streng perler og prismer..imponerande kor kreative folk er :o) Engelen skulle absolutt vore sett i verklegheita, for på bildet her ser du ikkje alle detaljane..
Tusen takk min hemmelege venn!!!

måndag 17. desember 2007

Kakemenn

Det er aldri jul her i huset før vi har baka kakemenn, så i dag tok vi kjevle og former fatt og sette i gong! Her ser du Maren i djup konsentrasjon med å trykka ut damer, menn, hjerter, grisar og stjerner :o)

Tynne kakedamer og menn før steiking..

Til slutt hadde vi eit fjell av tjukke og gode kakemenn..mmm...det luktar jul i huset etter steiking!

laurdag 15. desember 2007

baskerlue

Eg har strikka ei baskerlue i rosa alpakka frå sandnes garn. Den er såå mjuk og god og bra passform er det på den og!

Ynskjer deg som er innom ei flott 3.adventshelg :o)

måndag 10. desember 2007

litt nytt..

Eg har vore å handla litt på "baronessa" for eit gavekort som eg fekk her hin dagen. Butikken har fått inn såå utruleg mykje fint nå før jul og denne gongen kjøpte eg det "gamle og slitte" skiltet som du ser i bakgrunnen, osteklokka til venstre i bildet og juletreet i fattigmannssølv til høgre.
Osteklokka skal eg ha ein liten juleblom i, men i dag har eg berre pynta den med ei krone inni og litt blonde på toppen..

torsdag 6. desember 2007

Smockies

Har strikka meg eit par fingerhanskar kalla smockies. Desse og er det BenteB som har laga oppskrift til. Mine er strikka i brun silja på pinnar 2,5 og pynta med rosa perler oppsida. Kjempeherlege og dekorative når ein skal ut ein kald vinterdag..noko som det forøvrig ikkje er her..10 grader og øsande regn

Eg nyttar samtidig sjansen til å ynskja deg god helg!

tysdag 4. desember 2007

Sukkertøysokkar ;o)

Eg har strikka meg eit par sokkar i SISU glitter, som minner mest om sukkertøy pga fargane eg har brukt :o)
Øverst har eg hekla ei bord med bølger som pyntar ekstra opp.

Eit nærbilde av borda og kanskje du ser glitteret i garnet og, dersom du kikkar godt etter..Det viser mykje betre i virkeligheten

søndag 2. desember 2007

1. søndag i advent

ohh..nå rasar tida avgårde mot jul her!! Allerede 1. søndag i advent i dag og vi har kosa oss i helga med å plukke fram ein del pynt som blant anna adventsdekorasjonen på bildet ovanfor. Jammen er det ei koseleg tid nå framover :o)

Eg tek med eit bilde av adventskalenderen til Maren, som farmora hennar sydde til henne då ho var 2 år. Den er kjempeflott og så forseggjort at den heng framme til pynt heile jula, også etter at alle pakkane på den er opna.
I desembermånaden er det iallefall ikkje vanskeleg å få snuppa opp av senga om morgonen.. ho sprett opp kvar dag i spenning over kva som er inni pakken :o)
Ha ei flott første veke i desember alle saman!!