onsdag 13. februar 2008

fleire vårteikn ;o)


...og eit av dei sikraste vårteikna er vel når jentene tek med seg dokker og vogner ut for å leika. Dei har rigga seg til på grusen for på bakken er det enno utruleg bløtt etter alt regnet me har hatt i vinter.. Men i dag er det herleg sol ute, så då tuslar me rundt i hagen både store og små!

Snøklokkene er blitt så lange og fine at i dag kunne plukke med meg ein bukett inn :o) Ein flott onsdag til deg som er innom :o)

måndag 11. februar 2008

Raud kjole

I dag har vi endeleg hatt herleg sol her..så då tok eg kjole og kamera med meg ut og knipsa :o)
Denne kjolen er strikka i SISU på pinnar 2,5, i str 4 år. Mønsteret er henta frå juleheftet til Sandnes.
Detaljar frå kanten nede på kjolen

Kvite "perle"-knappar på ryggen...

Ha ei super veka folkens!!!

fredag 8. februar 2008

Pakke i posten :o)

Eg var innom snille,snille virre sin blogg her ein dag og la igjen ein kommentar der eg gratulerte henne med 2-års dagen for bloggen. Der vart eg trekt ut som vinnar og skulle få ei overrasking i posten...Og snakkar meg om flott gåve!!!! sjå berre her


Det fyrste e såg når eg tok av papiret var denne flotte posen i lin med brodert hjerte på...wow, tenkte eg!! kjempeflott til å ha strikketøyet mitt i når eg fartar rundt :o) plutseleg ser eg at det er noko oppi posen og sjå kva eg fann der:

Ein nydeleg God Natt-Tilda som virre har sydd sjølv! Akkurat i slike fargar som eg elskar!!

Eit søtt lite hjerte og to herlege små fuglar i tildastoff

Og denne flotte nålemappa her!! Trur Virre har skjønt at eg likar godt rosa...

Eg vart alldeles mållaus over alt det flotte eg fekk..og set så utruleg pris på slikt som er sydd for eg er ikkje noko god på symaskinen sjølv ;o) tusen millionar takk Virre - du er ein knupp!!!

Då gjenstår det å ynskje deg ei fin helg med masse kos,
og ei ekstra helsing til alle mammer der ute som feirer morsdag på søndag :o)

onsdag 6. februar 2008

maskemarkørar

Eg har teke fram perlene igjen og denne gongen var det maskemarkørar som vart laga. Desse pyntar opp strikketøyet, dersom du ynskjer det :o) Desse er laga av tjukk sen, glassperler og plastperler i ulike størrelsar. Trykk gjerne på bilda for å sjå dei i større format!


I ulike brunfargar :o)


i ulike rosafargar :o)

i turkise fargar :o)

I ulike raudfargar :o)

På ein bloggrunde kom eg over denne bloggen og vart utruleg imponert!! ta ein tur innom og finn ut kvifor ;o) eit lite hint er å sjå på profilen til vedkommande i tillegg til alt det flotte som vert laga.. JA..! han er MANN og strikkar dei finaste ting du kan tenke deg ..

måndag 4. februar 2008

tulipanar



Ein bukett med nydelege rosa tulipanar vart med meg heim frå butikken i dag :o)
fantastisk nydeleg farge på dei, syns eg. Håpar dei står vel og lenge og pyntar opp i stova mi!
Ynskjer deg ei fin,fin veke

søndag 3. februar 2008

Og vinnaren er....


Hurra for http://lene83.blogspot.com
Du vil få ei overrasking i posten ein av dei nermaste dagane!! Men fyrst må du sende adressa di til meg på mail: me-john2@online.no

Tusen takk for alle kommentarane! Det var overveldande at så mange ville vera med i trekkinga :o)

fredag 1. februar 2008

decopage og nesten 25.000 visningar :o)

Eg har pynta nokre hjerteboksar med decopage og blonder. tok bilde før limen var tørka så derfor ser serviettane ganske bølgete ut..
Desse boksane vart gjevne bort som venninnepresangar til jul. Eg fyllte dei med diverse snadder :o)
Ideen til å pynte slike boksar fekk eg hos den gode feen som ALLTID lagar så mykje lekkert!

Ellers nermar det seg 25.000 visningar på bloggen min, og i forbindelse med det vil eg gjerne sende ut ei overrasking. Det einaste du treng å gjere er å skrive ein kommentar til dette innlegget innan søndag kl 21.00 så er du automatisk med i trekkinga! Du treng ikkje ha eigen blogg for å delta :o)
God helg til deg og lykke til med konkurransen ;o)